Gene Simmons

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gene Simmons

Gene Simmons fødenamn Chaim Witz (fødd 25. august 1949) i Haifa, Israel) er bassist og vokalist i heavy metal-bandet Kiss.

Gene kom til USA i 1957 frå Israel, og bytte då namn til Eugene Klein.

Simmons skal etter eige utsagn ha nedlagt over 4000 kvinner. Han har hatt forhold med Diana Ross, Cher og Liv Ullmann. Han har fleire gongar kommentert at han aldri har hatt sex utanfor sitt langvarige forhold med den tidlegare Playboy-bunnyen Shannon Tweed. Han er for tida busett i ein gigantisk villa i Hollywood saman med Shannon og sine to barn Nick og Sophie.

Gene er og har alltid vore fråhaldsmann, og korkje røyker, drikk alkohol eller tar narkotika.

I nyare tid har me sett Gene Simmons i TV-serien Rock School, der han er musikklærar for ein skuleklasse på ein erke-engelsk skole, og lærar dei til å bli «rockarar». TV-serien kulminerer med at skuleklassen varmar opp for Motörhead med stor suksess. Den nyaste serien hans er Gene Simmons Family Jewels, eit virkelighetsdrama om musikaren, investoren og familiemannen Gene. Gene har sagt at Kiss vil arrangere «Kiss idol», fordi Kiss skal vare for «evig».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!