Gustav VI Adolf av Sverige

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gustav VI Adolf
Gustaf VI Adolf av Sverige som kronprins.jpg
Gustav Adolf som kronprins.]]
Konge av Sverige
Regjeringstid 29. oktober 1950-15. september 1973
Fullt namn Oskar Fredrik Wilhelm Olaf Gustav Adolf
Fødd 11. november 1882
Død 15. september 1973 i Helsingborg
Føregjengar Gustav V av Sverige
Gift med  
Motto "Plikten framför allt"
Born Med Margaret av Connaught:
  1. Prins Gustaf Adolf, Hertug av Västerbotten (1906-1947)
  2. Prins Sigvard, Bernadotte (1907-2002)
  3. Prinsesse Ingrid, seinare dronning av Danmark (1910-2000). Gift med kong Fredrik IX av Danmark
  4. Prins Bertil, hertug av Halland (1912-1997) gift med Lilian Craig
  5. Prins Carl Johan Bernadotte (1916-)

Gustav VI Adolf av Sverige (11. november 188215. september 1973) var eldste son av kong Gustav V og dronning Victoria. Han høyrde til fyrstehuset Bernadotte. Før Gustav Adolf vart konge, hadde han tittelen hertug av Skåne.

Oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Arveprinsen blei døypt i Stockholms slott den 25. november, i vatn henta frå Jordan-elva i Palestina. I barndommen var han mange somrar på slottet Mainau i Bodensjøen, der morforeldrene hans heldt til. Farmora, dronning Sofia, inviterte òg gjerne han og brørne til Ulriksdals slott i Stockholms län.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

For vårterminen 1902 blei Gustav Adolf innskriven ved Uppsala universitet, der han studerte statsvitskap, økonomi, historie og arkeologi. Det sistnemnde faget hadde han ei livslang interesse for. Han var med på si første utgraving som sekstenåring, ved Tullgarn slott i Södermanland, og drog seinare på fleire utgravingsekspedisjonar til Italia. Ei anna interesse var kinesisk kunst.

I tillegg til svensk snakka Gustav Adolf engelsk, fransk og tysk flytande, og kunne dessutan lesa italiensk og noko latin.

Kronrins Gustav Adolf med familien sin.

Ekteskap[endre | endre wikiteksten]

Gustav Adolf trefte den engelske prinsessa Margaret av Storbritannia, sonedotter til dronning Victoria av Storbritannia, under ein bankett i Kairo i januar 1905. Han skulle eigentleg hatt den yngre søstera hennar Patricia til bords, men etter at han møtte Margaret veik han ikkje frå hennar side. Dei to trulova seg etter fire veker saman i Kairo og gifta seg den 15. juni same året. Av Oscar II fekk dei Sofiero slott i bryllaupsgåve. Dei fekk fem barn saman. Kronprinsesse Margaret døydde den 1. mai 1920 etter å ha sjukna til ei tid.

Under ei reise til England i 1923 trefte kronprinsen Louise Mountbatten, som skulle bli den andre kona hans. Dette var i tråd med ønsket og spådommen til far hennar, markien av Milford Haven, som var gått bort i 1921, men før det hadde sagt at «det finst berre eit menneske i heile verda som kunne passa Louise, og det er Gustaf Adolf av Sverige. Og den einaste som kan passa Gustaf Adolf er Louise!» Trulovinga mellom dei to blei erklært den 1. juli, og 3. november 1923 gifta dei seg med kvarandre. Dette ekteskapet gav ingen barn.

Regjeringstid[endre | endre wikiteksten]

Den 29. oktober 1950 etterfylgde Gustav VI Adolf faren som konge av Sverige. Han var den første svenske monarken etter fridomstida som ikkje hadde noko politisk makt. Som konge hadde han likevel ei sterk stilling, og trass sterke krav frå venstresida ved byrjinga av 1970-talet om å avskaffa monarkiet gjekk ikkje gjennom Riksdagen.

I august 1973 blei kongen sjuk med blødande magesår, og ein operasjon mot dette var ikkje vellukka. Han sovna stille inn den 15. septemberHelsingborg lasarett. Omverda var mindre stille; fire dagar tidlegare hadde det vore militærkupp i Chile, og dagen etter føregjekk det svenske riksdagsvalet.

Sonesonen Karl XVI Gustav av Sverige etterfylgde Gustav VI Adolf som konge. Sonen, arveprins Gustaf Adolf, hadde omkome i ei flyulukke i 1947.