Herbie Hancock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Herbie Hancock, 2008
Herbie Hancock Nice Jazz Festival 2010

Herbert Jeffrey «Herbie» Hancock (fødd 12. april 1940 i Chicago) er ein amerikansk jazzpianist og -komponist.

Tidleg på 1960-talet blei han rekna mellom dei mest lovande nye jazzmusikarane. Frå 1963 var han med i Miles Davis sin «Second Quintet». Han har ei stjerne på Hollywood Walk of Fame og fekk både Oscar- og Grammypris.

Hancock sine improvisasjonar er prega av ein perlande, funky spelemåte med bruk av ein ekspressiv polyrytmikk. Mange av Hancock sine komposisjonar er blitt klassikarar som andre jazzmusikarar nå brukar som grunnlag for eigne improvisasjonar. Nokre døme er «Watermelon Man», «Cantaloupe Island» og «Maiden Voyage» som alle kom ut på Blue Note i 1960-åra.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Herbie Hancock
Diskografi
Artiklar