Høgland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Høgland er eit omgrep som vert nytta om fjellkledde regionar eller høgtliggande fjellplatå.

Mange land har område som offisielt eller uoffislet vert omtalt som høgland. I Skottland finn ein Dei skotske høglanda, men òg i delar av Spania, Nigeria, Etiopia, Papua Ny-Guinea, Syria og Nova Scotia (latinsk for Nye Skottland på grunn av likskapen til landet) i Canada.

Høgland vert òg stundom nytta for å skildre eit særskild fjellklima. Høglandssonen ligg relativt lågt og har ofte tjukt kratt som lyng, grass, lauvtre og buskar. Jordsmonnet har vanlegvis god tilførsel på vatn. Ei alpin sone er derimot tørrare, har færre tre (som vanlegvis er bartre) og kratt med tynnare gras og mindre blomar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]