Universitetet i Agder
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Universitetet i Agder | |
| Grunnlagt | 2007 |
|---|---|
| Type | Offentleg universitet |
| Rektor | Torunn Lauvdal |
| Stad | Kristiansand, Grimstad og Arendal |
| Studentar | 8500 |
| Tilsette | 900 |
| Nettstad | www.uia.no |
Universitetet i Agder vart stifta som Høgskolen i Agder (HiA) 1. august 1994 og har i dag omkring 8000 studentar og 840 tilsette. Han vart danna i 1994 etter at seks høgskolar i Kristiansand, Grimstad og Arendal vart slått saman. Høgskolen fekk universitetsstatus 1. september 2007 og vart dermed det sjuande universitetet i Noreg.
Universitetet tilbyr eit breitt spekter av både fag- og profesjonsstudium innan økonomi og leiing, teknologi- og ingeniørfag, humanistiske fag, matematikk, sjukepleie, pedagogikk, musikk, kunstfag og meir.
Universitetet i Agder er delt inn i 5 fakultet, samt ei eiga avdelinga for lærarutdanning:
- Fakultet for helse- og idrettsfag
- Fakultet for humaniora og pedagogikk
- Fakultet for kunstfag
- Fakultet for teknologi og realfag
- Fakultet for økonomi og samfunnsfag
- Avdeling for lærarutdanning