Hatfield and the North

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hatfield and the North
OpphavCanterbury, England
Aktiv1972–1975, 2005–2006
SjangerProgressiv rock, Canterbury scene, psykedelisk rock, eksperimentell rock
Tilknytte artistarCaravan, The Wilde Flowers, Soft Machine, National Health
Tidlegare medlemmerPhil Miller
Pip Pyle
Richard Sinclair
Steve Miller
Dave Sinclair
Dave Stewart

Hatfield and the North var eit eksperimentelt rockeband innan Canterbury scene som eksisterte frå oktober 1972 til juni 1975, med somme sameiningar etter det.[1]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

I midten av 1972 voks bandet fram frå tidlegare medlemmar rockebandet Delivery, Pip Pyle (trommer, som sidan hadde spelt med Gong), Phil Miller (gitar, som var med i Matching Mole), og broren til Phil, Steve Miller (Wurlitzer elektrisk piano, som hadde vore med i Caravan).[2] Roy Babbington på bass vart Richard Sinclair (som spelte med Steve Miller i Caravan).[1] Denne besetninga flytta seg bort frå blues-stilen til ddet tidlegare Deliver mot musikk med riff i uvanlege taktartar og lange melodiar slik det var vanleg i Canterbury-stilen.

Bandet spelte nokre konsertar mellom juli og september det året, og fekk den første platekontrakten sin med Virgin Records med 'Sinclair-syskenbarna'...då Steve Miller vart erstatta av Dave Sinclair (Hammondorgel, òg frå Matching Mole og Caravan), og bandet endra etter kort tid namnet til Hatfield and the North.[2]

Delivery kom saman for ei BBC-innspeling i november 1972 med Steve Miller, Phil Miller, Lol Coxhill, Roy Babbington (bass), Pip Pyle og Richard Sinclair på vokal.

Dave Sinclair slutta i januar 19173, kort tid etter bandet hadde spelt på det franske TV-programmet Rockenstock med Robert Wyatt på gjestevokal, og vart erstatta av Dave Stewart (frå Egg) før bandet gjorde den første innspelinga si.[1]

Bandet spelte inn to album, Hatfield and the North (1974) og The Rotters' Club (1975).[1] The Northettes med Amanda Parsons, Barbara Gaskin og Ann Rosenthal song korvokal på begge platene. Hausten 1974 var Hatfield på Crisis-turneen i lag med Kevin Coyne, og oppvarminga var ein duo med Steve Miller og Lol Coxhill (òg tidlegare frå Delivery) og Coxhill var vanlegvis gjesteartist med Hatfield på delar av stykket «Mumps».

Etter at bandet vart oppløyst skipa Dave Stewart bandet National Health med Alan Gowen frå Gilgamesh;[2] Phil Miller var medlem og Pyle kom inn i 1977. Richard Sinclair var òg med på nokre konsertar og ei radioinnspeling for BBC det året. Hatfield and the North og Gilgamesh hadde spelt nokre konsertar i lag seint i 1973, inkludert som ein felles «dobbel kvartett». Miller, Stewart, Pyle og Sinclair arbeidde sidan òg i lag i forskjellige kombinasjonar på andre prosjekt.

Namnet på bandet var inspirert av eit vegskilt på hovudvegen A1 på veg nordover få London, der ei rekkje skilt syner til den første store byen og den generelle retninga som 'A1 Hatfield & the North'.[2] I dag er desse skilta noko annleis.

Seinare[endre | endre wikiteksten]

I mars 1990 kom gruppa saman att for eit TV-show med Phil Miller, Richard Sinclair og Pip Pyle i lag med Sophia Domancich (klaverinstrument, den dåverande kjærasten til Pyle oog bandkollega i Equip'Out).[1]

I januar 2005 kom bandet saman att med Alex Maguire (frå Pip Pyle's Bash!) på klaverinstrument og turnerte 2005 og 2006. Pyle døydde i august 2006 etter å ha reist attende frå ein konsert med Hatfield i Groningen. Hatfield gjennomførte så to konsertar som alt var tinga med Mark Fletcher på trommer, mellom anna Canterburyfestivalen i oktober 2006.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Filmar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Jason Ankeny (28. august 2006). «Hatfield and the North | Biography & History». AllMusic. Henta 11. november 2019. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Colin Larkin, red. (1997). The Virgin Encyclopedia of Popular Music (Concise utg.). Virgin Books. s. 580. ISBN 1-85227-745-9. 
  3. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 246. ISBN 1-904994-10-5. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]