Hobøl kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hobøl kyrkje
kyrkje
Hobøl kyrkje
Foto: Trond Strandsberg
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Borg
Prosti Sarpsborg
Sokn Hobøl
Fellesråd Indre Østfold
Type Langkyrkje
Periode Romansk
Teknikk Mur
Material Stein
Innvigd Andre halvdel av 1100-talet
 - Vigd til Den heilage Margareta
 - Endringar Restaurert 1818, 1938
Portal Ja
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol I tre, frå 1602
Døypefont Kleberstein og granitt, frå mellomalderen
Altartavle Baldakinaltartavle frå byrjinga av 1600-talet
Sitjeplassar 250
Diverse Kopi av kristusfigur av Thorvaldsen
Kart
Hobøl kyrkje
59°36′03″N 10°55′26″E / 59.600751°N 10.92390389°E / 59.600751; 10.92390389
Wikimedia Commons: Hobøl kirke

Hobøl kyrkje er ei romansk langkyrkje frå andre halvdel av 1100-talet som står i Indre Østfold kommune i Østfold. Byggverket er i stein og har 250 sitjeplassar.[1]

Skipet er rektangulært og kort. Mot vest er våpenhuset og mot aust koret, som har påbygd apsis. Kyrkja har ein åttekanta takryttar som ender i ein høg og smal hjelm. Takryttaren er frå 1720-talet.[2]

Hobøl kirke vart kjøpt av prost Lars Rasch i 1723 og hadde fleire forskjellige eigarar inntil ho vart overteke av kommunen midt på 1800-talet.

På kyrkjetunet står Kyrkjestallen, som er innreidd til forsamlingshus. Kyrkja feira 800-årsjubileum 28. mai 1995.

Det indre av kyrkja[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja innvendig sett mot koret. I forgrunnen lysekrone, til venstre galleriet, til høgre preikestolen. På den andre sida ser vi kristusfiguren som er plassert attmed døypefonten. Heilt inst er altartavla.
Foto: Hans A. Rosbach
Mot orgelet og galleriet. På veggane heng presteportrett.
Foto: Hans A. Rosbach

Kyrkja har galleri langs nord- og vestveggen, og orgelet er plassert i den sørlege delen av vestgalleriet. Inventaret er rikt og frå ulike tidsepokar. Berre døypefonten er bevart frå mellomalderen.

Altartavla

Dei eldste delane av altartavla er frå ca. 1600. Biletet av nattverda var dekt av overmåling i ei årrekkje, og vart avdekt og restaurert av Ulrik Hendriksen i 1938. Den lange teksten er underteikna med BERNHARDUS og aller nedst ANNO 1630. Altartavla vart måla på nytt i 1703.

Preikestolen

Preikestolen var ei gåve til kyrkja frå Adrian Busch i 1602 og vart laga av Nicolaus Petri Ripen. Han har fem fag. Av desse har fire målerier av evangelistane. Desse er frå same tid som oppmålinga av altartavla i 1703 og er utført av same Contrafeyer.

Preikestolhimlinga

Preikestolhimlinga er åttekanta og dekorert med akantus. På midstokken er speilmonogrammet til Kristian VI med englar omkring.

Døypefonten

Døypefonten er av romansk type. Sjølve kummen er av granitt og foten av kleberstein. Kummen er laga til ein annan fot enn han står på. Delane passar ikkje saman, og partiet mellom kummen og foten er difor fylt med småstein.

Døypefonthimlinga

Over døypefonten heng ein himling i raudt, grønt og gull med akantusbøylar. Himlinga har ei innskrift der det står: «Gud og Kirken helliget Anno 1739».

Kristusfiguren

Kristusfiguren er ein kopi av Bertel Thorvaldsen sin figur «Kristus», som står i Vor Frue kirke i København. Skulpturen var ei gåve til kyrkja i 1871.

Kyrkjegard og prestegard[endre | endre wikiteksten]

Det er kyrkjegard ved kyrkja, og like nordvest for kyrkja er prestegarden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Rasmussen (1993), s. 673
  2. Norges kirker

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]