Heroin av The Velvet Underground

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Heroin
Song av
frå albumet The Velvet Underground & Nico
Utgjeve mars 1967
Innspelt mai 1966 i T.T.G. Studios i Hollywood
Sjanger Avantgarde, protopunk, eksperimentell rock, psykedelisk rock, progressiv rock
Lengd 7:12
Selskap Verve Records
Låtskrivar(ar) Lou Reed
Produsent Andy Warhol

«Heroin» er ein song av The Velvet Underground gjeven ut på debutalbumet deira i 1967, The Velvet Underground & Nico. Songen er skriven av Lou Reed i 1964 og er ein av dei mest hylla songane til bandet. Songen skildrar heroinbruk og -misbruk. Kritikar Mark Deming skriv, «Sjølv om 'Heroin' godtar dopmisbruk, fordømmer han det heller ikkje, og det gjer det meir urovekkande hos mange lyttarar.»[1]

I 2004 vart songen rangert på 448. plass og i 2010 på 455. plass på Rolling Stone si liste over dei 500 største songane gjennom tidene. Songen er òg ein del av lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma rock and roll.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

«Heroin» var ein av tre songar som vart spelt inn på ny i T.T.G. Studios i Hollywood før han vart gjeven ut på The Velvet Underground & Nico (i lag med «I'm Waiting for the Man» og «Venus in Furs»). Denne innspelinga av songen vart den nest lengste på albumet med litt over sju minuttar.

«Heroin» byrjar langsamt med Reed sin rolege, melodiøse gitar og hypnotisk trommemønster av Maureen Tucker, før den elektriske bratsjen til John Cale og rytmegitaren til Sterling Morrison kjem inn. Tempoet aukar gradvis, og etterliknar verknaden forteljaren for frå dopet.

Alternative versjonar[endre | endre wikiteksten]

Den tidlegare innspelinga av «Heroin» var med Lou Reed, Sterling Morrison og John Cale i Ludlow Street i juli 1965. Versjonen av songen som var meint for albumet vart spelt inn i Scepter Studios i New York City i april 1966. Denne versjonen har ein noko anna tekst og er mindre kaotisk enn albumversjonen.

Lou Reed spelte seinare «Heroin» på konsert i sin glamrockstil, i lag med gitaristane Steve Hunter og Dick Wagner. Resultatet vart ein 13 minuttar lang versjon som finst på konsertalbumet Rock 'n' Roll Animal i 1974.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen er spelt inn av mange andre artistar, som Mazzy Star, Human Drama, Iggy Pop, Echo & the Bunnymen, Roky Erickson, Billy Idol og Third Eye Blind.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "Heroin" at Allmusic


449:
 «Penny Lane » 
The Beatles
Plassering på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene
448

The Velvet Underground – «Heroin»

447:
 «Leader Of The Pack » 
The Shangri-Las