Fulmarus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fulmarus


Havhest (Fulmarus glacialis) Foto: M. Buschmann
Havhest (Fulmarus glacialis)
Foto: M. Buschmann

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Procellariiformes
Familie: Procellariidae
Slekt: Fulmarus
Artar
Vitskapleg namn
Fulmarus
Stephens & Shaw, 1826

Fulmarus er ei slekt av to nolevande sjøfuglartar i stormfuglfamilien Procellariidae og ein del av gruppa havhestar. Dei to nolevande artane er havhest, Fulmarus glacialis og sørhavhest, Fulmarus glacialoides med leveområde på den nordlege og den sørlege halvkula høvesvis. Ein kjenner dessutan to utdøydde artar i slekta.

Som medlemmer av Procellaridae og ordenen Procellariiformes deler dei visse trekk. Mest framtredande er dei ytre, samanvaksne røyrforma naseborene på oversida av nebbet. Nasekjertlane øvst på nebbet skil ut salt som fuglane får i seg med føda. Nebba er òg unike ved at dei er oppdelte i 7 til 9 hornplater. Endeleg produserer dei ei mageolje laga av voksester. Dette tener som vern mot predatorar, og er ei energirik kjelde til føde for ungane og for energitilskot under lange flygingar. Stoffet skader fjørdrakta til reirinntrengjarar, og kan føre til død.

Namnet Fulmarus kan kome av norrønt 'fugl' og 'már'= måse. Det refererer til mageolja.

Dei to havhestartane er nært i slekt og okkuperer same nisje, men på ulike hav. Arten havhest lever i Nord-Atlanteren og nordlege Stillehavet, medan arten sørhavhest lever på sørlege hav. Desse fuglane kan tilsynelatande sjå ut som måsar. Den nordlege arten er grå og kvit med eit gult nebb, kroppslengd på 43-52 cm og 102-112 cm i vengespenn. Den sørlege forma er ein litt større og bleikare fugl med mørke vengspissar, 45-50 cm lang og 115-120 cm i vengespenn.

Dei to utdøydde artane er skildra frå fossile beinfunn i California. Fulmarus miocaenus er frå mellom-miocen og Fulmarus hammeri frå sein miocen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger dels på «Fulmarus» frå Wikipedia på engelsk, den 18. september 2009, artikkelen gav føljande kjelder:
    • Aberdeen (2005), Fowlsheugh Ecology, Lumina Press
    • Bull, John; Farrand Jr., John (June 1993) [1977]. "Open Ocean". in Opper, Jane. The Audubon Society Field Guide to North American Birds. The Audubon Society Field Guide Series. Birds (Eastern Region) (First ed.). New York, NY: Alfred A. Knopf. p. 314. ISBN 0-394-41405-5.
    • Ehrlich, Paul R.; Dobkin, David, S.; Wheye, Darryl (1988). The Birders Handbook (First ed.). New York, NY: Simon & Schuster. p. 14. ISBN 0-671-65989-8.
    • Gotch, A. F. (1995) [1979]. "Albatrosses, Fulmars, Shearwaters, and Petrels". Latin Names Explained A Guide to the Scientific Classifications of Reptiles, Birds & Mammals. New York, NY: Facts on File. pp. 191—192. ISBN 0-8160-3377-3.
    • Harrison, P. (1983). Seabirds: an identification guide. Beckenham, U.K.: Croom Helm. ISBN 0-7470-1410-8.