Golfe du Lion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Golfe du Lion

Golfe du Lion (Løvebukta) er ei bukt i Middelhavet langs kysten av Languedoc-Roussillon og Provence i Frankrike. Ho strekkjer seg frå grensa mot Catalonia og Spania og vestover til Toulon.

Den største hamnebyen i bukta er Marseille. Toulon er ei anna viktig hamn. Fiskeindustrien i bukta er basert på lysing, som vert fiska med botntrål, liner og garn. Fortida har fiskebestanden minka på grunn av overfiske.

Av elvar som munnar ut i bukta finn ein Tech, Têt, Aude, Orb, Hérault, Vidourle og Rhône.

Kontinentalsokkelen er ei vid undervasslette ved kysten, men til havs stupar havbotn ned mot djuphavssletta i Middelhavet. Mykje av kystlinja består av lagunar og marskland.

Området er kjend for den kalde og sure katabatiske vinden kalla mistralvinden.

Geologar mistenker at det kan vere store oljeførekomstar i bukta.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]