Heilage Sunniva
| Heilage Sunniva | |
| Fødd | Ukjent år, ifølgje soga på Irland |
|---|---|
| Helgen i | Katolsk og ortodoks |
| Festdag | 8. juli |
| Vernehelgen | Nordisk ungdom, Bergen, Vestlandet |
| Symbol | Ung kvinne med liljer og steinar |
Den heilage Sunniva eller Sankt Sunniva er ei kvinne som skal ha levd på 900-talet. Ho var vernehelgen for Bjørgvin bispedøme såvel som heile Vestlandet. I dag blir ho framleis rekna som vernehelgen for denne landsdelen, i tillegg til Bergen og nordisk ungdom. Minnedagen hennar er 8. juli.
Soga[1] fortel at Sunniva var ei irsk kongsdotter som flykta frå ein heidensk konge som ville gifta seg med henne. Ho kom med skip til øya Selja i Selje kommune, der ho og følgjet slo seg ned i ei hole. Folk som budde på staden meinte utlendingane stal sau av dei, og sende etter Håkon Jarl. Då Sunniva ba til Gud om at dei ikkje måtte falla i hendene på heidningane, fall tunge steinar ned og stengde igjen inngangen til hola. I ettertid skal mange under ha skjedd på øya, og då kong Olav Tryggvason fekk flytta steinblokkene i 996 fann dei kroppen til Sunniva, like heil som då ho levde. I 1103 blei det bygd eit benediktinarkloster på staden. Ruinane av dette kan ein framleis vitja på Selja.
I kunsten blir Sunniva gjerne framstilt som ei ung kvinne med liljer, og med helgenattributtet hennar, som er ei steinblokk, ettersom ho vart drepe av eit steinras.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Om Sunniva ved dalehavn.com
- Den hellige Sunniva (900-t) ved katolsk.no
Fotnotar [endre]
- ↑ Ei soge (legende) om Sunniva finst til dømes i Soga om Olav Tryggvason : etter Odd munk Snorreson, omsett til nynorsk av Magnus Rindal, Det norske Samlaget 1977 (Norrøne bokverk 46), ISBN 82-521-0720-6