Grøftesoleie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Grøftesoleie


RanunculusFlammula4.jpg

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Ranunculales
Familie: Ranunculaceae
Slekt: Ranunculus
Art: R. flammula
Vitskapleg namn
Ranunculus flammula

Grøftesoleie er ei plante i soleiefamilien. Ho er utbreidd i Europa og Asia. Planta er kring 2 dm høg, og er snau med einskilde hår. Grøftesoleia har knebøygd stengel og smalt avlange blad, dei nedre blada er litt tagga. Planta har langskafta gule blomstrar som er 1-2 cm breie. Ho får ei nøtt med kort rett nebb. Grøftesoleier blømer kring juli i grøfter og andre våte stader. Planta finst i Noreg nord til Lofoten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.