Her Majesty

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Her Majesty er ein song av The Beatles på albumet Abbey Road frå 1969. Songen er skriven av Paul McCartney, men som vanleg tilskriven Lennon/McCartney.

Songen kjem heilt til slutt på albumet, men opphavleg skulle den plasserast mellom songane «Mean Mr. Mustard» og «Polythene Pam», men når McCartney høyrte songane i denne rekkefølgja likte han ikkje samansetninga. «Her Majesty» vart teken bort, men lydmannen hadde ståande ordre om å aldri kaste noko The Beatles spelte inn. Han la den korte songen mellombels heilt til slutt på bandet. Då medlemmene høyrte songen på denne måten vart dei begeistra over den tilsynelatande tilfeldige effekten av ein såkalla skjult song. «Her Majesty» er derfor historisk sett den første skjulte songen ein kjenner til, sidan han ikkje er lista på omslaget.

På albumet er det ein 14 sekundar lang, stille pause mellom «The End» og «Her Majesty». Etter pausen kjem det eit høgt utbrot. Det er den aller siste akkorden til songen «Mean Mr. Mustard» som slik introduserer «Her Majesty» og som igjen endar brått sidan den siste tonen på songen hamna i starten på songen «Polythene Pam».

Sjølve songen er ein enkel song for akustisk gitar om ein gut som drøymer om ei jente, «hennar majestet», men ved eit høve har Paul McCartney sunge «Her Majesty» for dronninga av England:

Her Majesty's a pretty nice girl,
but she doesn't have a lot to say
Her Majesty's a pretty nice girl
but she changes from day to day

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]