Grankrossnebb
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Grankorsnebb)
| Grankrossnebb | ||
| Systematikk | ||
| Klasse: | Fuglar | |
| Orden: | Passeriformes | |
| Familie: | Finkefamilien | |
| Vitskapleg namn | ||
| Loxia curvirostra | ||
Grankrossnebb (grankorsnebb) er fuglar i finkefamilien (Fringillidae). Han er ein flyttfugl.
Grankorsnebben er 16 cm og har eit vengjespenn på 27-30 cm. Han er ein stor, tettbygd fink med eit tjukt, kryssa nebb.
Dei mørkebrune vengene og stjerten og den fargerike overgumpen er tydelege i flukt. Hannen er raud, med rosa-raud overgump; hoa er grågrøn med gulgrøn overgump.
Grankorsnebben lokkar med ein høg, metallisk, stakkato glipp-glipp-glipp. Han liknar på skottekorsnebben (i Skottland) og furukorsnebben (Fennoskandia).
Føda er mest granfrø. Grankorsnebben legg oftast egg i februar—mars. Han er vanleg over heile Noreg viss frøsettinga er god.