Har Arbel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Har Arbel
fjell
Land  Israel
Distrikt Nordlege
Del av Nedre Galilea
Høgd 181 moh.
Primærfaktor 380 m
Koordinatar 32°49′26″N 35°30′25″E / 32.824°N 35.507°E / 32.824; 35.507
Kart
Har Arbel
32°49′26″N 35°30′25″E / 32.824°N 35.507°E / 32.824; 35.507
Wikimedia Commons: Mount Arbel

Har Arbel (hebraisk skrift הר ארבל) er eit fjell i Nedre Galilea nær Tiberias i Israel, med høge klipper og utsyn til Hermon i Golanhøgdene, spor av ei grottefestning og ruinar av ei gammal synagoge. Arbel ligg ovanfor Har Nitai og klippene vart skapt av Jordandalen.

Det ligg fire landsbyar i fjellet: Kfar Zeitim, Arbel, Kfar Hittim og Mitzpa. Toppen som ligg 181 meter over havet (380 meter over det kringliggande landskapet) dominerer landskapet og frå toppen kan ein sjå nesten heile Galilea til Golanhøgdene, inkludert Safed, Tiberias og det meste av Genesaretsjøen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Arbel synagoge

I nærleiken ligg ruinane av ein gammal jødisk busetnad med ei synagoge frå 300-talet og skoren ut i sjølve fjellet ligg fleire klippebustader. Desse klippebustadane er frå 1600-talet og vart bygde av drusarar. Det er dokumentert jødiske klippebusetnader datert attende til tida kring Det andre tempelet i området. Josefus skreiv om den romerske erobringa at somme av dei siste hashmoneiske opprørarane budde i klippene i Arbel.[1][2][3]

Naturreservat og nasjonalpark[endre | endre wikiteksten]

Området vart eit naturreservat i 1967, og dekkjer 1,400 kvadratkilometer.[4] Nasjonalpark (8,5 km²) omfattar det meste av Nahal Arbel, som byrjar nær Eilabun og munnar ut i Genesaretsjøen nær Migdal. Reservatet dekkjer området like kring klippa.[5]

Arbel er med klippveggen på 110 meter den einaste kjende staden i Israel der basehopping er godteke.[6]

Utsyn over Genesaretsjøen frå fjellet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Arbel». Bible Walks. Arkivert frå originalen 8. desember 2015. Henta 14 December 2015. 
  2. The Times of Israel article about the cliffs of Arbel (2013) [1]
  3. National Parks leaflet
  4. «Liste over nasjonalparkar og naturreservat» (PDF) (på hebraisk). Israel natur- og parktilsyn. Arkivert frå originalen (PDF) 7. oktober 2009. Henta 3. oktober 2014. 
  5. Nature and Parks Authority brochure (PDF) (på hebraisk), arkivert frå originalen (PDF) 27. september 2013, henta 3. oktober 2014 
  6. «Mount Arbel National Park». israel trip planner. Henta 14 December 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]