Herat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Herat (هرات)
by
none  Utsyn over Herat i 2009.
Utsyn over Herat i 2009.
Land Flag of Afghanistan.svg Afghanistan
Distrikt Herat-provinsen
Høgd 920 m
Folketal 436 300 (est. 2012[1])

Herat (pasjto og persisk هرات, herāt) er ein by som ligg nordvest i Afghanistan, i Herat-provinsen, der han er provinshovudstad. Herat har rundt 436 000 innbyggjarar, og er den tredje største byen i landet. Innbyggjarane er hovudsakleg tadsjikar, turkmenarar og usbekar.[2]

Herat ligg ved elva Harirud, som han har gjeve namn til. Byen er omgjeven av ein fruktbar dal som er grundig dyrka gjennom kunstig vatning. Ein dyrkar kveite, ris, frukt og grønsaker her. Området er også kjend for teppeproduksjon og anna kunsthandverk.[2]

Herat er sentrum for fleire gamle, kryssande karavanevegar, og har tradisjonelt vore ein viktig handelsstad med stor strategisk tyding.[2] Vegane frå Herat til Turkmenistan og Iran er framleis strategisk viktige. Byen ligg rundt 64 mil vest for Kabul.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Herat har vore by sidan antikken. Området rundt blei kalla Haraivagammalpersisk, og er omtalt som Haroiva i den parsiske heilage boka Avesta. I europeiske antikke tekstar blei det kalla Aria eller Areia. Under sine asiatiske erobringar grunnla Aleksander den store ein gresk koloni her som han kalla Alexandreia Areion.

I 652 erobra arabarar Herat. På 1100-1300-talet blei han plyndra og herja fleire gonger av tyrkarar og mongolar. Herat var styrt av ghaznavidane fram til 1040, då han blei erobra av seldsjukkane. I 1175 tok ghoridane byen, som blei innlemma i Khwarazm-riket. I denne perioden blei Herat eit viktig senter for produksjon av metallvarer, særleg i bronse, ofte dekorert med utsmykkingar i verdifulle metall.

Mongolane erobra Herat i 1221. Rundt 1381 blei byen øydelagt av Timur Lenk. Under sonen hans Shah Rukh blei Herat bygd opp igjen, og rundt 1500 hadde byen ein glansperiode som sentrum for persisk kunst og litteratur under timuride-dynastiet. Herat var mellom anna kjend for miniatyrmåleri. Etter å ha vore under vekslande styre (persiske og afghanske) blei Herat innlemma i Afghanistan i 1863. Byen har blitt skada og forfalle som følgje av krig.[2]

Herat har likevel mange historiske bygningar. Eit citadell bygd under Aleksander den store dominerer bybildet. Den store moskeen i Herat er eit eksempel på timuridisk arkitektur frå tidleg 1400-tal.[2] Musalla-komplekset med mange minareter blei bygd under dronning Goharshad seint på 1400-talet. Gravkomplekset til dronninga er rekna som eit av dei største monumenta frå timuridearkitekturen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Herat

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Central Statistics Organization, Afghanistan; Population Estimation 2012-13 Henta 30. desember 2012 av Svensk Wikipedia.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Herat (28.02.2013) i Store norske leksikon