Henrik III av Frankrike

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Henri III av Frankrike)
Gå til: navigering, søk
Henrik III

Henrik III (Fransk: Henri III; Polsk: Henryk III Walezy, Henryk Walezjusz; (19. september 15512. august 1589) var Konge av Polen (1573-1574) og deretter Konge av Frankrike (1574-1589).

Henrik vart fødd i Edouard-Alexandre ved det kongelege Chateau Fontainebleau, Seine-et-Marne, som fjerde son av Kong Henrik II og Katarina av Medici. Han vart vald til konge av Polen i 1573, men kort tid etter reiste han attende til Frankrike. Broen, kong Karl IX av Frankrike, hadde døydd. I 1575 vart Henrik krona til konge av Frankrike i katedralen i Reims.

Før han kom på trona, leia Henrik den kongelege hæren i den franske religionskrigen mot hugenottane og deltok i sigrane over dei i Jarnac og Moncontour. Medan han framleis var hertug, hjelpte han si mor under Bartolomeusnatten der tusenvis av hugenottar vart drepne. Regjeringstida til Henrik III vart prega av strid knytt til religion, mellom protestantisme og katolisisme.

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.