George Harrison

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
George Harrison
George Harrison 1974 edited.jpg
Alias L’Angelo Misterioso
Hari Georgeson
Nelson/Spike Wilbury
George Harrysong
Carl Harrison
George O'Hara-Smith
Fødd 25. februar 1943
Liverpool i England
Død 29. november 2001 (58 år)
Los Angeles i USA
Instrument Gitar, ukulele, sitar, synthesizer, piano, vokal, mandolin, orgel, trommer, sarod
Sjanger Rock, pop
Aktive år 1958–2001
Yrke Musikar, låtskrivar, produsent
Tilknytt artistar The Beatles, Traveling Wilburys, The Quarrymen, Plastic Ono Band
Plateselskap Parlophone, Capitol, Apple
Vee-Jay, EMI, Dark Horse Records
Nettside GeorgeHarrison.com
Kjende instrument
Fender Stratocaster
Rosewood Telecaster
Gibson Les Paul
Gibson SG
Epiphone Casino
Rickenbacker 360/12

George Harrison (25. februar 194329. november 2001) var ein engelsk musikar og filmprodusent, best kjend som medlem i den britiske gruppa The Beatles.

Harrison var sologitarist i The Beatles og i løpet av den ekstremt suksessrike karrieren deira var det John Lennon og Paul McCartney som skreiv og song førstestemme på dei fleste songane, men Harrison skreiv og/eller song førstestemmen på eit fåtal songar på kvart einaste album. Av desse songane finn ein «If I Needed Someone», «Taxman», «Within You Without You», «While My Guitar Gently Weeps», «Here Comes the Sun» og «Something».

I løpet av perioden i The Beatles vart Harrison òg interessert i både indisk musikk og hinduisme og medverka sterkt til ein blømande interesse for indisk kultur i Vesten, men først og fremst skulle begge delar få viktige roller i Harrison sitt eige liv.

Harrison hadde ein ujamn, men tidvis særs suksessrik solokarriere etter at The Beatles vart oppløyst og fekk ei rekkje listetoppar med songar som «My Sweet Lord» (1970), «Give Me Love (Give Me Peace on Earth)» (1973), «All Those Years Ago» (1981) og «Got My Mind Set on You» (1987). Han organiserte òg den aller første gigantiske rock-veldigheitskonserten, The Concert for Bangladesh, som vart avvikla den 1. august 1971 og som bana veg for liknande seinare arrangement, som Live Aid. Harrison vart æra som soloartist med ein plass i Rock and Roll Hall of Fame i 2004.

Han vart, saman med dei andre medlemmene i The Beatles, tildelt MBE, Member of The Most Excellent Order of the British Empire, av dronning Elizabeth II i 1965.

Harrison medverka òg til ein del filmprosjekt som filmprodusent og danna produksjonsselskapet Handmade Films i 1979. Av filmar på dette selskapet finn ein Life of Brian, Time Bandits, Withnail og jeg og Mona Lisa. Harrison hadde òg ei cameo-rolle i filmen The Rutles, som var ein uhøgtidleg parodi på The Beatles.

Dei første åra[endre | endre wikiteksten]

George Harrison vart fødd i Liverpool i England. Systera hans Louise har sagt at mor deira skreiv i dagboka si at han vart fødd ti minutt etter midnatt den 25. februar, men Harrison sjølv hevda at han vart fødd den 24. februar kl 11.40 om føremiddagen. Det fulle namnet hans vert enkelte stader oppgjeve til å vere George Harold Harrison, men det er ikkje korrekt. Harrison hadde ikkje noko mellomnamn, noko som framgår av fødselsattesten hans. Harold var faren sitt namn.

Han gjekk mellom anna på Liverpool Institute for Boys i lag med Paul McCartney og i byrjinga av februar 1958 spelte Harrison sologitar i eit lokalt band som opphavleg kalla seg The Quarry Men, men som til slutt skulle verte The Beatles.

I 1959 jobba Harrison ein kort periode som elektrikarlærling ved Blacklers Stores i Liverpool. Dette medverka til at Harrison vart den i gruppa som visste mest om korleis ein koplar opp musikkutstyr. Seinare installerte han utstyr for fleirsporsinnspeling i heimen sin i Esher utanfor London, der han gjorde demoar (prøveinnspelingar) av songar for seg sjølv og The Beatles.

Harrison si rolle i The Beatles[endre | endre wikiteksten]

Paul McCartney, George Harrison og John Lennon opptrer i 1964.

