George Anson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lord Anson

George Anson, 1. baron Anson (23. april 16976. juni 1762) var ein britisk admiral og ein rik aristokrat, kjend for å ha segla rundt jorda.

George Anson gjekk inn i marinen i februar 1712 og steig raskt i gradene. Han vart kommandant i 1722 og post-kaptein i 1724. I denne graden tente han to gonger i Nord-Amerika som kaptein på HMS «Scarborough» og HMS «Squirrel». I 1737 fekk han kommando over linjeskipet HMS «Centurion» med 60 kanonar. I 1740, i starten av den austerrikske arvefølgjekrigen vart han kommandant (med graden commodore) av ein skvadron som vart sendt for å ta spanske område i Sør-Amerika under krigen om øyra til Jenkins.

Ekspedisjonen i Sør-Amerika var lite vellukka og då han prøvde å runde Kapp Horn i dårleg vêr på vinterstid mista han fleire av skipa sine. Med redusert mannskap segla han så frå Peru og vestover til Macau i november 1742. Etter ei hard ferd over Stillehavet fekk han endeleg noko lukke då han tilfeldigvis trefte på ein Manila-gallion, skipet «Nuestra Señora de Covadonga» som hadde heile 1 313 843. Anson tok skatten tilbake til Macau, selde varene til kinesarane og vendte heim til England via Kapp det gode håp. Skatten gjorde han til ein rik mann resten av livet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]