Henry Morton Stanley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Henry Stanley)
Gå til: navigering, søk
Protrett av Henry Morton Stanley frå History of the World. New York, 1901

Sir Henry Morton Stanley (29. januar 184110. mai 1904), fødd John Rowlands, var ein 1900-tals britisk journalist og oppdagingsreisande, mest kjend for søket sitt etter David Livingstone i Afrika. Han var hylla som oppdagar og vart vald inn til det britiske parlamentet på sine eldre dagar, men måtte òg forsvara seg mot skuldingar om å ha vore svært brutal på dei afrikanske ekspedisjonane sine.

Livssoge[endre | endre wikiteksten]

Han vart fødd utanfor ekteskap i Denbigh i Wales og gjeve namnet John Rowlands. Mor hans var ei tenestejente med namn Betsy Parry. Kven som var far hans veit ein ikkje, men det kan ha vore ein lokal alkoholikar som heitte John Rowlands, ein advokat som heitte James Vaughan Horne eller ein kjæraste i London. Som lausunge vart han forlaten av mora for å bu hjå to onklar og morfaren, til han var fem år. Då morfaren døydde vart han plassert i ein «fosterfamilie», og då han var seks år vart John plassert i eit fattighus der han budde til han var femten. Deretter var han hjå ulike slektningar fram til han i januar 1859 reiste til USA som sjømann på handelsskipet Windermere.

Amerika[endre | endre wikiteksten]

I USA starta John Rowlands eit nytt liv. Han tok etternamnet Stanley frå ein bomullshandlar som han arbeidde for i New Orleans, og som ungguten meinte ønska å adoptera han. Mellomnamnet Morton tok han etter å ha eksperimentert litt med «Morley», «Morelake» og «Moreland».

Under den amerikanske borgarkrigen gjorde Henry Morton Stanley gjorde teneste først for Sørstatane, deretter, etter å ha blitt teken til fange av Nordstatane, for desse. Han fekk amerikansk statsborgarskap og i 1867 byrja han som journalist og Afrika-korrespondent for New York Herald.

Afrika[endre | endre wikiteksten]

«Dr. Livingstone, I presume?»

Stanley imponerte med rask rapportering, mellom anna kunne avisa hans trykka nyheita om at Magdala i Abyssinia var falle før dei britiske styresmaktene var klar over det. I 1869 fekk journalisten i oppdrag av avisa å finna misjonæren David Livingstone, som var forsvunnen for fleire år sidan under ei oppdagingsferd i Afrika. Han drog til Egypt der han overvar opninga av Suezkanalen og deretter til Zanzibar, der han utrusta ein stor ekspedisjon med heile to tusen berarar.

I november 1871 kom Stanley fram til Tanganyikasjøen, der han trefte Livingstone og i følgje sine eigne nedteikningar helsa han med dei kjende orda «Dr. Livingstone, I presume?» (Dr. Livingstone, går eg ut frå?). Etter å ha funne misjonæren utforska Stanley den afrikanske geografien; han siglde rundt Victoriasjøen og namnga Stanley Pool og Livingstone Falls. Deretter tok han fatt på den vanskelege oppgåva med å følgja løpet til Kongoelva. I ettertid skreiv Stanley ei bok om ferda, Through the Dark Continent (1878), som blei mykje lesen.

Seinare gjekk Stanley saman med kong Leopold av Belgia om å «utvikla» Kongo-området. Dette skjedde ved bruk av middel så brutale at dei til og med sjokkerte samtida.

I 1886 leia oppdagaren ein redningsekspedisjon til Emin Pascha, guvernøren i det Equatoria i det sørlege Sudan, som var blitt avskoren frå omverda av mahdistopprøret. Den harde ruta ekspedisjonen tok, førte til at to tredjedelar av dei som var med på han døydde. Men Stanley fann Pascha, overtalte han til å bli med til kysten, og kom fram til Bagamoyo i dagens Tanzania i 1890. Undervegs oppdaga han òg Ruwenzorifjella og Edwardsjøen.

Storbritannia[endre | endre wikiteksten]

Stanley drog etter kvart tilbake til Storbritannia. Han gifta seg med den walisiske målaren Dorothy Tennant og tok opp igjen britisk statsborgarskap. Saman adopterte dei guten Denzil. Frå 1895 til 1900 var Stanley parlamentsmedlem for unionistpartiet. Han blei adla i 1899, og budde dei siste åra av livet mest på ein herregard han hadde kjøpt ved landsbyen Pirbright i Surrey. Her blei han òg gravlagd etter å ha døydd i London i 1904.

Omdøme[endre | endre wikiteksten]

Samstundes som han blei hylla som oppdagaren som opna Afrika, fekk Stanley òg kritikk for å fara fram unødig hardt mot afrikanarane han brukte som hjelparar under reisene sine og mot dei han møtte på vegen. Sjølv meinte han at «the savage only respects force, power, boldness, and decision» — innfødde forstod berre makt og autoritetshevding. I Kongo-området blei han kalla «Bula Matari», 'steinknusaren'.

Som forfattar skreiv Stanley levande, men ikkje alltid sannferdig. Han prøvde på det lengste å skjula den kaotiske barndommen sin, og påstod lenge at han var fødd i USA. Også i reiseskildringane hans finn ein lett urette detaljar.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • How I Found Livingstone (1872)
  • Coomassie and Magdala: The Story of Two British Campaigns in Africa (1874)
  • Through the Dark Continent (1878)
  • The Congo and the Founding of Its Free State (1885)
  • In Darkest Africa (1890)
  • Through South Africa (1898)
  • My Early Travels and Adventures in America and Asia (1895)
  • The Autobiography of Sir Henry Morton Stanley (1909)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Henry Morton Stanley

Kjelder[endre | endre wikiteksten]