Hertugdømet Warszawa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Księstwo Warszawskie (pl)
Herzogtum Warschau (ty)
Duché de Varsovie (fr)
Варшавское герцогство (ru)
Hertugdømet Warszawa
Klientstat
Flag of the Kingdom of Prussia (1803-1892).svg
 
Flag of Galicia and Lodomeria (1849-1890).svg
18071813 Merchant ensign of Vistula ships of Congress Poland.svg
 
Flag of Vienna.svg
 
Flag of Krakow.svg

Våpenskjoldet til Polen til Warszawa

Våpenskjoldet til Polen

Plasseringa til Warszawa
Kart over Hertugdømet Warszawa og Fristaten Danzig etter 1809.
Hovudstad Warszawa
Språk Polsk
Religion Romersk-katolsk
Styreform Monarki
Hertug av Warszawa Fredrik Augustus, konge av Sachsen
Historisk periode Napoleonskrigane
 - Oppretta 9. juni
 - Annekteringa av Galicia 14. oktober 1809
 - Kollaps Januar 1813
 - Wienerkongressen 9. juni 1815
Areal 155 000 km²
Innbyggjarar
 -  est. 4 300 000 
     Folketettleik 27,7 /km² 

Hertugdømet Warszawa (polsk Księstwo Warszawskie; fransk Duché de Varsovie; tysk Herzogtum Warschau; russisk Варшавское герцогство) var ein polsk stat som vart oppretta av Napoleon Bonaparte i 1807 frå dei polske landområda som vart avstått av Kongedømet Preussen etter Tilsit-traktatane. Hertugdømet vart halde i personalunion av ein av Napoleon sine allierte, kong Fredrik Augustus I av Sachsen. Etter Napoleon ikkje klarte å invadere Russland, vart hertugdømet okkupert av Preussen og Det russiske keisardømet fram til 1815, då det vart formelt delt mellom dei to landa ved Wienerkongressen.

Hertugdømet vert stundom kalla Storhertugdømet Warszawa.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Hertugdømet bestod i hovudsak av områda Napoleon hadde erobra frå Kongedømet Preussen under Den fjerde kolaisjonskrigen og det storpolske opprøret i 1806.

Byen Gdańsk (Danzig) fekk ein spesiell status, og vart gjort til ein fristad under delt polsk og fransk kontroll.

Etter ein krig mot Austerrike i 1809 vart òg delar av austerriksk Galicia erobra og innlemma i hertugdømet.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Hertugdømet Warszawa var formelt leia av Fredrik Augustus I av Sachsen, noko som gjorde at Hertugdømet og kongedømet Sachsen var i personalunion. Konstitusjonen gav òg mykje makt til Sejmane.

I praksis var Hertugdømet Warszawa ein fransk marionett. Den franske ambassadøren hadde alltid siste ordet i viktige saker, og hæren til hertugdømet stod under kontroll av den lojale bonapartisten Józef Poniatowski.

Oppløysninga av Hertugdømet[endre | endre wikiteksten]

Etter Napoleon sitt nederlag vart Hertugdømet oppløyst av Wienerkongressen og delt i tre. Det såkalla Storhertugdømmet Poznań vart overteke av Preussen, Kongress-Polen vart underlagt den russiske tsaren og Kraków vart gjort til ein fristad under Austerrike.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]