Abbey Road av The Beatles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Abbey Road
studioalbum av The Beatles
Utgjeve 26. september 1969
Sjanger Rock, artrock, blues-rock, rock and roll, hardrock
Lengd 47:23
Selskap Apple, Parlophone, EMI
Produsent George Martin
Kritikk
The Beatles-kronologi
Yellow Submarine
(1969)
Abbey Road Let it Be
(1970)

Abbey Road er det ellevte offisielle albumet av The Beatles. Innspelinga av Abbey Road starta i april 1969 og songane vart dei siste bandet spelte inn i lag, sjølv om Let it Be vart det siste albumet før bandet løyste seg opp i 1970. Abbey Road kom ut 26. september 1969. Det var produsert og instrumentert av George Martin for Apple Records. Geoff Emerick av lydteknikar, Alan Parsons assisterande lydteknikar og Tony Banks var bandoperatør.[1] Albumet vert rekna som det best samansette albumet til The Beatles, sjølv om bandet nesten ikkje fungerte som eit band.[2][3]Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte albumet på 14. plass på lista deira over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[4]

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Etter den nesten katastrofale innspelinga til det planlagde albumet Get Back album (seinare kalla Let It Be), foreslo Paul McCartney for George Martin at gruppa skulle prøve å lage nok eit album «slikt dei brukte å gjere det»[5] utan konfliktane som starta under innspelinga av The White Album. Martin sa seg einig, men sette som vilkår at albumet måtte lagast på denne måten. Bandet har seinare sagt at dei var klar over at dette mest truleg kom til å verte det siste dei gjorde i lag, og ville «gå ut med flagget til topps».

Med Let It Be-albumet delvis ferdig, starta innspelinga av Abbey Road i april 1969, etter at singelen «Ballad of John and Yoko»/«Old Brown Shoe» var ferdig. Det meste av albumet vart spelt inn mellom 2. juli og 1. august 1969. Etter at albumet vart ferdig og gjeve ut, vart Get Back/Let It Be-prosjektet miksa på nytt. Det vart spelt inn noko nytt til albumet, men det meste av Let It Be vart gjort før Abbey Road. I september 1969, kort tid før albumet kom ut, starta John Lennon bandet Plastic Ono Band, det første verkelege teiknet på at The Beatles var i ferd med gå frå kvarandre.

Dei to albumsidene har ganske forskjellige karakter. Side ein er ei samling av enkelte spor, medan side to består av ei lang rekkje komposisjonar, mange av dei relativt korte og dei glir over i kvarandre. Hovudårsaka til dette stykket var å få nytta seg av dei mange uferdige, korte songane til Lennon og McCartney, som bandet hadde liggande.

Suksess[endre | endre wikiteksten]

Abbey Road vart eit av dei mest suksessrike albuma til Beatles nokon gong. I Storbritannia gjekk albumet direkte inn på førsteplassen, der det låg i heile 11 veker. Det vart så skubba ned til andreplassen av Rolling Stones og albumet deira Let It Bleed, som debuterte på førsteplassen, før Abbey Road veka etter, som var veka før jul, igjen gjekk til topps, der det vart liggande i seks veker til, totalt 17 veker på førsteplassen. Totalt låg det 92 veker på Topp 75 i Storbritannia, ein del av desse vekene i 1987 då albumet kom på CD første gong. I heimlandet var Abbey Road det bestseljande albumet i 1969 og det fjerde bestseljande gjennom heile 60-åra, samt det åttande bestseljande i heile 70-åra.

I USA klarte albumet ein liknande prestasjon. Tredje veka på lista gjekk det til topps, der det vart liggande i 11 veker. Totalt låg Abbey Road 129 veker på Billboard 200. I USA var albumet det fjerde mest selde i 1970-åra.

I Noreg vart albumet ein formidabel sukess og låg heile 21 veker samanhengande på førsteplassen.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Abbey Road var det einaste Beatles-albumet som hovudsakleg vart spelt inn på ein åttesporsopptakar, i staden for ein firesporsopptakar som dei førre Beatles-albuma. Dette kan særleg merkast i at trommene er betre miksa. EMI hadde ikkje godkjend bruken av åttesporsopptakaren sin enno, og det er årsaka til at albumet er spelt inn i tre forskjellige studio (Trident, Olympic og Abbey Road), noko som Beatles ikkje gjorde til vanleg. Moog synthesizer er eit dominerande instrument på albumet, som i mellomspelet på «Because», samt «Maxwell’s Silver Hammer» og «Here Comes the Sun». Harrison hadde teke albumet med seg tilbake frå Los Angeles der han først vart introdusert for instrumentet.

Ein av lydteknikarane på albumet var den då ukjende Alan Parsons. Han skulle seinare verte lydteknikar på Pink Floyd-meisterverket, The Dark Side of the Moon og produsere mange album på eiga hand med The Alan Parsons Project.

