Sørv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sørv


Sørv
Sørv

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Actinopterygii
Orden: Cypriniformes
Familie: Cyprinidae
Slekt: Scardinius
Art: S. erythrophthalmus
Vitskapleg namn
Scardinius eythrophthalmus
Sørv
Norske dialektnamn
Flossmort, planke, plunke, syrje, syrril, sørje
Namn på andre språk
Svensk Sarv
Engelsk Rudd
Tysk Rotfeder, Unechtes Rotauge, Rötel, Rotblei
Fransk Rotengle, gardon rouge
Spansk Gardí
Russisk Krasnopjorka (Краснопёрка), sorotsja (сороча)

Sørv (Scardinius eythrophthalmus) er ein liten, tilpassingsdyktig karpefisk vanleg i ferskvatn i store delar av Sentral-Europa. I Noreg finst han berre i låglandet i nokre vatn ved Oslofjorden.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Sørven er vanlegvis mellom 15 og 30 cm lang, men unnataksvis kan dei bli større. I gjennomsnitt veg dei 500 g, i Noreg er vekta dog sjeldan over 400. Skjela er blanke og munnen underbitt. Han er lett å forveksla med mort, men har færre mjuke finnestrålar i ryggfinna (8-9 mot morten sine 10-12).

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Sørven lever i sjøar, elver, våtmark, kanalar og dammar med særs lite straum i vatnet. Han toler ureining godt, og dukkar ofte opp i menneskeskapte dammar og kanalar lenger sør i Europa. Generelt sett likar han seg best i overflata på stilleståande vatn med mykje vegetasjon.

Føda består stort sett av insekt, små krepsdyr og plankton som han tek til seg i dei frie vassmassane. Særleg vaksne individ beitar òg ein del på vassplantar.

Gytetida er på forsommaren. Då sym sørven i store stimar i vegetasjonsbeltet tett inne med land, kor gytinga går føre seg på 10-90 cm djupn. Dei gjennomsiktige egga flyt i byrjinga fritt i vatnet men festar seg fort; oftast til vassplantar men òg stundom til beina på symjefuglar. Dette er ein måte arten spreier seg på.

Etter om lag to veker, avhengig av vasstemperaturen, klekkast egga. Yngelen lever først fastsitjande på plantar til dei har brukt opp plommesekken sin og tek til å eta dyreplankton. Etter eitt år er dei 7-9 cm lange og tek til å eta plantekost. Etter nokre veker som reint vegetariske er dei vaksne og vert aktive altetarar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

FishBase