Polythene Pam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

«Polythene Pam» er ein song av The Beatles på albumet Abbey Road i 1969. Songen er skriven av John Lennon, men tilskriven på vanleg vis Lennon/McCartney.

«Polythene Pam» handlar tilsynelatande om ei mystisk tøs frå Liverpool kledd i ein søppelsekk. Det er sagt at ein av inspirasjonskjelde var ein gong John Lennon var saman med poeten Royston Ellis og veninna hans, som var kledd i plastikk (polyethylene). Det kan òg ha vore ein underleg kvinneleg tilhengjar frå den første Beatles-perioden på Cavern Club som hadde den eksentriske uvanen med å tygge og spise plastikkbitar. Ho heitte Pat Dawson Hodgetts, men ho var aldri kledd slik som i songen.

She’s killer diller when she’s dressed to the hilt.
She’s the kind of a girl that makes the News of the World.
Yes you could say she was attractively built – Yeah.

På albumet er songen glir songen rett over frå den førre songen, som han òg er tekstmessig knytt til, «Mean Mr. Mustard». Denne songen omhandlar den gjerrige fyren Mr. Mustard har ei syster som heiter Pam. Ho tar han med for å sjå dronninga. «Polythene Pam» går òg direkte over i neste song, «She Came in Through the Bathroom Window», men teknisk sett sluttar «Polythene Pam» når gitarsoloen endar, der Lennon seier «We'll listen to that now», følgd opp av, «Oh, look out!»

Tidsmessig, ved 0:47, er det noko som plukkar opp ein maracas og deretter kan ein i den høgre høgtalaren høyre Paul McCartney sei «Yeah!» medan Lennon svarer «Great!».

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]