Harrison, som var den yngste i The Beatles, spelte flytande, oppfinnsamt og teknisk kompetent solo- og rytmegitar og hans førebilete var Chuck Berry, Carl Perkins og Chet Atkins. Sjølv om han var ein kreativ sologitarist, var fleire av dei kjende gitarsoloane hans spelt inn etter nøyaktige instruksjonar av Paul McCartney, som òg ved enkelte høve forlangte at Harrison skulle spelte nøyaktig det McCartney sjølv førestilte seg, note for note. Andre av Harrison sine soloar vart instruert og modifisert av produsenten George Martin, som òg ved fleire høve la ned veto mot Harrison sine bidrag til song og instrumentering. Martin gav fleire år seinare uttrykk for at han alltid var «for hard (rather beastly) mot George».

I løpet av Beatlemania (frå hausten 1963) då Beatles-hysteriet var på det største, vart George av media ofte karakterisert som den «den stille Beatle», basert på hans innadvente vesen og hans tendens til ikkje å ta ordet på pressekonferansar. Han studerte situasjonar og menneske nøye og var òg den i The Beatles som var mest opptatt av finansane til gruppa og som ofte stilte spørsmål til manageren Brian Epstein om desse.

George Harrison kjem til Abbey Road Studios i London i 1967.

Harrison skreiv den første songen sin, «Don’t Bother Me», i løpet av ein dag då han var sjuk i 1963, som ei øving for «å sjå om eg hadde evna til å skrive ein song», som han sa. «Don’t Bother Me» er spelt inn på The Beatles sitt andre studioalbum, With The Beatles, som kom seinare det same året. Etter dette spelte ikkje The Beatles inn fleire songar av Harrison før i 1965 då han medverka med «I Need You» og «You Like Me Too Much» til albumet Help!.

Eit vendepunkt i karrieren til Harrison kom i løpet av ein amerikansk turne i 1965, då venen David Crosby i gruppa The Byrds introduserte han for indisk klassisk musikk og arbeidet til sitarspelaren Ravi Shankar. Harrison vart snart fascinert av instrumentet og fordjupa seg i indisk musikk og vart sjølv sentral i populariseringa av sitaren spesielt, og indisk musikk generelt, i Vesten.

Gjennom sjølv å kjøpe med seg ein sitar då The Beatles vende heim etter ein turne i Asia, kom han til å verte den første vestlege popmusikaren som spelte sitar på ein poplåt – John Lennon sin «Norwegian Wood (This Bird Has Flown)». Harrison tok kontakt med Shankar og sørgde mellom anna for at den indiske musikaren fekk spele på Monterey Pop Festival i juni 1967. Shankar sjølv var ikkje spesielt imponert av Harrison sitt første forsøk på sitarspel, men dei to vart vener og Harrison fekk si første formelle musikkundervisning under Shankar.

George Harrison syng Hare Krishna i Vrindavan i India.

Eit personleg vendepunkt for Harrison kom under innspelinga av filmen Help!Bahamas, då ein hindu gav kvart av medlemmene i The Beatles ei bok om reinkarnasjon. Harrison si interesse for indisk kultur utvida seg dermed til å omfatte hinduismen. Ei pilegrimsreise saman med kona Pattie Boyd til India, der Harrison studerte sitar, møtte fleire guruar og vitja ei rekkje heilage stader, fylte månadane mellom den aller siste Beatles-turnen og dei første forsøka på innspelinga av det banebrytande albumet Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band.

Det kan derfor verke ironisk at det var gjennom kona, tilbake i England, at Harrison møtte Maharishi Mahesh Yogi, som introduserte alle Beatles-medlemmene, samt konene og kjærestane deira, til transcendental meditasjon. Då dei, skuffa og desillusjonerte, braut med Maharishi etter nokre månader, heldt Harrison fram søken sin etter austleg andelegheit.

Sommaren 1969 produserte han singelen «Hare Krishna Mantra», der han sjølv spelte saman med entusiastiske medlemmer av London Radha-Krishna Temple. Singelen hamna høgt på hitlistene i Storbritannia, Europa og Asia. Det same året møtte han og Beatles-kollega John Lennon A.C. Bhaktivedanta Swami Prabhupada, grunnleggaren av International Society for Krishna Consciousness (ISKCON). Etter kort tid omfamna Harrison tradisjonane i Hare Krishna-rørsla, (spesielt japa-yoga, messing med bedekrans, ein meditasjonteknikk som ikkje er helt ulik den katolske rosenkransbøna) og han vart assosiert med denne rørsla resten av livet. Medan han enno var i live, testamenterte Harrison herskapshuset Letchmore Heath nord for London til ISKCON (som omdøypte staden til Bhaktivedanta Manor). Dette utløyste spekulasjonar om at han ville testamentere store delar av formuen sin til rørsla. Medan nokre kjelder hevder at dette ikkje skjedde, finst det andre som hevder at Harrison etterlet 20 millionar britiske pund til rørsla.

