Soft Machine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Soft Machine
Sjanger Canterbury scene, jazzfusion, progressive rock, psykedelisk rock
Aktive år 1966–1984
Tilknytte artistar Caravan, Pink Floyd, Matching Mole, Nucleus, Gong, Soft Works, Isotope, Adiemus, Soft Machine Legacy, Soft Heap, Soft Head, Soft Bounds
Plateselskap ABC Probe, Columbia, Harvest, EMI
Medlemmer
Sjå Besetningar

Soft Machine var eit engelsk rockeband frå Canterbury, kalla opp etter boka The Soft Machine av William S. Burroughs. Dei var eit av dei sentrale banda i Canterbury scene og var ein av pionerane innan sjangeren progressiv rock.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byrjinga, psykedlia, jazzfusion[endre | endre wikiteksten]

Soft Machine (kalla The Soft Machine fram til 1969) vart starta i midten av 1966 av Robert Wyatt (trommer, vokal), Kevin Ayers (bass, gitar, vokal), Daevid Allen (gitar) og Mike Ratledge (orgel) samt, på berre dei første konsertane, den amerikanske gitaristen Larry Nowlin.[1] Allen, Wyatt og den framtidige bassisten Hugh Hopper hadde først spelt i lag i Daevid Allen Trio i 1963, stundom i lag med Ratledge. Wyatt, Ayers og Hopper hadde starta Wilde Flowers, og seinare inkarnasjonar av dette bandet inkluderte framtidige bandmedlemmar av eit anna Canterbury-band, Caravan.

Den første Soft Machine-besetninga vart tidleg involvert i det britiske undergrunnsmiljøet, og spelte mykje på UFO Club, og seinare andre klubbar i London, som Speakeasy og Middle Earth, og spelte inn den første singelen sin, «Love Makes Sweet Music», samt demoinnspelingar som vart gjevne ut fleire år seinare. Dei spelte òg i Nederland, Tyskland og på Den franske rivieraen. I juli og august 1967, booka promotøren og manageren Giorgio Gomelsky konsertar langs Côte d'Azur og ein av dei mest berykta av dei tidlege konsertane deira fann stad på hovudplassen i Saint-Tropez. Dette førte til at dei vart inviterte til å spele på produsenten Eddie Barclay sin trendy «Nuits psychédéliques», der dei spelte ein førti minuttar lang versjon av «We Did It Again» og song refrenget om att og om att slik at songen fekk ei Zen-aktig kjensle. Dette gjorde at det hippe miljøet i Paris tok dei til seg og dei vart inviterte til å spele på populær TV-show og i Paris Biennale i oktober 1967. Då dei kom attende frå opphaldet i Frankrike, fekk ikkje Allen (ein australiar) løyve til å reise inn att i Storbritannia, så gruppa held fram som ein trio, medan han reiste attende til Paris og danna bandet Gong.


Dei hadde same manager som Jimi Hendrix og fekk slik lov til å varme opp for Jimi Hendrix Experience under turneen i Nord-Amerika i 1968.[1] Det første albumet til Soft Machine, eit psykedelisk rock- og tidleg progrock-album, vart spelt inn i New York i april, mot slutten av den første delen av turneen. Tilbake i London vart Andy Summers, som seinare spelte i The Police, med i bandet etter å ha spelt i Dantalian's Chariot (tidlegare Zoot Money's Big Roll Band). Etter eit par veker med øvigar starta den nye kvartetten ein turne i USA med enkelte konsertar aleine, før dei vart med Hendrix att i august og september 1968. Summers hadde i mellomtida fått sparken etter at Ayers insisterte på dette.[2] Ayers forlet bandet som vener etter den siste konserten i Hollywood Bowl, og Soft Machine spelte ikkje meir i lag resten av 1968. Wyatt vart verande att i USA for å spele inn nokre solomaterial, medan Ratledge reiste attende til London og for alvor byrja å skrive musikk.

