Hindutempel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Landsbytempel i Siolim i Goa.
Foto: Dominik Hundhammer
Malibu Hindu Temple er eit kvitt tempel i tradisjonell sørindisk stil i California.
Foto: Ganesh Krishnamurthy

Hindutempel er bygningskompleks der ein kan tilbe hindugudar. Dei finst i små utgåver, til dømes som små gudshus langs vegen, eller store, byliknande område, som Angkor Vat i Kambodsja eller Srirangam sør i India. Tempelarkitektur følgjer ein viss tredimensjonal struktur fastlagd av vastusjastra, medan vitjande følgjer visse reglar, som å ta av seg skorne utanfor det heilage området og å gå rundt heilagdommen med klokka. Elles kan skikkar og utforming vera svært ulike frå stad til stad.

Dei fleste hindutempel følgjer eit visst mønster når det gjeld kva rom og strukturar det skal ha, utforminga av desse, og korleis dei blir plasserte i høve til kvarandre og omverda. Dekorasjonane er derimot friare, sjølv om også desse vanlegvis har ein viss symbolikk. Ein finn derfor ei rekke ulike måleri, utskjeringar og skulpturar i hindutempel.

Utforming[endre | endre wikiteksten]

Kart over Angkor Vat. Det aller heilagaste er i midten, inni eit innelukka gudshus (gråfarga). Rundt finst ein platting (brunfarga). Ein veg leier rett mot gudsrommet.
Modell av dei sentrale bygningane i verdas største hindutempel, Angkor Vat.
Pura Tanah Lot er eit tempel like ved kysten av Bali.
Foto: Stephanie Biechele

Kjernen i eit tempel er gudsrommet, ofte eit lite rom, som blir kalla garbhagrha, ‘livmor-rom’. Dette er det aller heilagaste i tempelet, og inneheld anten eit gudebilete (murti) eller eit anna symbol på guddommen. Rommet er det sentrale punktet i tempelet, plassert tilnærma midt i tempelkomplekset, med eit iaugefallande tak over, og gjerne ein veg som leier direkte mot det. Under golvet ligg grunnsteinen til tempelet. Rommet har ei dør som kan lukkast; denne blir ofte stengd midt på dagen og om natta. Dørkarmen er tydeleg og gjerne dekorert.

Framføre det aller heilagaste er ein open plass eller eit rom der folk kan vera (mandapam). Plassen kan ha tak og gjerne også veggar, men kan også vera heilt utomhus. Større rom har dekorerte søyler og dekorerte innsider. Det kan også vera nisjar i veggane for mindre guddommar, eller eigne små gudshus i hjørna av rommet eller den opne plassen. Viss det er snakk om eit rom, vil også dette ha ein tydeleg dørkarm. Vidare kan det vera ei rekke mindre rom eller gangar framføre tempelrommet.

Ein har plass til å gå rundt det aller heilagaste; anten i form av ein gang inni gudshuset eller ved at det er mogleg å gå rundt huset til guddommen. Utsida av gudshuset er også religiøst dekorert. Like utføre gudshuset står gjerne ei flaggstong eller eit tempeltårn. Ein kan også finna særskilde symbol for guddommen her.

Tempelområdet ellers kan ha mindre gudshus spreidde rundtforbi. I nokre gamle tempel kan ein òg finna eit basseng. Området kan vera avgrensa av eit gjerde og vil ofte ha ein port ved inngangen. Ofte må ein gå opp trapper for å koma til eit tempel, til tider svært mange trappetrinn. Tempel er ofte bygd oppå fjell eller åsar, ved vatn, eller langs ein veg.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Tilbedande hinduar ved gudebiletet i eit tempel i Rajasthan.
Tempel til Ganpati (Ganesja) med vitjande i Maharashtra.
Foto: Prateek Karandikar

Vanlege hinduar kan vitja tempel dagleg, til og med meir enn ein gong til dagen, eller berre ved særskilde høve, som ei høgtid eller at dei treng ei signing. Før dei dreg til tempelet bør dei vaska seg og skifta klede. Nokre stader treng ein særskilde tradisjonelle klede, men som regel held det å vera tekkeleg kledd. I nokre tempel dekker kvinner hovudet med eit stykke tøy (til dømes enden av sarien) og i andre tempel har menn bar overkropp. Utanfor tempelet blir skorne tekne av, slik at ein går barbeint på det symbolsk reine tempelområdet.