Paul McCartney sin Höfner-bass og George Harrison sin sologitar frå Gretsch.

Indre stridar[endre | endre wikiteksten]

På slutten av 1960-åra knytte Harrison eit tett venskap med gitaristen Eric Clapton og saman skreiv dei songen «Badge» som vart gjeve ut på The Cream sitt siste album i 1969. Songen vart seinare grunnlaget for Harrison sin song på The Beatles-albumet Abbey Road, «Here Comes the Sun». Harrison skreiv songen i hagen til Clapton.

Friksjonen mellom Harrison og McCartney auka merkbart under innspelinga av The Beatles sitt dobbeltalbum i 1968 og Harrison truga med å gå frå gruppa ved fleire høve. Mellom 1967 og 1969 uttrykte McCartney fleire gonger misnøye med Harrison sitt gitarspel. Som følgje av kritikken vart fleire av Beatles sine songar frå denne perioden spelt inn med anten McCartney eller med Lennon som sologitarist. Spenninga mellom Harrison og McCartney kjem til syne i fleire scener i Let It Be-dokumentaren. Forholdet mellom dei var så spent under filminga at Harrison faktisk slutta i gruppa ein kortare periode.

Låtskrivaren[endre | endre wikiteksten]

Harrison sine evner som låtskrivar betra seg radikalt gjennom åra. Songane hans vart gradvis møtt med større respekt frå både publikum og dei andre i The Beatles. Ved eitt høve i 1969 sa Lennon til McCartney at «George sine songar i år er omtrent like bra som våre». Uansett sa Harrison sjølv i ettertid at han alltid måtte kjempe for å få gruppa til å spele inn songane hans.

Framståande Harrison-songar frå Beatles-tida inkluderer «If I Needed Someone», «I Want to Tell You», den indisk-influerte «Love You To», den sarkastiske «Taxman» (som seinare påverka Cheap Trick sin «Taxman, Mr. Thief» og The Jam sin «Start»), den innovative, men ofte baktalte «Within You Without You», «While My Guitar Gently Weeps», som hadde ein sterk påverknad på musikken til venen hans Roy Orbison og der Clapton spelte gitarsoloen og «Piggies», som seinare tilfeldig kom til å spille ei rolle i mordsaka mot Charles Manson, noko som McCartney-songen «Helter Skelter» òg gjorde.

«Something» og «Here Comes the Sun» (begge frå albumet Abbey Road) er truleg dei mest kjende Beatles-songane hans. «Something» vert ofte trekt fram som det aller beste verket hans og har mellom anna vorte spelt av Elvis Presley og Frank Sinatra - sistnemnde skildra han som «den aller største kjærleikssongen frå dei siste femti åra». På same tid vart «Something» òg eit symbol på den manglande respekten Harrison fekk som komponist – Frank Sinatra kalla songen for sin «favorittlåt av Lennon-McCartney». Sidan The Beatles ikkje spelte inn så mange av songane hans, hadde han ei ganske stor samling av songar som venta på å verte spelt inn då The Beatles vart oppløyst.

Soloartist[endre | endre wikiteksten]

George Harrison syng «Here Comes The Sun» på Wembley stadion.

Etter at The Beatles vart oppløyst i 1970 gav George Harrison fleire album som vart kritikarroste kommersielle sukessar. Med mange unytta songar frå tida med The Beatles vart det første albumet hans ikkje mindre enn eit trippelalbum, som då bestod av to vanlege plater med Harrison sine songar og ei tredje plate med vokallause improviserte opptak gjort av ei rekkje musikarar. Albumet vart òg det første trippelalbumet av ein enkelartist i historia.

