George Martin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sir George Martin, CBE
George Martin.jpg
Verkeleg namn George Henry Martin
Fødd 3. januar 1926 (88 år)
Instrument Obo , piano, tangentinstrument
Sjanger Rock, pop
Aktive år 1950 til i dag
Yrke Plateprodusent, arrangør, komponist
Tilknytt artistar The Beatles, Wings, America
Plateselskap EMI, Parlophone

George Henry Martin (fødd 3. januar 1926) er ein britisk musikkprodusent som stundom vert kalla «Den femte Beatle» på grunn av arbeidet som produsent og musikken han arrangerte på nesten alle platene til The Beatles. For bidraget sitt til musikkindustrien og populærkutluren har Martin vorte adla som Knight Bachelor og utnmend til Commander of the British Empire. Han er far til Giles Martin, som òg produserer musikk.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Første år[endre | endre wikiteksten]

George Martin vart fødd i Holloway i London i England. Far hans var snikkar og han voks opp utan overflod eller tilgang på musikalsk skolering, men lærte seg å spele piano på gehør. 16 år gammal starta han sitt eige skuleband, George Martin and His Four Tune Tellers. I åra 1943–46 var han i flyvåpenet, British Fleet Air Arm, der han observerte fly og steg til graden løytnant. Han vart utdanna på høgskulen Bromley County School og universitetsutdanning i musikk på Guildhall School of Music i London.

Han byrja å jobbe for plateselskapet EMI i 1950, der han vart assistent for direktøren og vart sjølv ansvarleg for den klassiske avdelinga. Her jobba han med jazzmusikarar som Stan Getz og Judy Garland, før han vart administrerande direktør av platemerket Parlophone, eit underselskap av EMI i 1955. Her produserte han ei rekkje såkalla komiske plater med artistar som Peter Ustinov, Dudley Moore, Peter Sellers og Rolf Harris.

Han har uttalt at den største profesjonelle feilen han gjorde var å ikkje gje Tommy Steele platekontrakt.

The Beatles[endre | endre wikiteksten]

Han hadde The Beatles til prøvespeling etter at rockegruppa hadde vorte avvist av plateselskapet Decca. Martin vart overbevist om potensialet til gruppa og gav dei ein kontrakt, sjølv om den første reaksjonen hans var at «dei var temmeleg dårlege». Dette vart byrjinga på eit langt samarbeid der Martin hjelpte til med å fylle avstanden mellom gruppa sitt rå talent og den musikken dei hadde visjonar om.

Orkesterarrangement[endre | endre wikiteksten]

Nesten all den musikken som vart arrangert for orkester vart skrive og dirigert av Martin i samarbeid med gruppa. Eit godt døme er «Penny Lane» der Martin jobba saman med Paul McCartney med ein solo for piccolotrompet: McCartney nynna melodien og Martin skreiv ned notane.

Anna arbeid[endre | endre wikiteksten]

Nokre av Martin sine beste bidrag er «Eleanor Rigby», der han arrangerte og dirigerte ein strykekvartett og på «I Am The Walrus» gav han eit komplekst, bisart og høgst originalt arrangement med blåsarar, celloar og kor.

Ved sidan av arbeidet sitt med The Beatles, som involverte både gruppa og soloprosjekta deira, har George Martin også produsert album for andre musikarar, inkludert grupper frå USA. Han er også ein respektert komponist gjennom å skrivefilmmusikken til Beatles-filmen Yellow Submarine og James Bond-filmen Live and Let Die, der Paul McCartney skreiv og song tittelmelodien.

Siste arbeid[endre | endre wikiteksten]

Alt i 1965 danna George Martin eit selskap saman med tre andre musikkprodusentar og fire år seinare starta bygginga av av eit innspelingskompleks i det sentrale London, Air Studios, som i dag er eitt av dei mest anerkjente i verda.

Etter at The Beatles vart oppløyst i 1970 starta Martin å dele tida si mellom USA og England. Han starta sitt eige plateselskap, George Martin Music og spelte inn musikk med fleire , mellom anna The Mahavishnu Orchestra med London Symphony Orchestra, sju album med gruppa America, to album med Jeff BeckBlow by Blow og Wired, soloalbum med Kenny Rogers, Gary Brooker (frå Procol Harum), Neil Sedaka, Jimmy Webb, UFO, Cheap Trick og Ultravox. I England produserte han to album for Paul McCartney – Tug of War og Pipes of Peace.

George Martin hadde overoppsynet med etterproduksjonen av albumet The Beatles Anthology-prosjektet i 1994 og 1995, men trekte seg tilbake då arbeidet med å produsere dei to nye singlane som skulle vere med (der McCartney, Harrison og Starr spelte oppå to gamle Lennon-demoar). Martin starta å tape høyrsla og overlet arbeidet til komponisten og produsenten Jeff Lynne (frå ELO).

George Martin vart æra med ein plass i Rock and Roll Hall of Fame i 1999.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]