Hans Jensen Blom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Jensen Blom
Fødd19. mai 1812
Død13. april 1875 (62 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
FarJens Hansen Blom
Alle verv

Hans Jensen Blom, (19. mai 181213. april 1875), var ein norsk prest og stortingsmann frå Skien. Jens Hansen Blom var far hans.

Blom vart student frå Skiens skole i 1829, og cand. theol. seks år seinare. Han var i 2½ år lærar ved Stavanger skole, personellkapellan i Skudenes 1843. År 1848 vart han sokneprest i Tysvær, 1854 i Kinn og 1862 i Melhus. Til sist sokneprest i Fåberg 1871.

Blom representerte Stavanger amtStortinget 1848-54 og Nordre Bergenhus amt 1859-64. I 1848 var han medlem av næringskomite nr 1. Sidan var han odelstingspresident samt formann i næringskomite nr 1 1851 og -54, visesekretær i Stortinget og medlem av trykkekomiteen 1851. Han var på ny odelstingspresident 1859-64 og formann i næringskomite nr 1 1859-63. Dessutan var han 1859-64 medlem av valkomiteen og på omframstortinget 1864 formann i komiteen om senkinga av Øyeren. Blom var i 1860 medlem av Stortinget sin deputasjon til kongekroninga i Trondheim.

Han var i 1850 medlem av ein kommisjon om vårsildfisket, og om nyreising av by i Sunnfjord/Nordfjord.

Blom døydde på Fåberg i 1875.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914