Georg Riedel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Georg Riedel

Fødd8. januar 1934
FødestadKarlovy Vary
Død25. februar 2024 (90 år)
DødsstadStockholms Maria Magdalena, Stockholm
OpphavSverige
Sjangerjazz
Instrumentkontrabass
PlateselskapGemini Records
Verka somjazzmusikar, komponist, filmmusikkomponist
PrisarLitteris et Artibus, Swedish Music Hall of Fame, Alice Tegnér-musikpriset, Gullspira
Georg Riedel

Georg Riedel (8. januar 193425. februar 2024) var ein svensk musikar og komponist med tsjekkoslovakisk opphav,[1] kjend som jazzmusikar og komponist for musikk til filmar og TV-seriar baserte på bøkene til Astrid Lindgren.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Riedel vart fødd i Karlovy Vary i Tsjekkoslovakia og kom som flyktning til Sverige saman med foreldra då han var fire år gamal. Han voks opp i Stockholm og studerte komposisjon og kontrabass ved Kungliga Musikhögskolan. Han fullførte aldri studia. Opphavleg byrja han å spele fiolin, men skifta til kontrabass då han oppdaga jazzen. I 1950-åra spela han mellom anna saman med Lars Gullin og Arne Domnérus i Nalen-bandet. Det var i denne perioden han byrja å komponere og arrangere sin eigen musikk, der han eksperimenterte med å blande dei ulike stilartane og gje musikken nye uttrykk.

På 1960-talet arbeidde han saman med den svenske jazzpianisten Jan Johansson og medverka som bassist på albuma Jazz på svenska og Jazz på ryska. Georg Riedel byrja òg å skrive musikk til ballettar på 1960-talet. 1 1967 skreiv han musikken til fjernsynsbaletten Riedaighlia. Denne vart løna med Prix Italia same året. Riedel har motteke fleire prisar og stipend.

Han har skrive musikk til Dizzy Gillespie og Clark Terry, og laga innspelingar i lag med mellom anna Stan Getz, Alice Babs, Monica Zetterlund og den svenske Radiojazzgruppen.

Etter at Jan Johansson døydde i 1968 tok Riedel over arbeidet hans med å komponere musikk til filmatiseringane av bøkene til Astrid Lindgren. Georg Riedel har òg sett musikk til barneviser av Lennart Hellsing og Barbro Lindgren, og han har skrive kjenningsmelodien til filmane om Alfons Åberg (Albert Åberg). Den mest kjende av barnemelodiane hans i Sverige er Idas sommarvisa, som har vorte ein klassikar.

Georg Riedel komponerte i 1978 Nursery rhymes til Filharmonins Brassensemble og Arne Domnérus Jazzgrupp. I 1981 vart hans Concerto burlesco framført av Arne Domnérus Septet, Norrköpings Symfoniorkester og han sjølv som solo saksofonist. Begge musikkstykka er døme på den frie bruken hans av ulike musikksjangrar.

Den musikalske breidda til Riedel spenner vidt. Utom jazzen, barnesongane, ballettane og musikk til over 50 filmar har kan skrive for kor og komponert kunstmusikk og kyrkjemusikk. Georg Riedel har òg tonesett dikt av mellom anna Karin Boye, Gunnar Ekelöf og Tomas Tranströmer og skrive musikk til opera og musikal.

I 2006 vart Georg Riedel portrettert i den svenske fjernsynsfilmen Georg Riedel och det svenskaste som finns.

Utvald filmmusikk[endre | endre wikiteksten]

Georg Riedel skreiv musikk til fleire filmar, mellom anna:

  • 1988 - Vid vägen
  • 1986 – Alla vi barn i Bullerbyn
  • 1981 - Tuppen
  • 1973 - Emil och griseknoen
  • 1973 - Smutsiga fingrar
  • 1970 - Pippi Långstrump på de sju haven
  • 1969 – Pippi Långstrump
  • 1967 – Roseanna
  • 1966 – Ormen
  • 1966 - Nattlek
  • 1966 – Yngsjömordet
  • 1965 - Nattmara
  • 1965 - Morianerna
  • 1964 – 491
  • 1964 - Wild West Story

Prisar og stipend[endre | endre wikiteksten]

  • 2005 - Lars Gullin priset for den livslange innsatsen som jazzbassist
  • 2005 - Alfvénpriset for arbeidet innan barnesongar
  • 1997 - Thore Ehrling-stipendet
  • 1997 - SKAP-stipendiet frå Föreningen Svenska Kompositörer Av Populärmusik
  • 1976 - SKAP-stipendiet frå Föreningen Svenska Kompositörer Av Populärmusik

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Georg Riedel». Nationalencyklopedin. Henta 10. mai 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]