I løpet av ei vitjing vil ein gjerne utføra pradaksjana, eller rundgang med klokka rundt heilagdommen. Ein vil også oppnå blikkontakt med guddommen (darsjan) og motta ei signing av presten, som regel signa mat eller drikke (prasad) og eit pannemerke. Sjølv ofrar ein noko, gjerne pengar, men også gåver som blomar eller frukt, som ein ofte kan få tilbake som prasad. Ved særskilde høve kan ein også ofra håret sitt ved å barbera det av.

I mange tempel kan berre prestane gå inn i det aller heilagaste. Vitjande kan i staden samla seg i rommet framføre guddommen, eller i travle tempel stå i lange køar for å få sjå han. På plassen utanfor gudsrommet kan ein knela, be, meditera, synga lovsongar (bhadjan), høyra på religiøse historier (som Ramayana) eller førelesingar, eller berre slappa av.

Det blir gjerne halde tilbedingsseremoniar (arti) morgon og kveld eller oftare i tempelet. Andre seremoniar kan vera symbolsk vekking, påkleding, mating og legging av guddommane. I samband med høgtider kan ein også laga prosesjonar med gudebilete og tempelvogner. Ein hindu kan tinga ein eigen signingssremoni (podja) utført i tempelet. Ein kan utføra overgangsriter som bryllaup og namngjevingsseremoniar i tempelet, men desse kan ein også like godt gjera heime.

Nokre stader har ein stengd ute lågkastefolk. Etter ein del politisk uro rundt dette på 1900-talet, er alle tempel no i teorien opne for alle som kallar seg hindu. Særskilde tempel kan vera forbodne for grupper som fruktbare kvinner av religiøse grunnar (sjå til dømes Ajappan). I nokre tempel er ikkje-hinduar utestengde frå delar av eller heile tempelområdet, men dei fleste er i dag opne for alle.

Ein eller fleire prestar har ansvar for vedlikehald og bruk av eit tempel, men større tempel blir gjerne administrert av eit styre. Ein kan vera prest på fulltid og til og med bu i tempelkomplekset, eller ta vare på eit mindre tempel ved å utføra enkle daglege seremoniar der. Andre folk tilknytta tempelet kan vera musikarar, dansarar (devadasi), kjøpmenn, barberar og tiggarar (sadhuar eller fattige).

Arkitektur[endre | endre wikiteksten]

Kysttempelet i Mamallapuram frå 600-talet. Dette sørindiske tempelet har ein tydeleg pyramide med trappetrinn på taket.
Foto: Mckaysavage

Hindutempel blir helst bygde i stein, og dei er dermed svært varige bygningar.

Stilar[endre | endre wikiteksten]

Madana Mohana-tempelet i Vrindavan har eit høgt, smalnande nordindisk tak utan dekorasjonar.

Dei viktigaste tempelstilane i dag er nagara-stilen, som blir brukt i nordindisk tradisjon, og dravida-stilen, som blir brukt i sørindisk. Den viktigaste skilnaden mellom desse er utforminga av taka, som er høge, avrunda og lite dekorerte i nagara-stilen, og forma meir som pyramidar med avsatsar, i tillegg til å vera overlessa med skulpturar, i dravida-stilen, og portane, som er store, ofte høgare og gjerne i same stil som tempeltaket i sørindisk stil, medan dei er små i nordindisk stil.

Andre tempeltypar er vesara eller blandingsstilen mellom nordleg og sørleg stil i Karnataka, som ein til dømes kan sjå i tempelruinane i Halebid og Belur, og utformingar i utkantstrok som Kerala, Bengal og Himalaya.[1]

Ulike tempeldelar[endre | endre wikiteksten]

Rom er gjerne firkanta, men kan også ha andre former. Det aller heilagaste er ofte kvadratisk, men i sørindisk tradisjon kan det vera rektangulært i Visjnu-tempel, og elles også rundt eller åttekanta.

