Francis Gary Powers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Francis Gary Powers

Statsborgarskap USA
Fødd 17. august 1929
Jenkins
Død

1. august 1977 (47 år)
Encino

Yrke flygar, spion
Språk engelsk
Francis Gary Powers på Commons

Francis «Frank» Gary Powers (17. august 19291. august 1977) var ein amerikansk pilot som 1. mai 1960 vart skoten ned i sitt U-2-spionfly som var på tokt på vegner av CIA under eit oppdrag over Sovjetunionen.[1] Denne hendinga førte til den såkalte U2-saka.

Powers arbeidde seinare som helikopterpilot, og omkom ved eit kræsj etter eit oppdrag for fjernsynskanalen KNBC.[2]:251,289–290,324

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Powers blei utdanna pilot ved Turner flybase i Georgia på Republic F-84 Thunderjet, og tenestegjorde som kampflygar i Koreakrigen. Her blei han rekruttert til å arbeide for CIA på grunn av evna si til å flyga ein-motors jetfly.[3]

Den 1. oktober 1960 tok det amerikanske spionflyet U-2 av frå Peshawar i Pakistan, med Francis Gary Powers ved spakane. Planen var at det skulle fly over Sovjetunionen og deretter landa i Bodø.[4] Oppdraget gjekk ut på å fotografera interkontinentale missil under utplassering i området rundt Sverdlovsk og Plesetsk.

Powers blei skoten ned av eit S-75 Dvina-missil (SA-2 Guideline)[5] over Sverdlovsk. Totalt blei det sendt ut 14 slike missil.[6] Han blei fanga og teken til Lubjanka-fengselet i Moskva.[2]:61–63,67–71,76 USA prøvde å hevda at flyet hadde vore på eit vêroppdrag, men sidan det var nesten heilt intakt etter kræsjet hadde sovjetarane tilgang på utstyret det hadde hatt med. Powers blei avhøyrd av KGB i mange månader før han kom med ei tilståing og offentleg orasking for spionasje.[7]

19. august blei han dømd til ti år i fangenskap, tre av dei i fengsel og resten i ein arbeidsleir. Frå 9. september 1960 til 8. februar 1962 sat han i Vladimir sentralfengsel, rundt 24 mil aust for Moskva. Etter eit år og ni månader blei han lauslaten den 10. februar 1962, saman med Frederic Pryor, ein amerikansk økonomistudent anklaga for spionasje mot Aust-Tyskland, i ei fangeutveksling som hadde den sovjetiske KGB-obersten Rudolf Abel (Vilyam Genrikhovisj Fisher) på den andre sida.[8] Powers gav far sin æra for utvekslingsideen.[2]:237–240

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «CIA FOIA – Francis Gary Powers: U-2 Spy Pilot Shot Down by the Soviets». Foia.cia.gov. Arkivert frå originalen 31. august 31, 2012. Henta 31. august 2012. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Powers, Francis (2004). Operation Overflight: A Memoir of the U-2 Incident. Potomac Books, Inc. s. 3. ISBN 9781574884227. 
  3. Powers, Francis Gary; Curt Gentry (mai 1971). Operation Overflight. Hodder & Stoughton Ltd. ISBN 978-1574884227. 
  4. Norsk Luftfartsmuseum: Kald krig., arkivert frå originalen 26. november 2007, henta 21. november 2017 
  5. «S-75». Astronautix.com. Arkivert frå originalen 5. oktober 2012. Henta 31. august 2012. 
  6. Polmar, Norman (2001). Spyplane: The U-2 History Declassified. Zenith Press. s. 137 ISBN 0760309574
  7. «This Day in History – History.com – What Happened Today in History». History.com. Henta 31. august 2012. [daud lenkje]
  8. «Famous Cases: Rudolph Ivanovich Abel (Hollow Nickel Case)]». Federal Bureau of Investigation. Arkivert frå originalen 21. januar 2016.