Universitetet i Stavanger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Universitetet i Stavanger
UiS-Inngang skilt.jpg

Inngangen ved UiS

grunnlagt=2005
Type Offentleg universitet
Rektor Aslaug Mikkelsen
Stad Stavanger
Studentar 8000 (2005)
Tilsette 910 (2005)
Medlemskap EUA
Nettstad www.uis.no

Universitetet i Stavanger blei til 1. januar 2005. Den nye statusen til Høgskolen i Stavanger (HiS) kom etter førti års venting og mykje hardt arbeid frå høgskolen si side. Universitet ligg stort sett på Ullandhaug i Stavanger, nær kommunegrensene til Sola og Sandnes. Universitetet er organisert i tre fakultet: Det humanistiske fakultetet, Det samfunnsvitskaplege fakultetet og Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet.

Noverande rektor ved universitetet er Aslaug Mikkelsen (2007).

Historisk bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Det var på 1960-talet, med store studentkull for døra og stor oppbyggingslyst i landet, at ein først byrja å tala om ein høgare utdanningsinstitusjon i Stavanger. Stavanger Akademi, vitskapslaget i byen, drøfta først tanken på eit møte i 1960. I 1962 bad så kommunal- og arbeidsministeren og stavangermannen Andreas Cappelen ordføraren i byen om å setja universitet på dagsordenen. Det vart funnen tomt og pengestøtte, men då Stortinget gjorde vedtak om nytt universitet i 1963 var det Tromsø som fekk den nye institusjonen. Rogaland vart i staden oppmoda til å oppretta ein distriktshøgskole.

Rogaland Distriktshøgskole (RDH) vart opna på Ullandhaug i 1969, med Kjølv Egeland som den første direktøren. Etter nokre år flytta Lærarskolen og Norsk Hotellfagskole inn på området og blei del av skolen.

I 1971 oppretta RDH eit ingeniørstudium for petroleumsteknologi. Dette kan ha hjelpt til å få Statoil og Oljedirektoratet til Stavanger, og bidrog utan tvil til å utvikla oljemiljøet i byen. RDH utvida så med fleire humanistiske fag, og i 1975 hadde skolen 600 elevar. I 1985 fekk RDH sivilingeniørutdanning.

Høgskolesenteret i Rogaland (HSR) vart oppretta i 1986 ved samanslåing av RDH og Stavanger Ingeniørhøgskole. Røde Kors Sykepleierskole og Stavanger Sanitetsforenings Sykepleierskole fusjonerte til Stavanger Sykepleierhøgskole i 1988, som seinare fusjonerte med Sosialhøgskolen i Stavanger til ei stor Avdeling for helse- og sosialfag.

I 1998 sa Hernesutvalet nei til fleire norske universitet, men opna for fusjonar for å laga større utdanningsinstitusjonar. Høgskolen i Stavanger (HiS) vart formelt etablert 1. august 1994 då seks statlege og ein privat høgskule i Stavanger fusjonerte til ein institusjon.

I tillegg til undervising dreiv institusjonen òg med forsking. Kompetansen vart bygd opp til han hadde sin første doktorgradsdisputas, i samarbeid med Universitetet i Aalborg, i 1991.

I 2000 vedtok HiS ein strategi med mål om å bli universitet innan fire år. Mjøsutvalet, som sat frå 1997 til 2000, laga klare retningsliner for universitet som mellom anna sa at dei måtte kunne dela ut fire doktorgrader. Høgskolen kunne allereie gje dette i petroleumsteknologi og offshoreteknologi, og sette i gang med å skaffa seg godkjenning for to til. I juni 2003 fekk dei rett til å dela ut doktorgrad i spesialpedagogikk og risikostyring/samfunnsikkerheit. Same månaden sende dei inn søknad om å bli universitet.

I august 2004 året godkjende Nokut, Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen, søknaden, og i oktober skjedde den formelle godkjenninga av Kongen i statsråd. 29. oktober 2004 haldt statsminister Kjell Magne Bondevik og utdanningsminister Kristin Clemet pressekonferanse på Høgskolen i Stavanger der dei fortalde om vedtaket.

Universitetsbygget[endre | endre wikiteksten]

Glas og jern

Bygningane til institusjonen er komne til i rykk og napp. Den største byggjeperioden var dei fem åra fram til 1979, då distriktshøgskolen bygde 20 000 m2 med undervisingsbygg. I dag finn ein eksempel både på raude brakker og penare bygg i sement og glas.

Alle avdelingane held til ved universitetsområdet på Ullandhaug, bortsett frå Institutt for musikk og dans som er ved Kulturhuset i Bjergsted i Stavanger sentrum og Senter for atferdsforskning som ligg på Åsen i Stanger

Velgjerarar[endre | endre wikiteksten]

Utdanningsinstitusjonen på Ullandhaug har alltid hatt tett kontakt med samfunnet rundt seg. Han har samarbeida med næringslivet og med offentleg sektor, og har òg nytt godt av pengesterke velgjerarar. Skipsreiaren Sigval Bergesen d.y. har to gonger gjeve pengestøtte til prosjektet. Første gongen var i 1962, då han gav ein million kroner til bygging av nytt universitet, som seinare vart høgskule. I 1973 gav han seks millionar slik at Forskningsbiblioteket kunne byggjast.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Universitetet i Stavanger

Kjelder[endre | endre wikiteksten]