Omslaget[endre | endre wikiteksten]

Gangfeltet der biletet til det kjende omslaget vart teke

Omslaget vart gjort av Apple Records kreative direktør Kosh. Det kjende biletet på albumet vart teken av fotograf Iain Macmillan. Macmillan fekk berre ti minuttar rundt 11:30 på føremiddagen til å ta biletet. Biletet har sidan vorte eit av dei mest kjende og etterlikna albumomslaga i platehistoria. Mannen som står i bakgrunnen er Paul Cole (1911–2008)[6]) ein amerikansk turist som ikkje var klar over at han vart fotografert før han såg albumet fleire månader seinare.[7][8] Gangfeltet er i dag ein populær attraksjon for mange Beatles-tilhengjarar webkamera.

Folkevogna[endre | endre wikiteksten]

Folkevogna som står parkert ved gangfeltet høyrte til ein som budde i ei leilegheit nær studioet. Etter at albumet kom ut vart nummerskiltet fleire gonger stolen frå bilen. I 1986 vart bilen seld på ein auksjon for $23 000 og er i dag på utstilling i Volkswagen-museumet i Wolfsburg i Tyskland.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

I 1997 vart Abbey Road kalla det 12. største albumet gjennom tidene i ei «Music of the Millennium»-undersøking gjort av HMV, Channel 4, The Guardian og Classic FM; han fekk same plass i 1998 på ei tilsvarande liste av lesarane til musikkmagasinet Q. I 2000 hamna albumet på 17. plass på lista over dei 100 beste britiske albuma i Q.[9] I 2001 plasserte VH1 albumet på 8. plass på lista over dei største albuma gjennom tidene,[10] og i 2003 vart det kalla det 14. beste albumet gjennom tidene av Rolling Stone.[4] I 2006 var albumet eitt av dei 100 beste albuma nokon gong i Time Magazine.[11]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av John Lennon og Paul McCartney, bortsett frå der andre nemnd. 

Side ein
# Tittel Solovokal Lengd
1. «Come Together»   John Lennon 4:20
2. «Something» (George Harrison) George Harrison 3:03
3. «Maxwell’s Silver Hammer»   Paul McCartney 3:27
4. «Oh! Darling»   Paul McCartney 3:33
5. «Octopus’s Garden» (Richard Starkey) Ringo Starr 2:51
6. «I Want You (She’s So Heavy)»   John Lennon 7:47
Side to
# Tittel Sologvokal Lengd
7. «Here Comes the Sun» (George Harrison) George Harrison 3:05
8. «Because»   John Lennon, Paul McCartney, George Harrison 2:45
9. «You Never Give Me Your Money»   Paul McCartney 4:02
10. «Sun King»   John Lennon 2:26
11. «Mean Mr. Mustard»   John Lennon 1:06
12. «Polythene Pam»   John Lennon 1:12
13. «She Came in Through the Bathroom Window»   Paul McCartney 1:57
14. «Golden Slumbers»   Paul McCartney 1:31
15. «Carry That Weight»   John Lennon, Paul McCartney, George Harrison, Ringo Starr 1:36
16. «The End»   Paul McCartney 2:05
17. «Her Majesty»   Paul McCartney 0:23
47:23
Merknader
  • «Her Majesty» er eit hemmeleg spor. Mellom «The End» og «Her Majesty» er det 14 sekundar stille.
  • Spor 9 til 16 er stundom omtalt som ein song (potpurri) kalla «The Abbey Road Medley».
  • Spor 14 til 16 vert stundom omtalt som ein song kalla «The Golden Slumbers Medley».

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • John Lennon: solo- og rytmegitar; 6 & 12-strengars akustisk gitar; solo-, harmoni- og korvokal; elektrisk og akustisk piano; hammondorgel, Moog synthesizer, kvit støy-generator og lydeffektar; tamburin og maracas.
  • Paul McCartney: solo-, rytme-, akustisk- og bass gitar; fuzzbass; solo-, harmoni- og korvokal, elektrisk og akustisk piano, hammondorgel Moog synthesizer, handklapping og forskjellige perkusjon og lydeffektar.
  • George Harrison: solo-, rytme-, akustisk- og bassgitarar, solo-, harmoni- og korvokal, hammondorgel, harmonium og Moog synthethizer; handklapping og forskjellig perkusjon.
  • Ringo Starr: trommer, perkusjon, paukar, ambolt og handklapping; solo- og korvokal
  • George Martin: piano; elektrisk cembalo, harmonium og perkusjon
  • Billy Preston: Hammondorgel på «Something»

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Abbey Road - Beatles
  2. Richie Unterberger. Abbey Road. Allmusic. Vitja 10. februar 2009.
  3. Richie Unterberger. The Beatles > Biography. Allmusic. Vitja 10. februar 2009.
  4. 4,0 4,1 The 500 Greatest Albums of All Time. Vitja 10. februar 2008.
  5. Abbey Road. Vitja 10. februar 2009.
  6. TCPalm: Paul Cole, man on Beatles' 'Abbey Road' cover, dies
  7. The Abbey Road Album Cover
  8. Life on the cover of Abbey Road: ABC Adelaide
  9. The 100 Greatest British Albums Ever. Q. Vitja 10. februar 2009.
  10. 2001 VH1 Cable Music Channel All Time Album Top 100. VH1. Vitja 10. februar 2009.
  11. The All-Time 100 Albums. Time. Vitja 10. februar 2009.