Lou Reed

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lou Reed
Lou reed.jpg
Lou Reed i Arlene Schnitzer Concert Hall i Portland i Oregon i januar 2004.
Verkeleg namn Lewis Allan Reed
Fødd 2. mars 1943
Brooklyn i New York i USA
Død 27. oktober 2013 (71 år)
Long Island i New York i USA
Instrument Vokal, gitar, ostrich gitar, bass, synthesizer, tangentinstrument, piano, munnspel, trommer, perkusjon
Sjanger Rock, eksperimentell rock, kunstrock, protopunk, støymusikk, bordunmusikk, psykedelisk rock, folkrock, glamrock
Aktive år 1964–2013
Yrke Musikar, låtskrivar, produsent, fotograf
Tilknytte artistar The Velvet Underground, John Cale, Nico, David Bowie, The Killers, Mick Ronson, Gorillaz, Laurie Anderson, Peter Gabriel, Metallica.
Plateselskap Matador, MGM, RCA, Sire, Reprise, Warner Bros.
Nettstad www.loureed.com

Lewis Allan «Lou» Reed[1] (2. mars 194227. oktober 2013)[2] var ein amerikansk rockemusikar, låtskrivar og fotograf. Han var mest kjend som gitarist, vokalist og låtskrivar i The Velvet Underground og for solokarrieren sin, som har vart i mange tiår. Sjølv om The Velvet Underground hadde lite kommersiell suksess, hadde gruppa ein trufast tilhengjarskare og har sidan vorte rekna som eit av dei viktigaste banda frå den tida dei heldt på.[3] Som den viktigaste låtskrivaren i Velvet Underground skreiv Reed om personlege tema som sjeldan hadde vorte utforska til då i rock and roll, som seksualitet og dopkultur.

Etter han forlet gruppa, starta Reed ein solokarriere i 1971. Han hadde ein hit året etter med «Walk on the Wild Side».[4] Reed sitt arbeid som soloartist frustrerte kritikarane som ønstke at han skulle vende attende til Velvet Underground. I 1975 gav Reed ut eit dobbeltalbum med feedback-loopar, Metal Machine Music, og kommenterte seinare: «Ingen skal kunne gje ut noko slikt og overleve»[5]

I 2008 gifta Reed seg med songaren og låtskrivaren Laurie Anderson.[6]

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Reed vart fødd inn i ein jødisk familie ved Beth El Hospital i Brooklyn og voks opp i Freeport i Long Island. Han lærte seg å spele gitar frå radio og utvikla tidleg ei interesse for rock and roll og rhythm and blues, og på high school spelte han i fleire band.[7] Den første innspelinga hans var som medlem av ei doo wop-gruppe kalla The Jades.

I 1956 fekk Reed elektrejosjokkbehandling som tenåring for å «kurere» biseksualiteten hans.[8] Dette skreiv han om i songen «Kill Your Sons» i 1974.

Reed gjekk inn på Syracuse University hausten 1960 og studerte journalisme, filmregissør og kreativ skriving. I 1961 vart han programleiar for eit radioprogram på WAER kalla «Excursions On A Wobbly Rail».[7] Kalla opp etter ein song av pianisten Cecil Taylor, spelte han typisk doo wop, rhythm and blues og jazz, særleg frijazz utvikla på midten av 1950-åra.[9] Mange gitarteknikkane til Reed, som gitar-trommevirvelen, var inspirert av jazzsaksofonistar som Ornette Coleman. Reed tok eksamen ved Syracuse University's College of Arts and Sciences med ein B.A. i juni 1964.[8]

Diktaren Delmore Schwartz foreleste ved Syracuse University og vart ein ven av Reed, og i 1966 vart songen «European Son» frå debutalbumet til Velvet Underground, The Velvet Underground & Nico, tileigna til Schwartz.[10] I 1982 spelte Reed inn «My House» som ein hyllest til sin avdøde mentor.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Låtskrivar ved Pickwick Records[endre | endre wikiteksten]

