Gran kommune
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Gran kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 0534 |
| Fylke | Oppland |
| Adm.senter | Jaren |
| Areal | 757 km² |
| Folkemengd | 13 480 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (2007-2011) | Inger Staxrud (GBL) |
| Målform | Bokmål |
| Nettstad | www.gran.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Gran kommune på Commons | |
Gran er ein kommune i Oppland som ligg på begge sider av Randsfjorden og er ein del av Hadeland. Den grensar i nord til Søndre Land og Vestre Toten, i aust til Hurdal og Nannestad, i sør til Lunner og Jevnaker, og i vest til Ringerike. Mesteparten av busetjinga i kommunen ligg på austsida av fjorden i tettstadene Gran, Jaren, og Brandbu
Hovudnæringane i kommunen er landbruk og industri. Vestoppland folkehøgskule ligg i kommunen.
Verdt å sjå i Gran kommune [endre]
- Dynnasteinen, ein biletstein med runeinnskrift frå tidleg kristen tid; originalsteinen er i Kulturhistorisk museum i Oslo.
- Tingelstad gamle kykje, ei kyrkje frå mellomalderen.
- Systerkyrkjene i Gran, to kyrkjer frå mellomalderen som ligg tett attmed einannan.
- Steinhuset, ein av dei eldste ikkje-kyrkjelege bygningane frå mellomalderen i Noreg.
- Gran prestegardshage
- Hadeland Folkemuseum
- Steinsettinga på Bilden, ein krins av oppsette stein på garden Bilden, om lag 1,5 km nord for Tingelstad gamle kyrkje.
Fotnotar [endre]
| Kommunar i Oppland | ||
|---|---|---|
| Dovre · Etnedal · Gausdal · Gjøvik · Gran · Jevnaker · Lesja · Lillehammer · Lom · Lunner · Nord-Aurdal · Nord-Fron · Nordre Land · Ringebu · Sel · Skjåk · Søndre Land · Sør-Aurdal · Sør-Fron · Vang · Vestre Slidre · Vestre Toten · Vågå · Østre Toten · Øyer · Øystre Slidre | ||