Hestespreng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hestespreng


Illustration Cryptogramma crispa0.jpg

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Familie: Adiantaceae
Slekt: Cryptogramma
Art: C. crispa
Vitskapleg namn
Cryptogramma crispa
(L.) R. Brown ex Hooker, 1842

Hestespreng er ein planteart av bregner. Planta dannar opp til 3 dm høge tette tuer av lysgrøne blad av to typar. Dei fleste blada er sporelause og sterkt flikete, dei noko lengre sporeberande blada meir opprette. Arten si utbreiing er avgrensa til Europa. Hestespreng er vanleg i heile Noreg over skoggrensa på steinete, kalkfattig grunn i urer og rasmarkar der det ligg eit tjukt snødekke om vinteren. På Vestlandet fins arten også ned mot havnivå. I Hordaland er hestespreng funnen opp til over 1500 m. Best kjend er bregna på Vestlandet der folk meiner at planta er giftig for husdyr, særleg for hestane. Det heiter at hestar som et dette graset vert sprengde fordi hestemagen vert blesen opp.

[endre] Kjelder

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk