Eurovision Song Contest 1986

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eurovision Song Contest 1986
Dato
Vertskap
Stad
Grieghallen
Flagget til Noreg Bergen i Noreg
Programleiar(ar)
Åse Kleveland
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Debuterte
Flag of Iceland.svg Island
Attende
Flag of SFR Yugoslavia.svg Jugoslavia
Flag of the Netherlands.svg Nederland
Trekte seg
Flag of Greece.svg Hellas
Flag of Italy.svg Italia
Kart
Røysting
Vinnar
Flagget til Belgia «J'aime la vie»
Eurovision Song Contest
1985 Wiki Eurovision Heart (Infobox).svg 1987
██ Land som deltok i konkurransen██ Land som ikkje deltok i konkurransen

Eurovision Song Contest 1986 (ESC 1986) var den 31. gongen Eurovision Song Contest blei arrangert. Konkurransen blei halden i Grieghallen i Bergen i Noreg. Finalen fann stad laurdag 3. mai. Belgia vann konkurransen med songen «J'aime la vie», framført på fransk av Sandra Kim. Dette var første gong Belgia vann, og første gongen Noreg var vert for konkurransen. Noreg sitt bidrag, «Romeo» av Ketil Stokkan, kom på 12. plass.

Førestillinga[endre | endre wikiteksten]

Åse Kleveland var programleiar, og opna med den fleirspråklege songen «Welcome to Music».

Eit av pauseinnslaga blei framført av Sissel Kyrkjebø og Steinar Ofsdal saman med Kringkastingsorkesteret (KORK) og barnekor. Dei framførte fleire norske songer på ulike stader i Bergen, med bergenssongen «Udsikter fra Ulriken» («Nystemte'n») som avslutting. Ofsdal spelte på fleire norske instrument som hardingfele, trekkspel og fløyte. Førestillinga lanserte Kyrkjebø som internasjonal artist.

Hendingar knytt til førestillinga[endre | endre wikiteksten]

Sandra Kim som berre var 13 år då ho vann for Belgia, medan hovudfiguren i songen seier at ho er 15 år. Dei dåverande reglane fastslo at alle deltakarar måtte vere minst 16 år. Etter konkurransen kom det fram at ho berre var 13 år og Sveits, som kom på 2. plass, kravde at ho blei diskvalifisert, men dette blei ikkje følgd opp. Kim er dermed den yngste vinnaren av konkurransen nokon sinne.

Dette var den første Eurovision-konkurransen der kongelege var publikum, då både kronprins Harald, kronprinsesse Sonja og barna deira deltok.

Før sendinga blei det dramatikk utanfor Grieghallen. Ei 47 år gamal velkledd kvinne angreip kronprinsesse Sonja på veg inn. Kvinna tømde ei brusflaske som inneheldt ein blanding av vatn, olje og pepar over hovudet på kronprinsessa. Sonja tok opptrinnet med fatning, og sminkørane til NRK fekk raskt fjerna griseriet.

Ei hending i samband med arrangementet var at Sandra Kim med ei rekkje pressefolk tok turen med Fløibanen, men ikkje kom lengre enn til den nest-siste stoppestaden før Fløien grunna eit tryggingsproblem. Vogna seig eit par meter bakover før passasjerane måtte klatra ut av vogna, og ein av dei var Sandra Kim, som song seg til topps i arrangementet seinare på dagen i Grieghallen. Det skjedde ingenting alvorleg med uhellet, men det hamna i mange norske aviser neste dag. Uhellet førte også til ekstrainnslag i programmet.

Førstedeltaking og forfall[endre | endre wikiteksten]

Island deltok i Eurovision for første gong dette året, etter at RÚV hadde fått satellittsamband med resten av Europa.

Hellas valde å ikkje delta då arrangementet fall på deira påskeaftan. Den italienske kringkastaren RAI hadde også vald å ikkje delta det året.

Bidrag[endre | endre wikiteksten]

Nr. Land Artist Song Språk Plass Poeng
1. Flag of Luxembourg.svg Luxembourg Sherisse Laurence «L'amour de ma vie» Fransk 3 117
2. Flag of SFR Yugoslavia.svg Jugoslavia Doris Dragović «Željo moja» Serbo-kroatisk 11 49
3. Flag of France.svg Frankrike Cocktail Chic «Européennes» Fransk 17 13
4. Flag of Norway.svg Noreg Ketil Stokkan «Romeo» Norsk 12 44
5. Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia Ryder «Runner In The Night» Engelsk 7 72
6. Flag of Iceland.svg Island ICY «Gleðibankinn» Islandsk 16 19
7. Flag of the Netherlands.svg Nederland Frizzle Sizzle «Alles heeft ritme» Nederlandsk 13 40
8. Flag of Turkey.svg Tyrkia Klips ve Onlar «Halley» Tyrkisk 9 53
9. Flag of Spain.svg Spania Cadillac «Valentino» Spansk 10 51
10. Flag of Switzerland.svg Sveits Daniela Simmons «Pas pour moi» Fransk 2 140
11. Flag of Israel.svg Israel Moti Giladi & Sarai Tzuriel «יבוא יום» («Yavo Yom») Hebraisk 19 7
12. Flag of Ireland.svg Irland Luv Bug «You Can Count On Me» Engelsk 4 96
13. Flag of Belgium (civil).svg Belgia Sandra Kim «J'aime la vie» Fransk 1 176
14. Flag of Germany.svg Vest-Tyskland Ingrid Peters «Über die Brücke geh'n» Tysk 8 62
15. Flag of Cyprus.svg Republikken Kypros Elpida «Τώρα ζω» («Tora Zo») Gresk 20 4
16. Flag of Austria.svg Austerrike Timna Brauer «Die Zeit ist einsam» Tysk 18 12
17. Flag of Sweden.svg Sverige Lasse Holm & Monica Törnell «E' de' det här du kallar kärlek?» Svensk 5 78
18. Flag of Denmark.svg Danmark Lise Haavik «Du er fuld af løgn» Dansk 6 77
19. Flag of Finland.svg Finland Kari Kuivalainen «Never The End» Finsk 15 22
20. Flag of Portugal.svg Portugal Dora «Não sejas mau para mim» Portugisisk 14 28

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!