I 1964 flytta Reed til New York City og starta å arbeide som låtskrivar for Pickwick Records. I 1964 skreiv han ein liten hit med singelen «The Ostrich», ein parodi på dei populære dansesongane på denne tida, med tekstlinjer som «put your head on the floor and have somebody step on it». Arbeidsgjevarane hans følte at songen hadde hitpotensiale og fekk samla eit band for Reed, slik at han kunne spele han inn. Badet vart kalla The Primitives og inkluderte den walisiske musikaren John Cale, som nyleg hadde flytta til New York for å studere musikk og spelte bratsj i låtskrivar La Monte Young sitt Theater of Eternal Music, i lag med Tony Conrad. Cale og Conrad var begge overraska då dei fann ut at for «The Ostrich» hadde Reed stemd alle strengane på gitaren i same tone. Denne teknikken skapte ein borduneffekt liknande eksperimenta i avantgarde-ensemblet til Young. Cale var misnøgd med framføringa til Cale, men var likevel imponert over det tidlege repertoaret til Reed (mellom anna «Heroin»), og eit partnarskap utvikla seg.

The Velvet Underground[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå The Velvet Underground.

Reed og Cale budde i lag på Lower East Side, og etter å ha invitert Reed sine studiekameratar, gitarist Sterling Morrison og trommeslagar Maureen Tucker, med i gruppa, danna dei The Velvet Underground. Sjølv om bandet var internt ustabilt (Cale forlet bandet i 1968; Reed i 1970) og ikkje hadde kommersiell suksess, har bandet vorte rekna som eit av dei viktigaste og mest innverknadsrike banda i rockehistoria.[11]

Gruppa fekk raskt merksemda til kunstnaren Andy Warhol. Noko av det første Warhol gjorde var å ta dei med i Exploding Plastic Inevitable. Dei mange kjenningane til Warhol inspirerte mange av songane til Reed då han fall inn i dette blømande, mangefasetterte kunstmiljøet. Reed gjev sjeldan intervju utan å hylle Warhol som ein mentor. Det vart konflikt i bandet då Warhol fekk ideen om åta inn ei songarinne, den europeiske modellen og songaren Nico. Reed og dei andre bandmedlemmane protesterte med å kalle debutalbumet deira The Velvet Underground & Nico for å syne at Nico ikkje var eit medlem av gruppa. Trass i dette skreiv Reed fleire songar som Nico song, og dei var ei kort stund kjærastar (det same var Nico og Cale seinare). The Velvet Underground & Nico nådde 171. plass på lista i USA.

I dag vert albumet rekna som eit av dei viktigaste rockealbuma som nokon gong er spelt inn. Rolling Stone hadde albumet på 13. plass på lista si over dei viktigaste albuma gjennom tidene. Brian Eno sa ein gong at sjølv om få kjøpte albumet, inspirerte det mange av desse til å danne sine eigne band.[12]

Då bandet spelte inn White Light/White Heat hadde Nico forlete bandet og Warhol fekk sparken, begge mot ønska til Cale. Steve Sesnick tok over som manager og overtydde Reed om å drive Cale ut av badnet. Morrison og Tucker likte ikkje avgjersla til Reed, men heldt fram i gruppa. Cale vart erstatta av Doug Yule, som Reed ofte spøkefullt introduserte som den yngre bror sin. Gruppa flytta seg no meir mot pop og vart meir ein reiskap som Reed utnytta til å utvikle låtskrivinga si. Gruppa gav ut to album med denne besetninga: The Velvet Underground i 1969 og Loaded i 1970. Sistnemnde inneheld nokre av dei mest kommersielt suksessrike songane deira, «Rock and Roll» og «Sweet Jane». Reed forlet Velvet Underground i august 1970 og bandet vart oppløyst då medlemmane Sterling Morrison og Maureen Tucker forlet i høvesvis 1971 og 1972. Yule heldt fram bandet til tidleg i 1973 og bandet gav ut eit studioalbum til, Squeeze, som Velvet Underground.

Etter at bandet flytta til Atlantic Records sin Cotillion-etikett, pressa den nye manageren deira Reed til å skrive songar med lettare emne i håp om betre sal. Albumet Loaded tok lengre tid å spele inn enn dei tre førre albuma til saman, men førte ikkje bandet ut til eit større publikum. Reed flytta ei kort stund attende til foreldra på Long Island.

