Ghouta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 33°30′00″N 36°25′15″E
Ghouta
oase
none  Satellittbilete av Damaskus med Ghouta som ligg rundt.
Satellittbilete av Damaskus med Ghouta som ligg rundt.
Land Flag of Syria.svg Syria
koordinatar 33°30′00″N 36°25′15″E
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

Ghouta (arabisk غوطة دمشق, Ghūṭat Dimashq) er ei samling gardar i Rif Dimashq like aust for Damaskus i Syria.

Damaskus Ghouta er eit grønt jordbruksbelte som ligg sør og aust for byen Damaskus. Området skil byen frå dei grøne beitemarkene på grensa til Den syriske ørkenen. Det har gjeve innbyggjarane forskjellige typar korn, grønsaker og frukt i tusenvis av år. Området har vore busett sidan antikken og ei ukontrollert utvikling har gått føre seg gjennom dei føregåande tiåra. Det aukande behovet for mat under den raske folkeveksten i hovudstaden, urbanisering og industriutvikling, har auka trykket mot dette jordbrukslandet.

Det greøne beltet har vore eit populært fritidsområde for innbyggjarane i byen, særleg om våren.

Avlingar[endre | endre wikiteksten]

Plommer, poppel og valnøttre, og bomull i tillegg til mais, alfalfa, bygg og kveite.

Ressursar og farar[endre | endre wikiteksten]

Dette området har mange forskjellige miljøproblem, inkludert vassmangel og særs lite årleg nedbør. Det er så lite vatn i området at grunnvassnivået har auka dramatisk i store delar av Ghouta. Det er i tillegg stadig aukande forureining frå trafikken i Damaskus, industri, avfall og kloakk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]