Fredrik Karl av Hessen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frederik Karl av Hessen var i to månader i 1918 formelt sett konge av det aldri realiserte Kongeriket Finland, utan at han nokon gong sette beina sine på finsk jord. Han vart valt på grunn av svigerfamilien sin.

Fredrik Karl av Finland, (tysk: Friedrich Karl Ludwig Konstantin von Hessen-Kassel), (svensk: Fredrik Karl av Hessen), (finsk: Väinö I, Kaarle I eller Fredrik Kaarle), (1. mai 186828. mai 1940), var landgreve av Hessen-Kassel. Gjennom ekteskapet med Margaret av Preussen var han svoger med keisar Wilhelm II.

Konge av Finland[endre | endre wikiteksten]

Han vart i kjølvatnet av Den finske borgarkrigen valt til konge av Finland 9. oktober 1918, men måtte trekkje seg allereie 14. desember. På grunn av dei urolege tilhøva ved avslutninga av første verdskrigen tiltredde han aldri som finsk konge.

Det er ikkje avklart kva for eit namn han ville ha teke som finsk konge. I offisielle dokument finst namnet Väinö, medan han i dokument frå 1918 blir omtalt som Kaarle eller Fredrik Kaarle. I eit forslag om å oppta kjende finske landområde i tittelen til kongen stod det: «Kaarle I, Suomen ja Karjalan kuningas, Ahvenanmaan herttua, Lapinmaan suuriruhtinas, Kalevan ja Pohjolan isäntä». (Karl 1., Finlands og Karelens konge, Ålands hertug, Lapplands storfyrste, Kaleva og Bottenvikas herre).

Den finske riksdagen valde Fredrik Karl til konge den 9. oktober 1918. Dette valet var etter reglane i paragraf 38 i den svensk-finske grunnlova av 1772.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Anders Hulden: Finnlands deutsches Königsabenteuer 1918, Reinbek 1997. Utgiven av Deutsch-Finnische Gesellschaft e.V. på Traute Warnke Verlag - ISBN 3-9801591-9-1
  • Henrik Meinander: Finlands historia 4, 2 uppl., Schildts, Esbo 1999
  • Jiri Louda & Michael MacLagan: Lines of Succession - Heraldry of the Royal Families of Europe, Macdonald Illustrated, London 1981