François de Chevert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

François de Chevert (fødd 2. februar 1695 i Verdun, død 24. januar 1769) var ein fransk general.

Chevert gjekk inn i teneste i 1706 og vart ein major i regimenetet til Beauce i Toul i 1728 og i 1739 obsertløyntnant. Han utmerkte seg i Flandern, Piemonte og Tyskland og fekk for dette viktigare kommandørroller. Han leia omleiringa av Praha under den austerrikske arvefølgjekrigen med grenaderane sine i 1741 og forsvarte byen mot austerrikske troppar. Som brigadegeneral tok han del i operasjonane i Dauphiné og Italia, mellom anna slaget ved Casteldelfino, og vart maréchal-de-camp i 1744.

Under felttoget i Provence erobra han øya Sainte-Marguerite, som han vart forfremma til generalløyntnant for i 1748. Med denne tittelen kommanderte han ei flankestyrke til siger i Hastenbeck. Året etter kommanderte han ein annan flankestyrke i den franske sigeren i Lutterburg.

I løpet av den strålande karrieren, der han bana seg veg til dei høgaste gradane, ser det ut til at Chevert nesten utelukkande hadde suksess, bortsett frå eit lite tap i slaget ved Meer (or Mehr) i 1758, der ein større del av korpset hans bestod av umodne soldatar og militsar. Som major for eit regiment fekk han ordenen Chevalier de Saint-Louis i 1742. Han vart kommandør i 1754, og vart dekorert med Grand Croix i 1758 og gjort til riddar av Aigle Blanc de Pologne same året. Han døydde som guvernør i Givet og Charlemont.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]