Albumet inkluderte listetoppen «My Sweet Lord», men Harrison vart seinare saksøkt for å ha plagiert ein The Chiffons-singel frå 1963 med namn «He's So Fine». Harrison har nekta på at det var eit medvite tjuveri, men han tapte i retten i 1976. Kjenninga bygde på at Harrison hadde brukt ein «ubevisst plagiat» av Chiffon sin melodi som basis for sin song. Krangling over skadeerstatninga trekte inn på 1990-talet, då manager Allen Klein skifta side og kjøpte Bright Tunes som hadde gjeve ut «He’s So Fine» og så held fram rettsaka mot Harrison. Saka enda med at Harrison enda opp som eigar av begge songane. Uansett er det Harrison sin «My Sweet Lord» som i åra etter framleis er mest å høyre på radio og ikkje «He’s So Fine».

Veldedighetskonsert for Bangladesh[endre | endre wikiteksten]

Harrison var truleg den første rockmusikeren som organiserte ein stor veldedighetskonsert med The Concert for Bangladesh, som gjekk av stabelen den 1. august 1971 og trekte over 40 000 menneske til to konsertar i Madison Square Garden i New York for å skaffe naudhjelp til ti millionar flyktningar frå krigen i Bangladesh. Ravi Shankar, som sjølv kjem frå Bengal-området og som hadde vore sentral i å gjere Harrison merksam på den humanitær katastrofen som var i ferd med å skje, opna konserten. Avslutninga var ein sensasjonell opptreden av Bob Dylan, som etter ei motorsykkelulykke i 1966 knapt gjorde offentlege opptredenar (dette var den første på to år). Av andre fann ein Eric Clapton (som gjorde den første offentlege opptreden på månader på grunn av heroinproblemet sitt), Leon Russell, Badfinger, Billy Preston og Harrison sin gamle ven frå The Beatles, Ringo Starr.

Skatteproblem og omstridde utgifter førte til at unødvendig mykje av pengane frå konsertene vart forseinka, men trass dette genererte konserten og den etterfølgjande plata og filmen millionar av dollar til hjelpearbeidet. Plateselskapet Apple Records hadde i 2005 gjeve ut ein oppussa utgåve av konsertane på DVD og CD med ein god del ikkje tidlegare utgjeve materiale, mellom anna ei øving av «If Not For You» med Harrison og Dylan. Alle honorar frå salet går framleis til UNICEF.

I tillegg til sine egne songar frå denne tida skreiv og/eller produserte Harrison fleire songar for Ringo Starr («It Don’t Come Easy», «Photograph») og spelte òg på fleire songar for John Lennon («How Do You Sleep?»), Harry Nilsson («You’re Breakin’ My Heart»), Badfinger («Day After Day»), Billy Preston («That’s The Way God Planned It») og Cheech and Chong («Basketball Jones»).

Første møte med dalande suksess[endre | endre wikiteksten]

Det neste albumet til Harrison var Living in the Material World i 1973. «Give Me Love (Give Me Peace on Earth)» vart ein stor hit og «Sue Me Sue You Blues» var eit glimt inn i det tidlegare Beatles-medlemet sine dårlege erfaringar med jussen, men generelt syntes dei fleste at den religiøse tonen på albumet vart litt i meste laget.

I 1974 gav Harrison ut albumet Dark Horse og på same tid byrja ein omfattende konsertturne i USA, som vart kritisert for det lange opningsnummeret med Ravi Shankar & Friends, for den hese stemma til Harrison og dei stadige religiøse preikene hans til publikum. Albumet nådde høgt opp på listene i USA, men var ein fiasko i Storbritannia, som følgje av kombinasjonen dalande interesse og negativ kritikk. Singelen «Ding Dong, Ding Dong» fekk ei viss merksemd, særleg for den enkle songteksten som stort sett bestod av tittelen sunge om og om igjen, men han vart en radiofavoritt som ofte vert spelt i samband med nyårsfeiringar:

Ring out the old/Ring in the new
Ring out the old/Ring in the new
Ding-dong, ding-dong/Ding-dong, ding-dong

Gift på nytt[endre | endre wikiteksten]

Medan Harrison forberedte ein turne i 1974 i Los Angeles innvigde han kontora til det nye plateselskap sitt Dark Horse Records (distribuert av A&M Records) på La Brea Avenue. Her møtte han kvinna Olivia Trinidad Arias, som var rekruttert til å arbeide i selskapet saman med Terry Doran frå Apple og Jack Oliver, som var henta over frå London for å styre Dark Horse Records. Forholdet mellom Harrison og Arias utvikla seg under tida medan bandet øvde og det enda med at Arias slo følgje med George på turneen.

