Hanne Bjurstrøm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hanne Bjurstrøm

Hanne Inger Bjurstrøm (fødd 20. september 1960) i Oslo) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho er frå 20. oktober 2009 utnemnd til statsråd i Jens Stoltenberg si andre regjering, og tiltrer som arbeidsminister den 21. desember 2009.

Bjurstrøm er utdanna jurist. Ho har vore dommar, konsernadvokat i Aker RGI og nestleiar i Arbeidsretten, og har også arbeidd i Europarådet, hos Regjeringsadvokaten og i Justisdepartementet. Ho kjem til arbeidsminister-stillinga frå ei stilling som spesialrådgjevar i Miljøverndepartementet og Noreg sin forhandlingsleiar i dei internasjonale klimaforhandlingane.[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]