Muskovitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Muskovitt
Muscovite-Albite-122887.jpg
Muskovitt med albitt frå Docedalen i Minas Gerais i Brasil (dimensjonar: 6×5.3×3.9 cm)
Generelt
Kategori Silikatmineral, fylosilikat
Kjemisk formel KAl2(AlSi3O10)(F,OH)2
Strunz-klassifisering 09.EC.15
Dana-klassifisering 71.02.02a.01
Krystallsymmetri 2/m – prismatisk
Einingscelle a = 5.199 Å, b = 9.027 Å, c = 20.106 Å, β = 95.78°; Z = 4
Identifikasjon
Farge Kvit, grå, sølvaktig
Krystallform Massiv til plateaktig
Krystallsystem Monoklin (2/m), Romgruppe C 2/m
Tvilling Vanleg på [310], mindre vanleg på {001}
Kløyv perfekt på {001}
Brot Glimmeraktig
Fastleik Elastisk
Mohs hardleiksskala 2–2.5 parallell til {001}
4 rettvinkla til {001}
Glans glasaktig, silkeaktig, perleaktig
Strekfarge Kvit
Transparens Gjennomsiktig til gjennomskineleg
Spesifikk vekt 2.76–3
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskapar Toaksa (-)
Brytingsindeks nα = 1.552–1.576
nβ = 1.582–1.615
nγ = 1.587–1.618
Dobbeltbryting δ = 0.035 – 0.042
Pleokroisme Svak når farga
Dispersjon (spreiing) r > v svak
Ultrafiolett fluorescens Ingen
Kjelder [1][2][3]
Muskovitt frå ein utvekst på ein pegmatitt, Patapsco River i Baltimore County, Maryland

Muskovitt, kaliglimmer eller lys glimmer KAl2(AlSi3O10)(F,OH)2, òg kalla kaliglimmer, er ein lys glimmer i glimmergruppa. Muskovitt blir òg kalla kråkesølv, fordi den er eit glinsande, halvvegs gjennomskineleg mineral som dannar blada, tette aggregat. Det er eit mykje utbreidd mineral, og blir utvunne frå pegmatittgangar, tidlegare òg i Noreg. Det blir òg framstilt kunstig. Det blir nytta som elektrisk isolasjonsmateriale.

Mohs hardheitskala er muskovitt 2–2.25 parallelt med [001]-planet, 4 perpendikulært på [001]-planet og ein spesifikk gravitet på 2.76–3. Det kan vere fargelaust eller ha eit skin av grått, brunt, grønt, gult, eller meir sjeldsynt fiolett eller raudt, og kan vere transparent eller translusent. Det er anisotropisk og har ei høg dobbeltbryting. Krystallsystemet er monoklinisk. Den grøne, krom-rike varianten går under namnet fuchsitt; maripositt er òg ein krom-riik type av muskovitt.

Muskovitt med beryl (var. morganitt) frå Paprok, Afghanistan (dimensjonar: 5.9×4.8×3.4 cm)

Muskovitt er det mest vanlege glimmeret. Ein finn det i granitt, pegmatitt, gneis og glimmerskifer, og som kontakt i metamorfiske bergartar eller som eit sekundærmineral som resultat av endring av topas, feltspat, kyanitt, osv. I pegmatitt opptrer det ofte som svære flak som har kommersiell verdi. Muskovitt er etterspurd som brannhemmande materiale og isolasjonsmateriale og i noko grad som smørjemiddel.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Namnet muskovitt kjem av engelsk og det latinske ordet Muskovia, som er eit eldre namn på storfyrstedømmet Moskva, der mineralet skal ha blitt nytta som vindaugsglas.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Muskovitt