Gömmaren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gömmaren
Gömmaren - Vestsiden av Gömmaren
Vestsiden av Gömmaren
Stad Huddinge kommun i Sverige
Vassdrag Tyresån-vassdraget
Utsig Fullerstaån (til Trehörningen)
Største lengde 1 km
Største breidde 0,51 km
Overflateareal 0,21 km²
Middeldjupne 3,1/5,6 m
Vassvolum 724 000 m³
Kystlengd1 ca. 4 km
Høgd over havet 46,1 moh
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Gömmaren er ein innsjø i Huddinge kommun i landskapet Södermanland i Sverige. Utløpa til innsjøen går vigd Fullerstaån til Trehörningen.

Innsjøen har rikeleg med fisk, og blant artane som finst her, er åbor, gjedde, mort og sørv. Regnbogaure, amerikansk bekkerøye og aure har vorte sett ut i innsjøen. For fiske i Gömmaren må ein ha eit eige fiskekort.

Det er òg sett ut signalkreps i innsjøen, etter at han opphavlege krepsebestanden vart ramma av krepsepest. Gömmaren inngår i Gömmarens naturreservat med 20 hektar av innsjøen har eit overflateareal på. Naturreservatet, som er på ca 700 hektar, strekkjer seg frå Gömmaren til Masmo, Kungens kurva og Segeltorp.

Gömmaren er særs populær på sommaren, på grunn av høve for soling og bading. Vatnet i innsjøen er klårt, med god sikt. Regnvatnet er den einaste vasskjelda til Gömmaren, med unntak av ein liten bekk som munnar ut ved sørvestbreidda av innsjøen. Nedbøren sig sakte gjennom den næringsfattige grunnen rundt innsjøen.

Gömmaren er kjeldesjø for Fullerstaån, og utgjer ein av dei ytste utpostane Tyresån-vassdraget, som munnar ut i Kalvfjärden i Austersjøen ved Tyresö slott, ein strekning på ca. 23 km i luftavstand.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gömmaren

Koordinatar: 59°15′08″N 17°55′11″E