Harrison si tidlegare kone, Patti Boyd, hadde forlete han til fordel for venen Eric Clapton. Harrison skreiv ein satirisk song om paret, som vart spelt inn utan medmusikarar på albumet Dark Horse. Etter at Harrison møtte Olivia og ho vart busande fast hos han i Friar Park ved Henley-on-Thames i England, vart etter kvart forholdet til den gamle kameraten og eks-kona betre.

Etter turneen drog Harrison tilbake til England og pendla dei neste åra mellom heimen og Los Angeles, medan Dark Horse gav ut eit par innspelingar med artistar som Splinter, Attitudes og Ravi Shankar. Harrison planla òg å gje ut sine eigne plater på Dark Horse etter at kontrakten hans med EMI gjekk ut.

Nye plater og nye problem[endre | endre wikiteksten]

Stilt overfor mediaspekulasjoner om ei mogeleg gjenforeining av The Beatles, var George Harrison den som var minst villig til å kommentere teoriane og han fortalte pressa i 1974 at sjølv om han ikkje hadde noko imot å jobbe saman med John Lennon og Ringo Starr, kunne han ikkje tenke seg å vere i band saman med Paul McCartney igjen.

Det siste albumet hans for plateselskapet EMI (og Apple Records) var Extra Texture (Read All About It) som hadde omslag i tekstil og inneheldt to singlar «You» og «This Guitar (Can’t Keep From Crying)» som i 1975 vart den siste singelen til Apple.

Etter at Harrison tidleg i 1975 vart løyst frå den amerikanske kontrakten med Capitol Records, stod plateselskapet fritt til å nytte både innspelingar frå Beatles-tida og innspelingar frå solokarrieren på Apple på same plate. The Best of George Harrison kombinerte dei beste Beatles-songane hans med eit lite utval av soloarbeidet hans. Harrison gjorde klart at han var irritert over utvalet av songar og det faktum at han ikkje vart spurd om sine synspunkt. Plata kom ikkje inn på listene i Storbritannia.

Personlege og forretningsmessige problem hopa seg opp for Harrison i løpet av 1976 og då fristen for det første Dark Horse-albumet hans, kalla opp etter alderen hans på det tidspunktet – Thirty Three & 1/3 – nærma seg, leid han av hepatitt og makta ikkje å fullføre produksjonen. Etter at A&M truga med å saksøke han, kom Warner Bros. Records på banen og kjøpte ut Harrison sin Dark Horse-kontrakt frå A&M, noko som gav han tid til å få helsa tilbake.

Thirty Three & 1/3 vart hans mest suksessrike album frå slutten av 1970-talet og innehdlt songane «This Song» (ein satire over rettssaka om «My Sweet Lord») og «Crackerbox Palace» (ein humoristisk og surrealistisk sjølvbiografisk tilbakeskuande song, der tittelen refererte til namnet på komikaren Lord Buckley sin tidlegare heim i Hollywood i California, som Harrison hadde vitja og der ‘Mr. Grief’ i songen hadde vore Buckley sin manager).

Etter Harrison sitt andre ekteskap og sonen Dhani Harrison vart fødd, vart det neste albumet hans (1979) berre heitande George Harrison. Det inneheldt songar som «Blow Away», «Love Come to Everyone» og «Faster». Den første songen hadde ein minneverdig elektrisk slidegitar i introduksjonen og vart ein godt likt singel sist på 1970-talet.

Filmprodusenten[endre | endre wikiteksten]

Bok[endre | endre wikiteksten]

I 1980 vart George Harrison den første av Beatles-medlemmene som skreiv ei sjølvbiografisk bok; I Me Mine. Tittelen kom frå ein Beatles song han skriv i 1969. Tidlegare informasjonsmedarbeidar for The Beatles, Derek Taylor, hjelpte til med å skrive boka som opphavleg berre vart gjeve ut i dyr utgåve i lite opplag. Boka fokuserte mest på Harrison sine hobbyar som hagearbeid og racerbilkjøring.

Etter mordet på John Lennon i desember 1980 skreiv han om teksten på ein song han opphavleg hadde skrive for Ringo Starr til ein hyllest til Lennon. «All Those Years Ago» vart mykje spelt på radio. Alle dei tre gjenlevande Beatles-medlemmene spelte på songen sjølv om det uttrykkeleg var ein Harrison-singel. «Teardrops» vart gjeve ut som oppfølgjar, men vart ikkje like populær. Begge singlane vart gjeve ut på Somewhere in England i 1981.

Ei ny gruppe[endre | endre wikiteksten]

Ein Fender Stratocaster signert av medlemmene i supergruppa Traveling Wilburys.

