Green Harbour

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Green Harbour var frå omkring 1905 ein stasjon for de norske kvalfangstskutene ved Finneset i GrønfjordenSvalbard. I 1908 blei det fyrste brevhuset på Svalbard opna der. Det blei brukt norske frimerke og norske portosatsar «idet Green Harbour i postal henseende ansees som en norsk station».

Mens posten til og med 1911 bare med ujamne mellomrom blei sendt mellom Noreg og Spitsbergen, kom det i stand fast postforbindelse mellom Tromsø og Green Harbour i 1912 med motorkutteren M/S «Pelikanen». Fram til 1918 blei også posten tatt med av ei rekke kvalfangstskip. Fra 1918 skal dampskipet «May» ha bringa post annankvar veke i seglingssesongen.

I 1911 bevilga Stortinget 300 000 kroner til oppbygging av Spitsbergen Radio, og allereie 22. november 1911 var telegrafstasjonen i Green Harbour operativ for heilårsdrift. Telegrafstasjonen var den aller fyrste i arktiske område. Den korresponderande stasjonen på fastlandet var Ingøy radioIngøya i Finnmark. Spitsbergen radio dekka heile Ishavet, og danna knutepunktet for all kommunikasjon mellom Arktis og resten av verda. Etableringa var en viktig forutsetnad for at Noreg seinare kunne bli tilkjent suverenitet over Svalbard.

Da Svalbardtraktaten blei iverksett 14. august 1925, skifta Postvesenet namn på alle poststadene på Svalbard. Advent Bay blei døpt om til Longyearbyen, Kings Bay blei til Ny-Ålesund, og Green Harbour blei til Ankershamn. Den nyansette sysselmannens kontor blei plassert i Ankershamn.

Forsøk på kolgruvedrift frå 1911 blei raskt oppgitt. Det finst restar av taubanefundamenta.

Den fyrste boringa etter gass på Svalbard blei gjennomført av engelske «Northern Petroleum Syndicate» i Green Harbour 1920. Problemet var at dei bora på feltet til Store Norske Spitsbergen Kulkompani og dei måtte forlate staden.

Stasjonen blei vedtatt nedlagt i 1929, og året etter flytta både sysselmannen og telegrafstasjonen til Longyearbyen som blei det nye administrative senteret for traktatlandet.

Masta til det opprinnelege anlegget står fortsett, og er et freda kulturminne.

Koordinatar: 78°02′40″N 014°15′00″E

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk