Songs for Drella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Songs for Drella
Studioalbum av Lou Reed og John Cale
Utgjeve 11. april 1990
Innspelt at Sigma Sound, New York City
Sjanger Kunstrock
Lengd 52:54
Selskap Sire Records
Produsent Lou Reed og John Cale
Kritikk
Lou Reed-kronologi
New York
(1989)
Songs for Drella Magic and Loss
(1992)

Songs for Drella er eit konseptalbum av Lou Reed og John Cale, begge tidlegare i The Velvet Underground.

Den 9. januar 1989 framførte Cale og Reed delar av Songs for Drella i The Church of St. Anne's i Brooklyn. Den første fulle versjonen vart framført 29. og 30. november og 2. og 3. desember på Next Wave Festival i Brooklyn Academy of Music. Den siste framføringa hadde dei med seg Maureen Tucker, òg frå Velvet Underground, for ekstranummeret «Pale Blue Eyes».

Albumet kom ut i 1990 på Sire Records. Ei konsertframføring, utan publikum, frå Brooklyn Academy of Music, regissert av Ed Lachman, vart filma den 6. desember 1989 og gjeven ut på VHS og laserdisc.[4]

Albumet var det første samarbeidet til paret sidan 1972, og tileigna minnet til Andy Warhol, mentoren deira, som uventa døydde i 1987. Drella var eit kallenamn Warhol Superstar-personane hadde for Warhol, ei samantrekkin av Dracula og Cinderella.

Songs for Drella er ein hyllest til Warhol, og fokuserer på dei personlege forholda og opplevingane hans. Songane fell i stort sett tre kategoriar: Sognar sett frå Warhol sitt perspektiv, tredjepersonsforteljingar om hendingar og forhold, og førstepersonskommentarar om Warhol av Reed og Cale sjølv.

Mot slutten av innspelinga hevda Cale at han aldri skulle arbeide med Reed igjen på grunn av personlege skilnader, men Songs for Drella vart likevel opptakte til ei gjenforeining med Velvet Underground.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Lou Reed og John Cale

# Tittel Lengd
1. «Smalltown»   2:04
2. «Open House»   4:18
3. «Style It Takes»   2:54
4. «Work»   2:38
5. «Trouble with Classicists»   3:42
6. «Starlight»   3:28
7. «Faces and Names»   4:12
8. «Images»   3:31
9. «Slip Away (A Warning)»   3:05
10. «It Wasn't Me»   3:30
11. «I Believe»   3:18
12. «Nobody But You»   3:46
13. «A Dream»   6:33
14. «Forever Changed»   4:52
15. «Hello It's Me»   3:13

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]