Eva Kolstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eva Kolstad, 1957.

Eva Lundegaard Kolstad (6. mai 191826. mars 1999), fødd Hartvig, var ein norsk politikar og kvinnesaksforkjempar. Ho starta eiga revisjonsforretning i Oslo i 1944, og blei ei av dei første kvinnene i landet som fekk kalle seg statsautorisert revisor i 1946. Ho var den første kvinnelege partileiaren i Noreg då ho blei leiar for Venstre i 1974. Ho blei i 1978 også det første likestillingsombodet i verda.

Eva Kolstad leia Oslo Kvinnesaksforening (1950-1952 og 1954-1956), var leiar for Norsk Kvinnesaksforening (1956-1968), og medlem av FN sin kvinnekommisjon frå 1969.

Eva Kolstad sat i Oslo bystyre og formannskap i åra 1960-75.

18. oktober 1972-16. oktober 1973 var Eva Kolstad statsråd og sjef for Forbrukar- og administrasjonsdepartementet (forbrukar- og administrasjonsminister) i Regjeringa Korvald.

Ho var partileiar i Venstre 1974-76, leiar av arbeidsutvalet for Hovudkomiteen for FN sitt internasjonale kvinneår 1975 i Noreg og likestillingsombod 1979-88.

Eva Kolstad var kommandør av St. Olavs Orden, fekk St. Hallvardsmedaljen i 1986 og var æresmedlem i International Alliance of Women og i Unge Venstre.

Eva Kolstad sin svigerfar var tidlegare statsminister Peder Ludvik Kolstad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]