Hiiumaa
- Sjå òg fylket Hiiu maakond.
| Hiiumaa | |
|---|---|
Takhuna, den nordlegaste delen av Hiiumaa. |
|
| Geografi | |
| Stad | Austersjøen |
| Koordinatar | |
| Areal | 989 km² |
| Høgaste punkt | Tornimägi (68 moh.) |
| Administrasjon | |
| Land | Estland |
| Maakond | Hiiu maakond |
| Største busetnad | Kärdla (3 736 innb.) |
| Demografi | |
| Folketal | 10 222 |
Hiiumaa eller Dagö er den nest største øya i Estland med eit areal på 989 km². Ho ligg i Austersjøen, nord for øya Saaremaa. Den største tettstaden på øya er Kärdla.
Hiiumaa er den største øya i Hiiu fylke, som vert kalla Hiiumaa eller Hiiu maakond på stisk. Det svenske og tyske namnet på øya er Dagö, og det finske er Hiidenmaa.
Historie[endre]
Arkeologiske spor av dei første busetnadane på Hiiumaa går tilbake til 300-talet fvt.. Dei første skrivne kjeldene omtalar øya som Dageida i 1228, då øya i lag med resten av Estland vart erobra av tyske krossfararar. I 1254 vart Hiiumaa delt mellom bispedømet Ösel-Wiek og Sverdbroderordenen frå Den tyske riddarordenen (som òg delvis handla på vegne av Hansaen). Øya var ein del av Sverige frå 1563 til 1710. Mesteparten av den svensktalande busetnaden emigrerte, eller vart estiske, under den russiske perioden som varte frå 1710 til den første verdskrigen, då ho var okkupert av tyske styrkar. Etter krigen vart ho ein del av av eit sjølvstendig Estlnad, men vart annektert av Sovjetunionen i 1940, av tyskarane i 1941, og av Sovjetunionen igjen i 1944. Ho var ein del av Sovjetunionen fram til landet kollapsa i 1991. Sidan då har øya høyrt til Estland.
Bakgrunnsstoff[endre]
Kjelde[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Hiiumaa» frå Wikipedia på engelsk, den 29. mars 2007.