Gower-halvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stranda Rhossili

Gowerhalvøya (walisisk Gŵyr) er ei halvøy på nordsida av Bristolkanalen og sørvestlege kysten i det historiske fylket Glamorgan i Wales. Til dagleg blir ho kalla 'Gower' og var den første staden i Storbritannia som fekk utmerkinga Særskild vent naturområde (Area of Outstanding Natural Beauty) i 1956. Gower er ein del av det gamle marcher lordship Gower, og er i dag ein del av byen og fylket Swansea.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Det ligg i sørvestlege Wales, omtrent 180 km² i utstrekking og er best kjent for kystlinja si som er populær hos fotgjengarar og entusiastar av utandørs fritidsliv, særleg surfarar. Gowerhalvøya har mange grotter, blant anna Paviland Cave og Minchin Hóle. Halvøya er knytt til elvemunningen Loughor nord for Swanseabukta i aust. Govers vene naturområde dekkjer dekker 188 km² inkludert det meste av halvøya vest for Crofty, Three Crosses, Upper Killay, Blackpill og Bishopston.[1] Det høgaste punktet på Gowerhalvøya er The Beacon ved Rhossili Down som strekkjer seg 193 meter over havet med utsyner over Rhossilibukta.[2]

Det indre av Gower består hovudsakleg av jorbruksland og allment landområde (common land). Folkesetnaden bur hovudsakleg i små landsbyar, skjønt forstadsutvikling har gjort fleire småsamfunn i den austlege delen av Gower til ein den delen av forstadane til Swansea. Den sørlege kysten av halvøya består av ei rekkje mindre berg- eller sandbelagte bukter som Langland og Three Cliffs, og nokre få større strendar som Port Eynon, Rhossili og Oxwich Bay. På nordsida av halvøya er det færre strender, og denne delen av kysten omfattar dei berømte sengene av hjarteskjel til landsbyen Penclawdd. Desse har vorte samla inn sidan romersk tid. Det er seks festningar på Gowerhalvøya, Bovehill Castle (òg kjent som Landimore Castle), Oystermouth Castle, Oxwich Castle, Pennard Castle, Penrice Castle og Weobley Castle.

Arkeologi[endre | endre wikiteksten]

Gower er heimstaden for menhir eller ståande steinar frå bronsealderen. Av ni steinar står enno åtte av dei. Ein av dei mest kjende er Arthurs stein i nærleiken av Cefn Bryn.

I grotta Paviland Cave i South Gower er eit menneskeleg skjelett (kalla «Den raude frua i Paviland», skjønt det er eigenleg av hankjønn) oppdaga av viktorianske arkeologar. Det er rundt 25 000 år gammalt.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Etter den normanniske invasjonen av Wales gjekk landområdet, commote (walisisk cwmwd), over på engelske hender, og den sørlege delen vart etterkvart bortimot heilt engelsk i språk og kultur. Rhys Gryg av Deheubarth gjenerobra halvøya i 1215, men i 1220 måtte han avstå området til dei engelske, tilsynelatande på ordrar frå overherren sin, Llywelyn ap Iorwerth. Etter det vart Gower hovudsakleg utanfor rekkjevidd for etterfølgjarane til Llywelyn som prins av Wales, skjønt halvøya fekk føle verknadane av Rhys ap Maredudd og opprøra hans i 1287-1288.

Inngåinga av unionen mellom England og Wales førde til at herreskapet Gower vart ein del av det historiske fylket Glamorgan, og ein sørvestlege seksjon vart eit herad av Swansea.

I moderne tid har Gowerhalvøya vorte administrert som eit jordbruksdistrikt av Glamorgan, som vart slått saman med boroughet Swansea i 1974 for å danne distriktet Swansea.[3] Sidan 1996 har Gower vore ein del av byen og fylka Swansea.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Jordbruk har blitt verande viktig for området, men turisme har fått ein stadig viktigare rolle for den lokale økonomien. Halvøya har meisterskapsstatus for golfbane ved Fairwood Park rett utanfor Fairwood Common, og har to gonger halde det walisiske PGA meisterskapen på 1990-talet. Samstundes har Gower Golf Club ved Three Crosses vore vert for West Wales Open, turneringa til ein-to dagar på Wales profesjonelle golftour, Dragon Tour. Gower er ein del av Swansea Travel to Work Area, det vil seie pendlingsomland, ein statistisk reiskap.[4]

I kulturen[endre | endre wikiteksten]

Landsbyen Mumbles var staden for dramaet Ennals Point i seks delar med den walisiske skodespelaren Philip Madoc. Serien fokuserte på det lokalet livbåtmannskapet og vart vist i Storbritannia i januar 1982. Kunstnaren Gee Vaucher og musikaren Huw Warren laga filmen Gower Boy som hadde debut på den 14. Raindance Film Festival i oktober 2006, og skildra som ein «nennsom, tankefull utforsking av Gowerhlavøya i Wales». [5] Landsbyen Rhossili var scene i ein episode av Doctor Who, «New Earth», i 2006. I episoden kunne Worm's Head bli sett.

Landsbyer[endre | endre wikiteksten]

Landsbyen Rhossili

Landsbyane på Gower er:

Strender[endre | endre wikiteksten]

Dette er ei liste av dei større strendene. Strender av typen Blå flagg er markert med ei asteriks *:[6]

Burry Holms-stranda
  • Swansea Bay
  • Mumbles Beach
  • Bracelet Bay*
  • Limeslade
  • Rotherslade
  • Langland Bay*
  • Caswell Bay*
  • Brandy Cove
  • Pwlldu Bay
  • Foxhole Bay
  • Pobbles Bay
  • Three Cliffs Bay
  • Tor Bay
  • Oxwich Bay
  • Slade Bay
  • Horton Bay
  • Port Eynon Bay*
  • Mewslade Bay
  • Fall Bay
  • Rhossili Bay (Llangennith Sands)
  • Burry Holms
  • Blue Pool Bay
  • Broughton Bay
  • Whiteford Sands

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Generell informasjon
Turisme