Solokarriere[endre | endre wikiteksten]

1970-åra[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha slutta i Velvet Underground i august 1970 tok Reed ein jobb hos skattefirmaet til faren som maskinskrivar, der han tente $40 i veka. Eit år seinare signerte han platekontrakt med RCA og spelte inn det første soloalbumet sitt i London med dyktige studiomusikarar som Steve Howe og Rick Wakeman, medlemmar av rockegruppa Yes. Albumet, som berre heitte Lou Reed, inneheldt glatt produserte, nyinnspelingar av uutgjevne Velvet Underground-songar. Somme av desse hadde vorte spelt inn for Loaded men vart lagt på hylla. Denne første soloplata vart oversett av dei fleste musikkritiarane (sjølv om Stephen Holden i Rolling Stone kalla ho «nesten perfekt») og ho selde heller dårleg.

I desember 1972 gav Reed ut Transformer. David Bowie og Mick Ronson var medprodusentar på albumet og dette introduserte Reed for eit breiare publikum (særleg i Storbritannia). Hitsingelen «Walk on the Wild Side» var ein ironisk, men likevel kjærleg hyllest til rare personar, ludder og transvestittar som ein gong oppheldt seg kring Andy Warhol. Kvar av dei fem versa i songen skildrar ein verkeleg person som hadde vore ein del av The Factory på siste halvdel av 1960-åra: (1) Holly Woodlawn, (2) Candy Darling, (3) «Little Joe» Dallesandro, (4) «Sugar Plum Fairy» Joe Campbell og (5) Jackie Curtis. Den kloke teksten unngjekk sensur på radio. Sjølv om det jazz-aktige arrangementet (ved hjelp av bassisten Herbie Flowers og saksofonisten Ronnie Ross) var musikalsk utypisk for Reed, vart det etter kvart signaturlåten hans. Songen kom til etter at han vart spurt om å lage musikk til teateroppsettinga av romanen til Nelson Algren med same namn, sjølv om skodespelet aldri vart noko av. Arrangementa til Ronson førte inn nye aspekt i songane til Reed. «Perfect Day» hjar til dømes delikate strykarar og ein svevande dynamikk. Denne vart gjenoppdaga i 1990-åra slik at Reed kunne droppe «Walk on the Wild Side» frå konsertane sine.

Sjølv om Transformer vart den største salssuksessen og den mest kritikarroste plata til Reed, mislikte Reed sterkt skuggen plata kasta over resten av karrieren hans. Ein offentleg krangel mellom Bowie og Reed enda arbeidsforhodlet deira i mange år, sjølv om ein ikkje kjenner til årsaka til krangelen. Dei to vart vener at nokre år seinare og Reed spelte med Bowie på 50-årsdagskonserten til Bowie i Madison Square Garden i 1997. Dei to samarbeidde formelt på The Raven i 2003. Reed følgde opp Transformer med den mørkare Berlin, som fortel soga om to narkomane kjærastar i den nemnde byen. Songen omhandlar vald i heimen («Caroline Says I», «Caroline Says II»), dopmisbruk («How Do You Think It Feels»), utruskap og prostitusjon («The Kids»), og sjølvmord («The Bed»). Europaturneen til Reed i 1973 hadde med dei to sologitaristane Steve Hunter og Dick Wagner, miksa hans Berlin-songar med eldre rockesongar.

Etter Berlin kom to album i 1974, Sally Can't Dance og konsertplata Rock 'n' Roll Animal, som inneheld songar frå Velvet Underground-tida som «Sweet Jane» og «Heroin». Rock 'n' Roll Animal vart det bestseljande albumet hans og oppfølgjadne Lou Reed Live, spelt inn same stader i desember 1973, heldt Reed i ålmenta med sterke salstal etter at det kom ut tidleg i 1975.

Som han hadde gjort med Berlin etter Transformer, svarte Reed i 1975 på den kommersielle suksessen med eit kommersielt mislukka album, det doble albumet med elektronisk generert feedback, Metal Machine Music. Kritikarane tolka det som ei hånleg handling, eit forsøk på å bryte ut av kontrakten med RCA eller framandgjere dei mindre sofistikerte tilhengjarane sine. Men Reed hevda at albumet var eit genuint kunstnarisk forsøk, og hevda til og med at ein kunne finne spor av klassisk musikk gravlagd i støyen. Lester Bangs skildra det som «genialt», men òg psykologisk forstyrrande. Albumet vart visstnok gjeven attende til butikkane av mange tusen i vekene etter det kom ut.[13] Sjølv om han seinare innrømde at lista over instrument på plateomslaget var meint som ein parodi, meiner Reed framleis at MMM var meint som eit seriøst album. I 2000-åra vart albumet tilpassa for orkester av det det tyske ensemblet Zeitkratzer.

I motsetnad var Coney Island Baby frå 1975 var eit hovudsakleg varmt og fyldig album, men Reed song framleis om dei mørkare sidene av bylivet. På denne tida var kjæraste hans ei transekvinne, Rachel, nemnd i tileigninga «Coney Island Baby» og finst på bilete av omslaget til samlealbumet til Reed i 1977, Walk on the Wild Side: The Best of Lou Reed. Sjølv om Rock and Roll Heart, debutplata hans frå 1976 for det nye selskapet Arista, ikkje nådde forvetningane, var han attende med Street Hassle (1978) i midten av punkrørsla han var med på å inspirere. Ironisk nok var Reed avvisande til punk og ville ikkje ha noko med det å gjere. «Eg er for lese- og skrivekynding til å like punkrock... Heile CBGB's, nye Max's-greia som alle er med på og det som skjer i London - du meiner ikkje seriøst at eg er ansvarleg for dette søppelet?»[14] The Bells (1979) hadde med jazzmusikaren Don Cherry, og vart følgd opp året etter med Growing Up in Public med gitarist Chuck Hammer. Rundt denne perioden spelte han òg som slaskete plateprodusent i Paul Simon-filmen One Trick Pony. Reed spelte òg fleire uannonserte konsertar i småklubbar i Manhattan i lag med folk som Cale, Patti Smith og David Byrne i denne perioden.

1980-åra[endre | endre wikiteksten]

I 1980 gifta Reed seg med den britiske designaren Sylvia Morales.[15] Dei vart skilt meir enn ti år seinare. Medan dei var i lag inspirerte Morales Reed til å skrive fleire songar, særleg «Think It Over» frå Growing Up in Public og «Heavenly Arms» frå The Blue Mask i 1982. Etter Legendary Hearts (1983) og New Sensations (1984) gjorde det middelmåtig på listene, hadde Reed vorte kjend nok att til å verte talsmann for Honda motorsyklar.

Tidleg i 1980-åra bad Reed gitarist Robert Quine om å bli med i gruppa si. Quine er med på Reed sitt The Blue Mask (1982), som vert rekna som eit av dei beste albuma til Reed, og Legendary Hearts (1983). Dei to gitaristane spelte både rytme- og sologitar. Robert Quine slutta etter kvart på grunn av småkrangling med Reed. Reed overtalte likevel Quinte til å bli med på ein verdsturne, som han gjekk med på trass i at han ikkje likte turnelivet. Quinte enda den musikalske partnarskapen med Reed i 1985.

Den 22. september 1985 spelte Reed på den første Farm Aid-konserten i Champaign i Illinois. Han spelte «Doin' The Things That We Want To», «I Love You, Suzanne», «New Sensations» og «Walk on The Wild Side».

I 1986 vart han med Amnesty International sin A Conspiracy of Hope Tour og talte opent om politiske saker og personlegdommar i New York på albumet New York i 1989 og kommenterte kriminalitet, AIDS, Jesse Jackson, Kurt Waldheim og pave Johannes Paul II.

Etter at Warhol døydde under ein operasjon i 1987, samarbeidde Reed igjen med John Cale op den biografiske Songs for Drella, kallenamnet til Warhol. Albumet markerte slutten på det 22 år lange fråværet til Cale. På albumet syng Reed om kjærleiken for den avdøde venen, men kritiserer òg legane som ikkje klarte å redde livet hans og Valerie Solanas, som prøvde å ta livet av han.

1990-åra[endre | endre wikiteksten]

I 1990, etter ein 20 år lang pause, vart Velvet Underground samla att for ein konsert for Fondation Cartier i Frankrike. Reed gav ut det sekstande soloalbumet sitt, Magic and Loss i 1992, eit album om død, inspirert av vener som hadde døydde av kreft. I 1993 vart Velvet Underground igjen samla og turnerte i Europa, medan planane om ein turne i Nord-Amerika vart kansellert på grunn av ein ny stor krangel mellom Reed og Cale. I 1994 spelte Reed på A Celebration: The Music of Pete Townshend and The Who, òg kjend som Daltrey Sings Townshend. Dette var to konsertar i Carnegie Hall produsert av Roger Daltrey for å hylle 50-årsdagen hans. I 1994 vart dette gjeve ut på ein CD og VHS, og i 1998 på DVD. Reed spelte ein heilt omarrangert versjon av «Now And Then» frå Psychoderelict.

I 1996 vart Velvet Underground innlemma i Rock and Roll Hall of Fame. Under seremonien song Reed songen «Last Night I Said Goodbye to My Friend» i lag med John Cale og Maureen Tucker, tileigna Velvet Underground-gitaristen Sterling Morrison, som døydde augst 1995. Reed har sidan vorte nominert for Æreshallen som soloartist to gonger, i 2000 og 2001, men har så langt ikkje vorte innlemma.[16]

Albumet hans frå 1996, Set the Twilight Reeling, vart møtt med lunken mottaking, medan Ecstasy frå 2000 fekk god kritikk av dei fleste kritikarar, mellom andre Robert Christgau. I 1996 medverka Reed med songar og musikk til Time Rocker, ei avantgarde teatertolking av H.G. Wells sin The Time Machine regissert av Robert Wilson. Stykket hadde premiere i Hamburg i Tyskland, og vart seinare vist i Brooklyn Academy of Music i New York.[17]

I 1998 synte PBS TV-show, American Masters dokumentaren Lou Reed: Rock and Roll Heart. Denne filmen, som hadde premiere på Sundance Film Festival i USA og Berlin Film Festival i Tyskland, vart vist på over 50 festivalar verda over. I 1999 fekk Reed og filmen ein Grammypris for beste lange musikkvideo.

Sidan seint i 1990-åra har Reed vore kjæraste med musikaren og kunstnaren Laurie Anderson, og dei har samarbeidd på fleire innspelingar i lag. Anderson medverka med «Call On Me» på Reed-prosjektet The Raven, og med songane «Baton Rouge» og «Rock Minuet» frå Reed sitt Ecstasy, og til «Hang On To Your Emotions» frå Reed sitt Set the Twilight Reeling. Reed medverka med «In Our Sleep» på Anderson sitt Bright Red og til «One Beautiful Evening» frå hennar Life on a String. Dei gifta seg 12. april 2008.[18]

2000-åra[endre | endre wikiteksten]

Reed spelar i Málaga i Spania i 2008.

I mai 2000 spelte Reed føre pave Johannes Paul II på Great Jubilee Concert i Roma. I 2000 samarbeidde han på ny med Robert Wilson på teaterstykket Poe-Try. I 2001 spelte Reed seg sjølv i filmen Prozac Nation. Den 6. oktober 2001 publiserte New York Times eit Reed-dikt kalla Laurie Sadly Listening der han reflekterer over 9/11-åtaka.[19]

I 2001 rapporterte fleire amerikanske radiostasjonar at Reed var død av ein overdose. I 2003 gav han ut det doble albumet The Raven, basert på Poe-Try. I tillegg til Reed og bandet hans, hadde han med seg mange gjesteartistar, som David Bowie, Laurie Anderson, Kate og Anna McGarrigle, The Blind Boys of Alabama og Antony Hegarty, saksofonisten og idolet hans Ornette Coleman, og skodespelarane Elizabeth Ashley, Christopher Walken, Steve Buscemi, Willem Dafoe, Amanda Plummer, Fisher Stevens og Kate Valk. Albumet bestod av songar skriven av Reed og munnlege framføringar av omarbeidde eller omskrivne tekstar av Edgar Allan Poe av skodespelarane, sett til elektronisk musikk komponert av Reed. Det vart òg gjeven ut ein enkel CD-versjon av albumet, som fokuserte på den musikalske delen av albumet.

Eit par månader etter The Raven, kom eit nytt dobbelt samlealbum ut, kalla NYC Man (The Ultimate Collection 1967-2003), med ein uutgjeven versjon av songen «Who am I» og songar frå heile karrieren hans. I april 2003 la Reed ut på ein verdsturne. Opptak frå turneen vart i 2004 gjeven ut på det doble konsertalbumet Animal Serenade, spelt inn live på The Wiltern i Los Angeles.

I 2003 gav Reed ut den første fotografiboka si, Emotions in Action. Boka bestod i røynda av to tidlegar ebøker, ei større bok i A4-format kalla Emotions og ei mindre ei kalla Actions.

After Hours: a Tribute to the Music of Lou Reed kom ut på Wampus Multimedia i 2003. I 2004 gav Groovefinder ut ein remix av songen «Satellite of Love» (kalla «Satellite of Love '04»). Denne nådde 10. plassen i Storbritannia. Reed medverka i 2004 òg med vokal på songen «Fistful of love» på I Am a Bird Now av Antony and the Johnsons. I 2005 gjorde Reed ein munnleg tekst for det danske rockebandet Kashmir sitt No Balance Palace.

I januar 2006 gav Reed ut ei ny fotobok, Lou Reed's New York.[20]2006 MTV Video Music Awards framførte Reed «White Light/White Heat» med The Raconteurs. Seinare på kvelden delte han ut prisen for beste rockevideo til Pink.

I oktober 2006 deltok Reed på hyllestshowet for Leonard Cohen «Came So Far For Beauty» i Dublin, i lag med Laurie Anderson, Nick Cave, Antony, Jarvis Cocker, Beth Orton, og fleire. Han spelte då ein heavy metal-versjon av Cohen sin «The Stranger Song».[21]

I desember 2006 spelte Reed ei rekkje konsertar basert på albumet Berlin frå 1973. Med seg hadde han gitaristen Steve Hunter, som hadde spelt på det originale albumet. Showet var produsert av Bob Ezrin, som òg produserte det originale albumet. Konsertopptak frå konsertane vart gjeven ut som Berlin: Live At St. Ann's Warehouse i 2008.

I april 2007 gav han ut Hudson River Wind Meditations, det første albumet hans med ambient meditasjonsmusikk. I august 2007 gjekk Reed i studio med The Killers i New York City og spelt einn «Tranquilize», ein duett med Brandon Flowers for The Killers-albumet Sawdust.

Reed spelar Berlin i Stockholm i 2008

Den 12. april 2008 gifta Reed seg med Laurie Anderson i Boulder i Colorado.[22]

2. og 3. oktober 2008 spelte den nye gruppa hans, Metal Machine Trio, i Los Angeles. Opptaka frå konserte vart sidan gjeven ut som The Creation of the Univers. Dei spelte fritt improvisert instrumentalmusikk inspirert av Reed-albumet Metal Machine Music frå 1975. Reed spelte «Sweet Jane» og «White Light/White Heat» med Metallica i Madison Square Garden som ein del av 25-årsjubiletumet for Rock And Roll Hall Of Fame den 30. oktober 2009.[23]

I 2009 vart Reed eit aktivt medlem av Jazz Foundation of America[24] (JFA).

2010-åra[endre | endre wikiteksten]

Reed heldt fram å vere aktiv. Han medverka med vokal på det tredje Gorillaz-albumet Plastic Beach, på songen «Some Kind Of Nature».[25].

Lou Reed spelte ein coverversjon av Buddy Holly-songen «Peggy Sue», som finst på hyllestalbumet Rave On Buddy Holly.