Taket over det aller heilagaste står for eit fjell, og det er difor ofte høgt og smalnande som ein fjelltopp. Nordindiske tempeltak er gjerne enkle og einsfarga, men det høgaste taket i tempelkomplekset. Mange er tynnvorne og kan ha ei flaggstong på toppen; dei kan minna litt om ein buddhistisk stupa. Sørindiske tak er store pyramideaktige strukturar inndelte i trinn, overfylde med figurar. Ein finn også tilsvarande tak over tempelporten og eventuelle inngangsrom i sørindiske tempel. Innsida av taket er også dekorert med målte mønster eller utskjeringar.

Veggane og innsida av taket har gjerne også dekorasjonar, enten utskjeringar eller fresker. Desse viser mytologiske motiv eller religiøse symbol. Veggane kan ha nisjar for andre heilagdommar enn hovudguden.

Fargar på tempel kan variera frå duse til grelle. Mange hindutempel er måla i skarpe fargar, til dømes raud- og kvitstripa, eller rosa. Andre kan ha naturfarge etter steinen dei er laga av. Nordindiske tempeltak kan vera raudlege eller kvite, medan sørindiske tempel særmerker seg ved fargerike figurar på taka og gjerne også elles.

Flaggstonga på taket eller like ved tempelbygget har ei viktig symbolsk tyding – ho står for verdsaksen og er eit motsvar til søyla laga av gudebiletet. Nordindiske tempel har nesten alltid tempelflagg på flaggstonga, medan ho ofte står utan i Sør-India.

Symbol utanfor tempelet kan vera treforken for Ganesja, Morgudinna, eller Sjiva, spyd for Murugan, eller ein statue av oksen Nandi for Sjiva.

Symbolikk[endre | endre wikiteksten]

Søylegang mot det aller heilagaste frå Amritheswara-tempelet i Karnataka
Foto: Dinesh Kannambadi
Sjå òg symbol i hinduismen

I følgje vedisk tenking er tempelet eit mikrokosmos, eit bilde på universet i liten målestokk (sjå bandhu). Vastusjastra-tekstane seier at tempelplanen skal vera ein mandala, bygd opp av eit nettverk av kvadrat og likesida trekantar, der kvadratet i midten står for tempelguddommen og kvadrata vidare utover for gudar av stadig lågare rang.[2]

Når ein går inn i eit tempel går ein frå den opne tempelplassen inn mot stadig meir lukka rom, til ein til slutt når det aller heilagaste, rommet der gudebiletet står, som skal minna om ei grotte. Elles i hinduismen blir naturlege grotter ofte rekna som heilage. Gudebiletet står for verdas navle og ein del av den den kosmiske søyla. Bygget det står i skal minna om fjellet som i følgje hinduisk tenking står ved verdas navle, og mange tempel er bygd nettopp slik at dei minner om fjell.[2],[3]

Hindutempel i verda[endre | endre wikiteksten]

Tempel i Varanasi.
Foto: Baba Steve
Hindutempel i eit vanleg rekkehus i Bedford i England.
Foto: Simon Speed

Det finst hindutempel overalt der det bur eller har budd hinduar, både i Sør-Asia, tilstøytande område og den indiske diasporaen. Flest tempel er det utan tvil i India, der det finst minst eitt i kvar landsby, i tillegg til tempelbyar som Varanasi og Kanchipuram der det finst hundretals ulike gudshus. I tillegg til resten av Sør-Asia finst det òg gamle hindutempel i delar av Asia som har vore hinduiske, til dømes i Indonesia og Kambodsja. I nyare tid har utvandrarar og nyhinduiske rørsler, som harekrisjnarørsla, sytt for at det har vakse fram tempel over heile verda.

Europa[endre | endre wikiteksten]

I Noreg var det i 2007 fire hindutempel: Sanatan Mandir Sabha på Slemmestad, Sivasubramanayar Alayam (Norges Hindu Kultursenter)Ammerud i Oslo, Bergen Hindu Sabha i Bergen og Sri Tiller Ganesha Tempel i Trondheim. Desse ligg i bygg som tidlegare har vore brukt til noko anna, og følgjer ikkje dei hinduiske byggereglane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Anthony Batchelor for TempleNet: Indian Temple Architecture
  2. 2,0 2,1 Anthony Batchelor: «The Hindu Temple» på TempleNet
  3. Encyclopædia Britannica: «Hinduism» (Encyclopædia Britannica Online. 28 Sept. 2007)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hindutempel