I januar 1969, for å fullføre platekontrakten sin, kom Soft Machine attende med tidlegare turnémanager og låtskrivar Hugh Hopper på bass, i tillegg til Wyatt og Ratledge, og dei sette i gang med å spele inn det andre albumet sitt, Volume Two. Albumet var ein overgang mot ein reint instrumental stil som likna det som seinare vart kalla jazzfusion. I mai 1969 spelte denne besetninga på to songar på debutalbumet til Syd Barrett som soloartist, The Madcap Laughs. Trioen vart seint i 1969 utvida til sju musikarar med fire messingblåsarar, sjølv om det berre var Elton Dean som vart verande meir enn eit par månader. Dette gjorde at Soft Machine-kvartetten (Wyatt, Hopper, Ratledge og Dean) spelte inn Third (1970) og Fourth (1971), med forskjellige gjesteartistar, hovudsakleg jazzmusikarar (Lyn Dobson, Nick Evans, Mark Charig, Jimmy Hastings, Roy Babbington, Rab Spall). Fourth var den første av dei heilt instrumentale albuma, og det siste med Wyatt.

Alle medlemmane var særs kyndige med forskjellige musikalske bakgrunnar, men hovudsakleg var det den flinke Ratledge, som gjennom komponeringa, arrangementa og improvisasjonane dreiv fram eit felles resultat av høg standard, der vokale og den uvanlege og orginale trommestilen til Wyatt, nokre av dei lyriske soloane til Dean og den uvanlege avantgardiske popvinkelen til Hopper alle spelte ei stor rolle. Hangen til å skrive lange musikkstykke ut av songar av vanleg lengd, både på konsertar og i studio, nådde eit høgdepunkt med Third i 1970 der kvar av dei fire platesidene berre inneheld eit musikkstykke kvar. Third var òg uvanleg for at han gjekk ut av opplag i meir enn ti år i USA, samstundes som det var det bestselsjande albumet deira.[3]

I denne perioden vart dei særs anerkjende i Europa og dei vart det første «rockebandet» i historia som vart inviterte til å spele på Proms i London i august 1970, eit show som vart sendt direkte og som seinare kom ut som eit konsertalbum.

Tida etter Wyatt[endre | endre wikiteksten]

På grunn av usemje om kva musikalsk retning bandet skulle ta, forlet Wyatt (eller vart sparka[4]) bandet i 1971 og danna Matching Mole (eit ordspel på machine molle som er fransk for soft machine). Han vart ei kort stund erstatta av den australske trommeslagaren Phil Howard, men vidare musikalske usemjer førte til at Howard gav seg i 1971 etter å ha spelt inn den første sida av LPen Fifth (1972) og nokre månader seinare forlet Dean bandet. Dei vart erstatta av John Marshall (trommer) og for innspelingar av Six (1973), Karl Jenkins (fløyte, keyboard), begge tidlegare medlemmar i Ian Carr sitt Nucleus. Stilen til bandet flytta seg no enno meir mot jazzfusion.

I 19734, etter Six, forlet Hopper bandet og vart erstatta av Roy Babbington, nok eit tidlegare Nucleus-medlem, som hadde medverka med kontrabassFourth og Fifth og til med (6-strengs) elektrisk bass. Denne nye kvartetten med Babbington, Jenkins, Marshall og Ratledge spelte inn dei neste (og siste) tre offisielle studioalbuma til Soft Machine. Etter dei gav ut Seven (1973) utan andre musikarar, byta bandet plateselskap frå Columbia til Harvest. På albumet Bundles i 1975 skjedde dei ei stor musikalsk endring då fusion-gitarist Allan Holdsworth dominerte med gitaren sin, liknande John McLaughlin i Mahavishnu Orchestra. Dette skilde albumet frå dei tidlegare Soft Machine-platene, som sjeldan hadde med gitar. På det siste offisielle studioalbumet, Softs (1976), vart han erstatta av John Etheridge. Ratledge, det siste gjenverande originale medlemmet i bandet, hadde gått frå bandet tidleg i innspelinga. Andre musikarar i bandet i denne perioden var bassistane Percy Jones (frå Brand X) og Steve Cook [5], saksofonistane Alan Wakeman og Ray Warleigh og fiolinisten Ric Sanders. Konsertane og plata frå 1977 (med den ironiske tittelen Alive and Well) varf av dei siste for Soft Machine som funksjonerande band. Namnet Soft Machine vart nytta for plata Land of Cockayne frå 1981 (med Jack Bruce og igjen Allan Holdsworth, samt Ray Warleigh og Dick Morrissey på saksofon og John Taylor på elektrisk piano), og dei siste konsertane i London på Ronnie Scott's Jazz Club sommaren 1984 med Jenkins og Marshall i lag med Etheridge, Warleigh, pianisten Dave MacRae og bassisten Paul Carmichael.

Tida etter[endre | endre wikiteksten]

Sidan 1988 har det kome ut mange konsertinnspelingar av Soft Machine på CD med kvalitet frå dårleg til glimrande. I 2002 turnerte dei fire tidlegare Soft Machine-medlemmane Hugh Hopper, Elton Dean, John Marshall og Allan Holdsworth i lag under namnet Soft Works[6] (opphavleg kalla Soft Ware). Frå seint i 2004 og framover erstatta John Etheridge Holdsworth, og dei turnerte og spelte inn musikk som Soft Machine Legacy[7]. Dei gav ut tre album: Live in Zaandam (2005), studioalbumet Soft Machine Legacy (2006) og Live at the New Morning (2006). Sjølv om Elton Dean døydde i februar 2006, heldt bandet fram med Theo Travis (tidlegare Gong og The Tangent). I desember 2006 spelte den nye besetninga inn albumet 'Steam[8] i studioet til Jon Hiseman. Det vart gjeven ut i august 2007. I gav Hopper seg i bandet då han fekk leukemi og bandet heldt fram å spele konsertar med Fred Baker. Etter at Hopper døydde i 2009 annonserte bandet at dei ville halde fram med Babbington.[9].

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Albumet Six vann førsteplassen i Melody Maker for årets britiske jazzalbum i 1973. Soft Machine vart stemnd fram som beste smågruppe i Melody Maker si jazzundersøking i 1974.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Konsertalbum og samlingar[endre | endre wikiteksten]

  • At the Beginning (demoar frå 1967; òg gjeven ut som Jet-Propelled Photographs) (Charly, 1976)
  • Triple Echo (Samling på tre plater, 1967–1976) (Harvest, 1977)
  • Rock Generation Vol. 7 (berre ei side, demoinnspelingar frå 1967) (BYG, 1972)
  • Rock Generation Vol. 8 (berre ei side, demoinnspelingar frå 1967) (BYG, 1972)
  • Live at the Proms 1970 (Reckless, 1988)
  • The Untouchable (samling frå Bundles, Softs og Alive and Well) (Castle Communications, 1990)
  • The Peel Sessions (innspelt 1969-1971) (Strange Fruit, 1991)
  • BBC Radio 1 Live in Concert 1971 (Windsong, 1993; òg gjevne ut som Soft Machine & Heavy Friends av Hux, 2005)
  • BBC Radio 1 Live In Concert 1972 (Windsong, 1994; òg gjevne ut som Softstage av Hux, 2005)
  • Live at the Paradiso 1969 (Voiceprint, 1995)
  • Live in France (innspelt 1972; òg gjeven ut som Live in Paris av Cuneiform, 2004) (One Way, 1995)
  • Spaced (innspelt 1969) (Cuneiform, 1996)
  • Virtually (innspelt av Radio Bremen 1971) (Cuneiform, 1998)
  • Noisette (innspelt 1970) (Cuneiform, 2000)
  • Backwards (innspelt 1968-1970) (Cuneiform, 2002)
  • Facelift (innspelt 1970) (Voiceprint, 2002)
  • BBC Radio 1967-1971 (Hux, 2003)
  • BBC Radio 1971-1974 (Hux, 2003)
  • Somewhere In Soho (innspelt 1970) (Voiceprint, 2004)
  • Breda Reactor (innspelt 1970) (Voiceprint, 2005)
  • Out-Bloody-Rageous (samling, 1967–1973) (Sony, 2005)
  • Floating World Live (innspelt 1975) (MoonJune Records, 2006)
  • Grides (CD/DVD innspelt 1970) (Cuneiform Records, 2006)
  • Middle Earth Masters (CD innspelt 1967) (Cuneiform Records, 2006)
  • Drop (med Phil Howard, innspelt 1971) (MoonJune Records, 2008)
  • Live at Henie Onstad Art Centre (innspelt 1971) (Reel Recordings, 2009)[11]
  • NDR Jazz Workshop (Hamburg, Germany, May 17, 1973) (Cuneiform Records[12], 2010)

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • «Love Makes Sweet Music» / «Feelin' Reelin' Squeelin'» (Polydor UK, 1967)
  • «Joy of a Toy» / «Why Are We Sleeping?» (ABC Probe USA, 1968)
  • «Soft Space (part 1)» / «Soft Space (part 2)» (Harvest UK, 1977)

Besetningar[endre | endre wikiteksten]


Denne tidslinja inkluderer ikkje det siste studioalbumet til Soft Machine, Land of Cockayne (1981) med:

  • Karl Jenkins – keyboard, synth
  • John Marshall – trommer, perkusjon

with

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]