Miocen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hendingar i kenozoikum
sjå • diskuter • endre
-65 —
-60 —
-55 —
-50 —
-45 —
-40 —
-35 —
-30 —
-25 —
-20 —
-15 —
-10 —
-5 —
0 —
Første isbrear på Antarktis[1]
Holocen starta for 11 500 år sidan.
Ein tilnærma tidsskala for hendingar i kenozoikum.
Skala: Millionar år sidan

Miocen er ein geologisk epoke i perioden neogen som strekkjer seg frå om lag 23,03 til 5,33 millionar år sidan. Som med andre geologiske periodar er berglaga som definerer starten og slutten på epoken veldefinerte, men dateringa er usikker. Miocen vart namngjeve av Sir Charles Lyell. Namnet kjem frå dei greske orda μείων (meion, tyder «mindre») og καινός (kainos, «ny») og tyder «mindre nyleg», fordi berre 18 % av moderne virvellause dyr i havet eksisterte. Miocen kjem etter oligocen og før pliocen. Miocen er den første epoken i neogen.

Jorda vart gradvis nedkjølt gjennom epoken. Grensene til miocen er ikkje alltid like enkle å identifisere, men epoken vert heller definert regionalt mellom den varmare oligocen og den kaldare pliocen.

Planter og dyr i miocen var forholdsvis moderne. Pattedyr og fuglar var godt etablerte, medan kvalar, selar og tang og tare spreidde seg.

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Miocen er vidare delt inn i følgjande aldrar frå yngst til eldst:

Messinium (7,246 – 5,332 millionar år sidan)
Tortonium (11,608 – 7,246 millionar år sidan)
Serravallium (13,65 – 11,608 millionar år sidan)
Langhium (15,97 – 13,65 millionar år sidan)
Burdigalium (20,43 – 15,97 millionar år sidan)
Aquitanium (23,03 – 20,43 millionar år sidan)

Desse inndelingane av miocen er definert etter kor mykje det fanst av forskjellige artar kalkhaldige nanofossile (kalsitt-blodplater frå brune eincella algar) og foraminifera (eincella protistar). To aldrar kvar vert stundom rekna som tidleg, mellom og sein miocen.

I Nord-Amerika, Japan, Australia og New Zealand.

Paleogeografi[endre | endre wikiteksten]

Kontinenta heldt fram mot sine noverande plasseringar, og var nesten på plass. Berre landbrua mellom Sør-Amerika og Nord-Amerika mangla i forhold til i dag. Sør-Amerika flytta seg mot den vestlege subduksjonssonen i Stillehavet og skapte både Andesfjella og ei sørleg forlenging av den mesoamerikanske halvøya.

Fjelldanning fann stad vest i Nord-Amerika og i Europa. Både kontinentale og marine avsettingar frå miocen er vanleg over heile verda med marine framskot nær dei moderne kystlinjene. Utstuderte kontinentale framskot finn ein på Great Plains i Nord-Amerika og i Argentina.

India heldt fram kollisjonsporsessen med Asia og danna fleire fjellkjeder. Tethyshavet heldt fram å krympe og forsvann då Afrika kolliderte med Eurasia i området ved Tyrkia og Arabia for mellom 19 og 12 millionar år sidan. Heving av fjella vest i Middelhavsområdet og eit globalt fall i havnivået, førte til at Middelhavet tørka heilt opp ein periode mot slutten av miocen. Denne hendinga vert kalla den messinske salinitetskrisa.

Den globale trenden var mindre nedbørmengder og auka tørke, hovudsakleg på grunn av at den globale nedkjøling førte til at det vart mindre fukt i atmosfæren. Heving av Aust-Afrika i sein miocen er delvis årsaka til at dei tropiske regnskogane minka i området og Australia vart tørrare etter kvart som det dreiv inn i eit område med lite nedbør i sein miocen.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Planteliv[endre | endre wikiteksten]

Grasslettene spreidde seg over store område, medan store skogområde forsvann på grunn av eit generelt kjøligare og tørrare klima. Grassartane vart òg langt meir mangfaldige og utvikla seg i takt med planteetarar og beitande dyr, som drøvtyggarar. For mellom 7 og 6 millionar år sidan spreidde graset seg raskt då det klarte å ta opp karbondioksid meir effektivt, men fekk òg større kiselinnhald. Dette førte til at store planteetarar døydde ut verda over.[3] Spreiinga av grasslettene og radiasjonar av planteetarar som hestar kan knytast til svingingar i CO2.[4]

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Både sjø- og landdyra var forholdsvis moderne, sjølv om det var færre sjøpattedyr enn i dag. Berre i isolerte Sør-Amerika og Australia fanst det dyreliv som var ganske annleis andre stader på jorda. Pattedyr vart òg meir moderne og ein finn både ulv, vaskebjørn, hest, bever, hjort, kamel og kval.

Ein kan òg kjenne igjen kråke, and, alkefugl, rype og ugle i miocen. Mot slutten av epoken meiner ein at nesten alle moderne fuglefamiliar hadde oppstått. Sjøfuglane var på sitt mest mangfaldige nokon gong gjennom denne epoken.

Brunalgar, kalla tang, spreidde seg raskt og medverka til nye dyreartar i sjøen, som oter, fisk og forskjellige virvellause dyr. Kvalane vart meir mangfaldige og nokre moderne slekter oppstod, som spermasettkval. Selar, som dukka opp mot slutten av oligocen, vart meir akvatiske.

Det fanst om lag 100 apeartar på denne tida. Dei okkuperte mykje av Den gamle verda og hadde forskjellig storleik, diett og anatomi. På grunn av få fossil er det uklårt kva ape eller aper som medverka til dei moderne menneskeapene, men molekylære bevis indikerer at desse apene levde for mellom 15 og 12 millionar år sidan.

I havet dukka dei moderne haiane opp på denne tida, inkludert den enorme megalodonen. Kvaldyr som delfin, kval og niser utvikla seg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Zachos, J.C., Kump, L.R. (2005) «Carbon cycle feedbacks og the initiation of Antarctic glaciation in the earliest Oligocen» – Global og Planetary Change, bind 47, nr. 1, s. 51-66.
  2. Krijgsman, W., Garcés, M.; Langereis, C.G.; Daams, R.; Van Dam, J.; Van Der Meulen, A.J.; Agustí, J.; Cabrera, L. (1996) «A new chronology for the middle to late Miocen continental record in Spain» – Earth og Planetary Science Letters, bind 142, nr. 3-4, s. 367-380.
  3. Stanley, Steven M. (1999) Earth system history, s. 525–526 – Freeman, New York. ISBN 0716728826.
  4. Kürschner, Wolfram M.; Kvacek, Zlatko; Dilcher, David L. (2008) «The impact of Miocene atmospheric carbon dioxide fluctuations on climate og the evolution of terrestrial ecosystems» – PNAS, bind 105, nr. 2, s. 449–453.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Miocen
Kenozoikum
Paleogen Neogen Kvartær
Neogen
Miocen Pliocen Pleistocen Holocen
Aquitanium | Burdigalium
Langhium | Serravallium
Tortonium | Messinium
Zancleum | Piacenzium
(Gelasium)
Gelasium | Tidleg
Midtre | Sein
Boreal | Atlantisk