Reed turnerte òg med Metal Machine Trio, og utforska vidare støy og lyd. 31. oktober gav Reed og Metallica ut albumet LULU i lag.[26]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med the Velvet Underground[endre | endre wikiteksten]

Som soloartist[endre | endre wikiteksten]

Samarbeid[endre | endre wikiteksten]

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lou Reed - Walk on the Wild Side: The Stories Behind the Songs, Chris Roberts and Lou Reed, 2004, Hal Leonard, ISBN 0-634-08032-6
  2. rollingstone.com, Lou Reed, Velvet Underground Leader and Rock Pioneer, Dead at 71
  3. Rock and Roll Hall of Fame (2000). «The Velvet Underground». Arkivert frå originalen den juni 29, 2006. http://web.archive.org/web/20060629091811/http://www.rockhall.com/hof/inductee.asp?id=204. Henta 1. okt. 2011. 
  4. Richie Unterberger & Greg Prato (2005). «Lou Reed Biography». http://search.mercora.com/v6/ArtistMetaData.jsp?name=Lou+Reed. Henta 2006-09-15. 
  5. "Lou Reed". The Guardian. Henta 1. okt. 2011.
  6. "[1]". "People". Henta 1. okt. 2011.
  7. 7,0 7,1 «Lou Reed and Julian Schnabel». Spectacle. 2008. nr. 2, sesong 1.
  8. 8,0 8,1 Colin, Chris. «Lou Reed - Salon.com». Salon.com. http://dir.salon.com/people/bc/2000/05/16/reed/. Henta 1. okt. 2011. 
  9. David Fricke, liner notes for the Peel Slowly and See box set (Polydor, 1995)
  10. "Velvet Underground and Nico" (1967), album cover notes and record label.
  11. Black, Johnny. Time Machine: Velvet Underground (1997), Mojo Magazine
  12. BBC-Music Review
  13. Lou Reed intervju med Anthony DeCurtis i 92nd Street Y New York den 18. sept. 2006
  14. Waiting For The Man - A Biography of Lou Reed. Jeremy Reed, 1994 Picador p.156
  15. Sandall, Robert (February 9, 2003), Lou Reed: Walk on the mild side, London, http://www.timesonline.co.uk/tol/life_and_style/article860207.ece, henta 2. okt. 2011 
  16. Futurerockhall.com
  17. Pareles, Jon (November 14, 1997), NEXT WAVE FESTIVAL REVIEW/MUSIC; Echoes of H. G. Wells, Rhythms of Lou Reed, http://query.nytimes.com/gst/fullpage.html?res=9404E5D81738F937A25752C1A961958260&sec=&spon=&pagewanted=1 
  18. Morning Memo: Lou Reed and Laurie Anderson Make it Legal
  19. «War Poems». Bushwatch.com. http://www.bushwatch.com/auden.htm. Henta 2. okt. 2011. 
  20. Lou Reed's New York
  21. "Came so Far For Beauty At The Point Theatre, Dublin, oktober 4 and 5, 2006", http://www.leonardcohenfiles.com/dublin.html
  22. "Laurie & Lou's big day", BBC Radio 6 Music (bbc.co.uk), mai 1, 2008 (accessed mai 6, 2008)
  23. «BLABBERMOUTH.NET - METALLICA With OZZY, LOU REED, RAY DAVIES At ROCK HALL Concert: More Video Footage Available». Roadrunnerrecords.com. http://www.roadrunnerrecords.com/blabbermouth.net/news.aspx?mode=Article&newsitemID=129623. Henta 2010-03-26. 
  24. jbspins.blogspot.com. 2009-13-10. URL: http://jbspins.blogspot.com/2009/05/great-night-2009.html. Accessed: 2009-13-10. (Archived by jbspins.blogspot.com at http://jbspins.blogspot.com/2009/05/great-night-2009.html)
  25. Lynskey, Dorian (26 juni 2010), Gorillaz at Glastonbury 2010, London, Arkivert frå den opphavlege versjonen den 18 juni 2011, http://www.webcitation.org/5zXp38mux, henta 9 juli 2010 
  26. «Secret Recording Project?». Metallica.com. Metallica. 15 juni 2010. Arkivert frå originalen den 18 juni 2011. http://www.webcitation.org/5zXoq0kSN. Henta 2. oktober 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lou Reed
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Lou Reed