Harrison kom tilbake i 1987 med det populære albumet Cloud Nine produsert i lag med Jeff Lynne frå Electric Light Orchestra og kunne glede seg over ein ny hit, nummer 1 i USA og nummer 2 i Storbritannia, med versjonen hans av James Ray sin «Got My Mind Set on You» frå 1960. Ein annan singel, «When We Was Fab» vart òg ein mindre hit. MTV spelte jamleg dei to videoane.

Mot slutten av 1980-talet vart bandet Traveling Wilburys danna etter initiativ av Harrison med Roy Orbison, Jeff Lynne, Bob Dylan og Tom Petty. Dei samla seg i garasjen til Dylan for å spele inn ei B-side til ein singel av George Harrison. Plateselskapet meinte at songen «Handle With Care» var altfor god til å berre verte ei B-side og spurte om det var mogeleg å lage eit heilt album med denne besetninga. Sidan Bob Dylan skulle ut på konsertturne hadde dei berre to veker på å fullføre prosjektet. I oktober 1988 kom Traveling Wilburys Vol 1 spelt inn med pseudonym som halvbrør. Albumet vart populært og av Rolling Stone omtalt som eitt av dei hundre beste albuma gjennom tidene.

Filmproduksjon[endre | endre wikiteksten]

I denne perioden var Harrison involvert i filmproduksjon via selskapet hans Handmade Films. Sidan barndommen hadde The Beatles vore tilhengjarar av den tøyleslause humoren til The Goons og Harrison vart trugen tilhengjar av arvtakarane deira, Monty Python. Harrison skaffa den finansielle støtta til Python-filmen Life of Brian etter at den opphavlege støtta, EMI Films, trekte seg fordi filmen kunne verte for kontroversiell. Andre filmar som vart produsert av Handmade Films var Mona Lisa, Time Bandits, Shanghai Surprise og Withnail and I. Harrison hadde fleire cameo-opptredenar i desse filmene, inkludert som nattklubbsongar i Shanghai Surprise og som Mr. Papadopolous i Life of Brian.

Ein tilbaketrekt beatle[endre | endre wikiteksten]

I byrjinga av nittiåra kom det eit nytt Traveling Wilburys-album, trass i at Roy Orbison hadde døydd i mellomtida. Gruppa hadde tilsynelatande tenkt å erstatte han med Del Shannon, men òg han døydde i same tidsrom. Albumet vart derfor spelt inn med berre fire mann. Albumet slo ikkje like godt an som det første.

I 1991 drog George Harrison på ein konsertturne i Japan saman Eric Clapton. Det var den første turneen hans etter den mislukka USA-turnen i 1974 og sjølv om han openbart hadde glede av han, vart han òg hans aller siste. Konsertane vart spelt inn og resultatet vart albumet Live in Japan.

På høgdpunktet av britpop-bølgja i 1995, ei retning som òg var påverka av musikken til Harrison, vart han involvert i ein feide med Gallagher-brørne frå bandet Oasis. Som trufaste fans av The Beatles vart brørne fornærma då Harrison refererte til musikken deira som «tåpeleg» og «ein forbipasserende trend». Noel Gallagher svarte med å sei «George har alltid vore den stille i The Beatles, kanskje han skulle halde fram med det».

Kanskje som følgje av mange år med sigarettrøyking vart Harrison råka av kreft og gjennom resten av 1990-åra slost han med sjukdommen. Han fekk først fjerna ein svulst frå strupa og seinare frå lungene.

Harrison vart utsett for eit attentatforsøk 30. desembe] 1999. En psykotisk tilhengjar, Michael Abram, braut inn i heimen hans i Friar Park ved Henley-on-Thames og knivstakk Harrison fleire gonger.

I 2001 spelte Harrison som gjestemusikar på Electric Light Orchestra-albumet Zoom. Han skreiv ein ny song, «Horse to the Water», som vart den siste innspelinga hans, i lag med Jools Holland på Holland-albumet Small World, Big Band.

George Harrison i Vrindavan.

George Harrison døydde i heimen til ein ven i Los Angeles i California den 29. november 2001 i ein alder av 58 år. Dødsårsaka var lungekreft som hadde spreidd seg til hjernen.

Den 29. november 2002, på årsdagen for dødsfallet hans, vart det halde ein minnekonsert, Concert for George, i Royal Albert Hall i London. Dei to gjenlevande Beatles-medlemmene Ringo Starr og Paul McCartney spelte, samt ei rekkje vener.

Harrison vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som soloartist den 15. mars 2004.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]