Svalbardtraktaten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Svalbardtraktaten sitt verkeområde

Svalbardtraktaten er ein traktat inngått 9. februar 1920 i Paris mellom fleire land om øygruppa Svalbard. Avtalen gjev Noreg suverenitet over Svalbard: Spitsbergen og øyane omkring, Bjørnøya og Hopen.

Utanom Noreg var signatarstatane USA, Storbritannia og Irland og Det britiske samvelde, Danmark, Frankrike, Italia, Japan, Nederland og Sverige. I dag har 39 land skrive under traktaten.

Traktaten tek sikte på å trygge utviklinga på Svalbard og ei fredelege utnytting av naturressursane der. Norsk suverenitet, er avgrensa på ein slik måte at alle statane som har underteikna Svalbardtraktaten har rett til å drive næringsverksemd, jakt og fiske på øyane og i territorialfarvatnet. I tillegg kan ikkje norsk skattelegging vere høgare enn det det kostar å administrere øygruppa. Frå norsk side har det vore hevda at traktaten ikkje gjeld på kontinentalsokkelen og i den økonomiske sona rundt Svalbard og at norsk suverenitet er uavgrensa her. Noreg har fått liten aksept for dette synspunktet internasjonalt, men ingen land har ført Noreg inn for ein internasjonal domstol om saka. Frå norsk side blir det hevda at norsk suverenitet gjeld uavgrensa der det ikkje er sett konkrete sperrar mot dette i traktaten og at internasjonal rett har utvikla seg mot at kyststaten skal få større suverenitet og kontroll over hava og at det ville vere urimeleg om ikkje same utviklinga skulle gjelde på Svalbard. Noreg har valt å ikkje setje desse spørsmåla på spissen. Noreg har ikkje oppretta ei vanleg økonomisk sone rundt Svalbard, men heller valt ei ikkje-diskriminerande fiskevernsone. I denne sona blir fiskerireglane handheva utan sideblikk til nasjonalitet.

Eventuelle konfliktar i sona går i hovudsak mellom Noreg og Russland, men også Island, Grønland, USA og EU har interesser. Russland har i praksis akseptert norsk forvaltning av fiskerireglane i sona, men Noreg har vore svært forsiktig i sine inspeksjonar av russiske skip i sona. Med få unnatak arresterer ikkje norsk kystvakt utanlandske fartøy i vernesona, men nøyer seg med å gje åtvaringar.

I nyare tid er det nokre heilt få unnatak frå dette. I 1994 arresterte den norske kystvakta ein islandsk-ått trålar som var registrert under flagget til Belize. Grunnen til arrestasjonen var at Belize ikkje har kvote i Barentshavet og heller ingen historiske rettar. I 1998 vart ein russisk trålar kverrsett for ikkje å ha akseptert forbod mot fiske i eit område med for stor innblanding av småfisk. Trålaren vart slept fri av kystvakta etter diplomatiske samtalar på høgt nivå. Også i 2001 arresterte kystvakta ein russisk trålar. Dette førte til brot i fiskerirelasjonane mellom Noreg og Russland. Etter 2001 har det ikkje vore liknande situasjonar i vernesona før trålaren Elektron vart forsøkt arrestert og stakk av frå kystvakta med to norske fiskeriinspektørar om bord.

I framtida kan det bli konfliktar om retten til kontinentalsokkelen. Noreg meiner i utgangspunktet at Svalbard ikkje har ein eigen kontinetalsokkel, men at sokkelen rundt Svalbard er eit framhald av den norske sokkelen og dermed uomtvista norsk. Dersom dette synet ikkje vinn fram blir det ein diskusjon om Svalbardtraktaten gjeld på kontinentalsokkelen rundt Svalbard. Dette er ikkje endeleg avklåra, og det er dermed uklårt kva som skjer om nokon skulle finne på å bore etter olje i dette området dersom Noreg ikkje ønskjer det, og kva skattereglar som eventuelt vil gjelde.

Svalbard er avmilitarisert sone. På 1950-talet erklærte den norske regjeringa Svalbard som nøytralt område, med den avgrensinga at NATO vart gjeven rett til å gripe inn dersom nøytraliteten skulle bli krenkt på nokon måte.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Ulfstein, Geir: The Svalbard Treaty: From Terra Nullius to Norwegian Sovereignty (doktoravhandling, 1995) ISBN 82-00-22713-8

Traktatregisteret åt Utanriksdepartementet: Traktat mellem Norge, Amerikas Forente Stater, Danmark, Frankrike, Italia, Japan, Nederlandene, Storbritannia og Irland og de britiske oversjøiske besiddelser og Sverige angående Spitsbergen