Heilag lund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein heilag lund innan hinduismen ved Narmadaelva nær Chandod. Måla av James Forbes i 1782.

Ein heilag lund er eit skogholt som vert tillagd ei særskild religiøs tyding. Heilage lundar spelte ei viktig rolle i kultpraksis og mytologiske landskap knytt til dei polyteistiske religionane i det førhistoriske Europa, antikken i Hellas og Roma, og det nære Austen.

Tacitus skildrar heilage lundar hjå germanske stammer fleire stader i Germania.[1] I norrøn religion er dei sett i samanheng med blót og menneskeoffer; Adam av Bremen skriv på tusentalet om den heilage lunden i Gamle Uppsala at lik av ofra dyr og menneske vert hengde opp i trea.[2]

Både dei gamle grekarane og romarane hadde heilage lundar. Den best kjende frå Hellas var eikelunden til Dodona, der raslinga i lauvet blei tolka som orakelutsegner. I Romarriket hadde Diana Nemorensis ('Diana frå skogane') ein viktig heilag lund der byen Nemi ligg i dag. Bak Vestatempelet i Roma fanst òg ein heilag lund fram til den store bybrannen i år 64.

Av heilage lundar som framleis finst er verdsarvstaden Osun-Osogbo i Nigeria eit døme. Det finst også heilage lundar i heile India, hovudsakleg haldne heilage av hinduar. I Japan har fleire shintotempel tilknytte heilage lundar, tre og skogar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Tacitus, Germania 7,9,39,40.
  2. Orchard (1997:169); Adam av Bremen: Beretningen om Hamburg stift, erkebiskopenes bedrifter og øyrikene i Norden : Fra latin, med innledning, noter og register ved Bjørg Tosterud Danielsen og Anne Katrine Frihagen : Etterord ved Helge Ingstad. Oslo 1993. Aschehoug. ISBN 82-03-20028-1.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.