Huang Xian-fan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Huang Xian-fan (13. november 189918. januar 1982) var ein kinesisk historikar, etnolog, professor. Han var internasjonalt kjend som kulturhistorikaren til zhuangfolket.[1]

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Huang Xian-fan var fødd i bygda Qusi i Fusui fylke. Han tok eksamen ved Fusui skole i 1921. Examen artium tok han som privatist ved Guangxi Nannings lærarskole i 1922 og han nytta dei fire åra her flittig ved å studere historie, geografi og engelsk. Han tok eksamen ved Nannings lærarskole i 1926. Han fortsette desse studia ved Lærar Universitetet i Beijing der han var frå 1926 til 1935 og han nytta dei ni åra her flittig ved å studere historie, slektsforsking, engelsk, japansk, folklore, arkeologi, sosiologi, filosofi, psykologi og gammal skrift. Han fullførte sitt trebandsverk 'Kinesisk generell historie' i 1934, og tok embetseksamen i historie i 1935. Seinare studerte han arkeologi, japansk historie og kultur ved Universitetet i Tokyo i to år.

Virke[endre | endre wikiteksten]

I 1937 drog Huang Xian-fan tilbake til Kina. Han var lærar ved Nanning private middelskule 1937-1938. I 1938 vart han tilsett som universitetslektor i historie og geografi ved Universitetet i Guangxi, og amanuensis i historie same stad 1940–1941. Han var professor i historie ved Sun Yat-sen Universitetet i Guangdong mellom 1941 og 1942. Han var den første professor i Universitetet ved eit Zhuangs historie.[2]Han var professor i historie ved Lærar collegium i Guilin mellom 1942 og 1943, og professor i historie ved Universitetet i Guangxi (1943-1953). Frå 1954 til 1982 var han professor i historie ved Lærarskulen i Guangxi. Huang Xianfan døydde 18. januar 1982 i Guilin i Guangxi.[3]

Frå 1934-talet og framover har gav han ut ei rekkje verk og artiklar om kinesisk historie, folklore, etnologi, antropologi og minoritets- og etnisitet-historie. I Kina er han mest kjend for bøker om Zhuangs historie[4] og Nong Zhi Gao. Mange av bøkene hans, til dømes Zhuangs historie, har skapt debatt.

Utgjevingar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Internasjonalt kjend Zhuangs kulturhistorikar: Huang Xianfan, Nanning Daily, 20. oktober 2008.
  2. Huang Xian-fan, Guangxi Nation Daily, 31. desember 1999; Kinesiske Trykk og Publikasjons Daglig, 22. oktober 2008.
  3. www.china.com.cn/中国网 :kinesisk etnolog:Huang Xian-fan
  4. Engelsk Wikipedia: General History of the Zhuang
  5. Zhuangs historie

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Chen Jisheng: Bagui-skole, Guangxi samfunnsfag, volum 7-11, 2008,ISSN 1004-6917. [1]
  • Mo Jun: Zhuangs professor - Huang Xian-fan, Guangxi Daglig, 9. mars 2002.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Huang Xian-fan